Fokus på fysisk aktivitet, i ein kvardag der vi vert meir og meir stillesitjande, er viktig for helsa til den enkelte. Bedrifter som fokuserer på fysisk aktivitet og trening viser at dei tek sine tilsette, og helse, på alvor. Hovudorganisasjonen Virke gjorde i 2012 ei stor undersøking om bedrifter og trening. 85 prosent av arbeidsgivarane meiner at trening betrar helsa til dei tilsette.

Gruppetime eller individuell trening

Vi har to typar bedriftsavtalar, gruppetime eller sponsa medlemskap. Gruppetimen er eit lukka tilbod til bedrifta, der ein har avtalt eit fokusområde (kondisjon/styrke etc.) og eit visst tal på økter. Dette er eit populært tilbod, mange tilsette nyttar seg av det. I tillegg til at det gir god helse og stressmestring, er det sosialt og kjekt!
Sponsa medlemskap er eit alternativ som også er mykje brukt. Bedrifta har ein avtale med ToppTrening, slik at kvar enkelt tilsett har eit individuelt medlemskap. Det gir større friheit slik at den tilsette kan trene når det måtte passe. Sponsa medlemskap er eit fullverdig medlemskap, der ein har tilgang til alt, både styrke-, kondisjon- og gruppetrening. For den tilsette gir sponsa medlemskap redusert etablering (i begrensa periode) og redusert månadskostnad. Nokre bedrifter sponsar heile månadsbeløpet, andre sponsar halve, eller ingenting. Det er opp til bedrifta å bestemme.

Ynskjer bedrifta di meir informasjon om treningsavtale på ToppTrening? Kontakt oss i dag