Nye bookingrutiner

Frå 1. desember 2017 går vi vekk frå å nytte «Min side» via kundesystemet som bookingsystem, til å nytte appen frå «MyWellness».

Slik kjem du enklast i gang:

  1. Klikk her for å opprette ein MyWellness-konto. Alternativt kan du kontakte resepsjonen og be om hjelp der.
  2. Last ned MyWellness-appen frå App-store (iPhone) eller Play butikk (Android) og logg deg inn med epostadressa du brukte for å opprette MyWellness-konto, og det passordet du laga sjølv.
  3. Hugs å aktivere kontoen din! Du får tilsendt ein epost der du gjer dette.
  4. Vi hjelper deg gjerne i gang! Ta med telefonen når du er på trening, så vil våre tilsette installere appen for deg.
  5. Timeplan på nettsidene våre finn du her.

Klikk her for å oppretta MyWellness-konto. Fyll inn informasjonen som vert etterspurt, så er du igang!

Slik kan du reservere/avbestille plass på timar:

  • Via «MyWellness» – appen
  • Ved bruk av «MyWellness»-nøkkelen på kiosken på ToppTrening
  • Ved å ta kontakt med resepsjonen slik at resepsjonisten kan booke for deg
  • Via nettsida til ToppTrening – denne funksjonen er under utvikling, og vil kome snart.

Kvifor byttar vi system?

  • For å gjere bestilling og avbestilling av gruppetimar enklare
    • med «MyWellness» appen slepp du å logge inn med brukarnamn og passord kvar gong. Du opnar appen og er automatisk innlogga.
    • Du kan lettare avbestille timar, inntil 15 min før timen startar
    • Brukarvenleg oppsett og alltid oppdatert
  • Samle alt på ein plattform
    • Med «MyWellness» kan du få treningsprogrammet ditt på telefonen og ha det med deg overalt
    • Med appen kan du også registere aktivitet du gjer utandørs, som fjellturar eller sykkelturar
    • Samankoble informasjon frå Strava, MyFitnessPal, Polar m.fl.
  • Motivasjon!
    • Med «MyWellness» kan du velje å delta på konkurransar som er motiverande og engasjerande.

Klikk her for å oppretta MyWellness-konto. Fyll inn informasjonen som vert etterspurt, så er du igang!