Treningsrettleiing – inkludert

Vi er opptatt av at du skal oppnå gode treningsresultat på ein rask og effektiv måte, samtidig som ein unngår belastningsskader. Alle nye kundar får tilbod om rettleiing, med oppsett av eit individuelt tilpassa «kom-i-gang» program. Trengst det justeringar eller endringar undervegs, er dette inkludert. Har du ei vond skulder? Slitasje i kne eller rygg? Stiv nakke? Alle treningsrettleiarane våre har formell utdanning innan trening og treningsrettleiing, så spør oss gjerne om råd.

Frivekter og teknikktrening – Pris kr. 350,-

Har du trent styrke i apparat, og kunne tenkje deg meir styrketrening med frivekter? Er du usikker på om du gjer øvingar rett, eller vil ha rettleiing på teknikk? Er du lei styrkeprogrammet ditt og vil ha ny utfordringar? Vi set opp splitt-program eller andre styrkeprogram etter ynskje, og brukar tid på teknikktrening og «spotting». Dette er ei god investering for å gjere øvingane korrekt.