Kva timar passar for meg?

Klikk for sjå fleire alternativ

 

Gruppetimar

Kva motiverer deg?! Ta aspirasjonstesten for å finne ut kva gruppetimar som passar deg. Testen kan du ta her.

Når du veit om du er «Fun», «Move», «Shape», «Power»,«Balance» eller «Sport» kan vi tilrettelegge eit treningsprogram som hjelper deg å halde motivasjonen din oppe, og ikkje minst; inspirere deg til ein aktiv kvardag på dine premissar!

Timeplanen er merka og fargekoda med dei ulike «aspirasjonane» slik at du enkelt kan velje dei timane som passar best for deg

BasisBall

Basistrening med bruk av medisinball. BasisBall er komplett trening som utfordrar heile kroppen. Her er styrketrening, balanse, mobilitet og koordinasjon sett i system. Uansett utgangspunkt kan treninga tilpassast ugangspunktet. Enkle, rå og effektive treningstimar som du garantert kjem i betre form av. Innanfor Basisball er det fleire konsept.

Raw
Funksjonell styrke Basistime med fokus på funksjonell styrke med BasisBall. BasisBall Raw tek føre seg allsidig trening av heile kroppen, og skal vere med på å bygge opp rå fysikk. Individualisering av øvingar og nivå. BasisBall Raw passar for litt trent til godt trent.

4×4
Basistime med fokus på intervalltrening. BasisBall 4×4 er effektiv kondisjonstrening med vekselvis høg og låg intensitet. Timen er inspirert av intervallprinsippet med same namn. Individualisering av øvingar og nivå. BasisBall 4×4 passar for litt trent til svært godt trent. 4×4 er ein time for deg som vil trene hardt og effektivt.

CenterCore
Denne timen har fokus på kjernemuskulatur, balanse og stabilitet. Ein roligare time etter Body&Mind-prinsippet.

RIT
Ein BasisBall og hoppetau-time. High Intensive Interval Training (HIIT). Timen er inspirert av «Spartacus Workout», treningsmetoden til gladiatorane i Roma. Denne timen gir deg ei ny oppleving av intervall med basisøvingar. 

Step/Styrke

Kondisjonstrening med trinn og kombinasjonar på kasse som kan stillast i ulike høgder. Styrkedelen inneheld øvingar for armar/skuldre, bein og mage/rygg. Utstyr som vert brukt: step, strikk og manualar. Passar for: Vidarekomne

Stram opp

Kombinasjonstime med fokus på kondisjons- og styrketrening. Enkle trinn på golvet til fengjande musikk og styrkeøvingar for heile kroppen.. Ein time du verkeleg kjem i form av! Passar for: Alle

Aerobic

Kondisjonstrening med enkle trinn og kombinasjonar på golvet til drivande og rytmisk musikk. Her får du opp kondisen! Styrkeøvingar for heile kroppen på slutten av økta. Passar for: Alle.

Sirkeltrening

Legg grunnlaget til fjellturen her! God, «gammaldags», stasjonstrening etter intervallprinsippet. Arbeidsperioder på 45 sek og 15 sek pause. Oppvarming: Lett aerobic. Instruktøren sørgjer for at du gjer øvingane rett! Passar for: Alle

Styrke m/vektstang

Styrketrening med vektstang og vektskiver inntil 32 kg, som legg til rette for progresjon i treninga. Utfordrande styrketrening med god rettleiing som sikrar rett utføring og teknikk.

Minibands og strikk

Styrketime der vi nyttar strikk som motstand. Vi nyttar både små «minibands» til øvingar for sete, hofte og bein. Vi nyttar også strikk med handtak til øvngar for øvrig musulatur for overkropp – armar, skuldre og rygg. Strikk gir ei unik moglegheit til å regulere motstand til ditt utgangspunkt, og det er effektiv trening for styrke! Prøv idag!

Styrke med kroppsvekt

Dette er ein styrketreningstime der ein i hovudsak brukar eigen kropp som vekt. Det er enkle øvingar med fleire alternativ slik at du kan velgje det  som passar deg best. Vi trenar heile kroppen. Timen passar godt for utrent og trent, nye og erfarne.

Smidig og Sterk

Flyt, presisjon, pust og tilstedeværelse. Styrk kroppen med rolige rørsler som utfordrar både smidigheit og kjernemusulatur. Fokus på konsentrasjon, kontroll og kjernemuskulatur. Reduser stressnivå, senk skuldrane og styrk kroppen. Body & Mind – time.

