ToppTrening har iløpet av sommaren inngått avtale om «Rent senter» med Antidoping Norge. Dette fordi vi ynskjer eit reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø. Vi synest det er viktig å ta eit tydelig standpunkt og ha klare og gode holdningar på dette området. Eit samarbeid med AntiDoping Norge var difor natrulig.

Kva betyr dette for deg som kunde?

For deg som kunde betyr dette tryggheit, og eit reint og trivelig treningsmiljø. Det betyr også at alle som har avtale med oss må godta vår antidoping policy. Sidan 2013 har alle som har signert avtale med oss, godtatt dette vilkåret, men no har vi også moglegheit til å innkalle kundar til samtale (ved mistanke om doping) og vidare innkalle til dopingkontroll utført av AntiDoping Norge.

Dei tilsette vert også kursa i AntiDoping Norge sitt antidoping arbeid, korleis oppdage og handtere mistanke om doping, kjennskap til ulike dopingmiddel og rettigheiter både kunden og senteret har.

I desse dagar jobbar vi med å informere kundane om endringane i medlemsvilkåra, og håpar at dette skal skape eit godt, helsefremjande og  sunt treningsmiljø hos oss.

 

Eit utdrag av medlemsvilkåra kan du lese her:

«Som medlem av ToppTrening tek eg avstand frå å nytte dopingmiddel, og eg er kjend med at bruk av dopingmiddel utgjør eit vesentlig misleghald av medlemsavtalen, som gir ToppTrening rett til å heve avtalen med umiddelbar verknad.

Eg forpliktar meg til ikkje å nytte dopingmiddel som står på særskild dopingliste for treningssenter. Eg er kjend med at lista kan finnast på www.rentsenter.no «

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *