Desse reglane gjeld for booking/reservasjon gjennom «Min Timeplan»

  1. Reservasjon av gruppetimar opnar 3 dagar før.
  2. Reservasjon av timar kan gjerast via «Min side» inntil 15min før timen startar, eller via bookingstasjonen i resepsjonen fram til timen startar.
  3. Avbestilling av reserverte timar kan gjerast på «Min side» inntil 2 timar før timen startar. Deretter må avbestilling skje via telefon/resepsjonen Tlf. 700 69 433. Ein kan også sende e-post til post@topptrening.no.
  4. Det er 10 plassar på venteliste. Dersom nokon avbestiller, og du står på venteliste, får du automatisk plass, og varsling via SMS. Får du plass, men ikkje kan møte, må timen avbestillast.
  5. Innsjekking på reserverte timar opnar 2 timar før timen, slik at du kan registrere deg på dobbeltimar (t.d. sykkel og styrkemix m.m.)
  6. Du må alltid ha med deg nøkkelkortet for å sjekke inn på gruppetimar
  7. Du «mister» plassen din 1 min før timen startar. Personar som står i kø får plassane til dei som ikkje møter.
  8. Alle som skal på gruppetimar må vere innsjekka, dvs. at du må ha kvittering eller deltakarlapp (det får du i resepsjonen ved «bookingstasjonen»)
  9. Reserverte timar som ikkje er avbestilte/ikkje møtt, vert handsama slik (gjeld kvart halvår): 1.gong = advarsel pr. epost. 2.gong = Faktura kr 100,-.
  10. Du kan reservere gruppetimar via «Min side» 24 timar i døgnet.
  11. Gruppetimar som har låg deltaking 4 veker på rad, kan gå ut av timeplanen.