Happy hips

 I happy hips fokuserer vi på å strekkje, styrke og balansere hofte-/bekkenområdet. Happy hips, eller glade hofter, er viktig for ei sunn ryggrad og velvære i heile kroppen. Timen passar for dei aller fleste. Vi sit i utvalde yoga-stillingar i 3-5min. Her arbeider vi med å stimulere energikanalane og deira tilknyting til aktuelle organ i kroppen. Gjennom lange og djupe pust senkar vi produksjonen av stresshormon, samt stimulerer bindevevet i kroppen til å sleppe spenningar. Målet med økta er auka velvære, glade hofter og mindre spenningar.

Mage og Rygg

Tradisjonelle og funksjonelle styrkeøvingar for mage og rygg, der ein jobbar med eigen kropp som belastning. Øvingane foregår på matte på golvet. Passar for: Alle!

Tabata

Tabata er ein kort og effektiv utholdande styrketime med høg intensitet. I tabata jobbar ein etter intervallprinsippet 20/10 (20 sekund innsats, 10 sekund pause). Hos oss varer eit intervall i 4 min, og vi køyrer 5 intervallar i løpet av timen. Det er ulike øvingar med både kroppsbelastning eller ytre belastning. Møt gjerne ferdig oppvarma til økta. Ta utfordringa og bli med!

OmniaExpress

OMNIA er funksjonell styrketrening i små grupper. Vi held til i styrkeavdelinga, og øvingane foregår i OMNIA-treningsstasjonen. Dette er funksjonelle styrkeøvingar som utfordrar deg på ditt nivå. Maks 12 deltakarar. Nivåinndeling på øvingar. Dette er for deg som ynskjer større utfordring enn tradisjonell sirkeltrening, og som likar å jobbe kort og intensivt.

Balansegruppe

Balansegruppe er eit samarbeid mellom Fysio1 og ToppTrening. Instruktørar er fysioterapeut Erik D. Tonnessen og Thomas Ose Silseth. Her er plass til 10-14 deltakarar. Deltakerne går 2 og 2 saman, der den eine trenar/jobbar medan den andre har pause/fungerer som støtte for den andre. Postane skal innehalde balansetrening i ståande posisjon på ustabilt underlag, balansetrening utan bruk av syn, balansetrening ved forflytting og styrke. Påmelding.

Sykkelsal

I sykkelsalen har vi 29 syklar med kombipedal. 26 av syklane er watt syklar med individuelle display, der får informasjon om distanse, watt, hastigheit og mykje meir. Sykling er kondisjonstrening utan serskilde krav til koordinasjon. Video og intensitetsprofil på storskjerm bidreg til at timen går unna som ein leik! Instruktøren styrer musikken som gir deg motivasjon til å «ta i». Her kan du finne ein time som passar ditt nivå. Alle timane inkluderer oppvarming, nedtrapping og lett uttøying.

Sykkel I

Sykkeltime med lett/moderat intensitet. Timen er oppbygd mot to til tre pulstoppar og har kortare ståande perioder. Ein nyttar midtre del av tempo-skalaen. Ein sykkeltime for deg som vil legge grunnlaget, betre kondisjonen eller ha deg ei litt kortare sykkeløkt. Godt utgangspunkt for vidare utvikling. Intensitet: sone 1-3. Passar for: Alle

Sykkel II

Ein hardare time enn sykkel I, med høgare intensitet og 3-5 pulstoppar. Lengre ståande perioder og høgare tempo – vi nyttar heile temposkalaen frå lågt til høgt tempo. Intensitet: sone 1-4. Passar for: Vidarekomne.

Sykkel III

Sykkel 3 varer 75 min. Timen er oppbygd slik: 10 min oppvarming, 55 min hovuddel og 10 min nedtrapping. Hovuddelen er inndelt i 4 bolkar, og i kvar bolk jobbar ein seg opp til ein pulstopp i sone 4. Elles ligg intensiteten i sone 3. Ei herlig og god sykkeltime for deg som vil forbedre kondisjonen

Sykkel intervall

Sykkel intervall er ein sykkeltime etter intervallprinsippet. Intervalltimen vil variere mellom kortintervall, pyramide og langintervall. Intervall er ein time med tydelige arbeidsperiodar og pausar. Ein god måte å raskt auke kondisjonen sin på. Anbefalast!

Finn ditt sykkelnivå

Sykkeltime der du finn din wattterskel verdi (FTP). Dette brukar vi som utgangspunkt på mange av sykkeltimane, og er ei god moglegheit for deg å måle framgangen din på. Testen varer i 20 min, og du finn ditt utgangspunkt for sykkeltimane vidare. Anbefalast på det varmaste! Passar for alle, nyrbyrjar som erfaren.

 

Vi har eit stort utval av gruppetimar, både på dag- og kveldstid. Usikker på kva som passar deg? Spør oss om råd!