Bookingen er ordna

Bookingsystemet datt ut i går kveld. I dag har vi fått ordna opp i problemet! Vi har endra domeneplassering, og det var under flytting av dette at det oppstod eit lite problem. Bookingen er open igjen, og du kan reservere favoritt-timane dine for dei neste tre dagane 😉

Sunnare kosthald

5 tips til sunnare kosthald og livsstil:

1. Meir frukt og grønsaker – det gir deg fiber, vitaminar, mineral og antioksidantar, utan at det gir deg mykje kaloriar. Avslutt gjerne treninga med ein fargerik smootie

2. Ta tran, spesielt om du ikkje får i deg fiskemåltid 3 gongar i veka. Då får du i deg livsviktig omega-3, og du sikrar inntak av vitamin D

3. Tenk grovkarbo! Unngå raske karbohydrat som sukra drikker, kaker, godteri og bollar. Ved å få i deg grove karbohydrat held du jamnare blodsukker, unngår søtsug og reduserer risikoen for å overete.

4. Balanse i «kalorirekneskapen» – Ved stabil vekt har ein balanse i inntak av kaloriar og forbruk. Ynskjer ein vektreduksjon, ein enten redusere inntaket (få i seg færre kaloriar) , auke forbruket (meir fysisk aktivitet), eller gjere begge deler.

5. Realistisk målsetting! Skal du igang med endringar, er det viktig med realistiske målsettingar. I tillegg tek det tid å endre vanar! Ein ny livsstil kjem ikkje over natta, men små endringar er lettare å forholde seg til enn store omveltingar. Start med EIN ting, prøv nokre veker, før du gjer fleire endringar.

Kjelde: http://bramat.no/kosthold/livsstil/838-et-sunnere-2013

Meld deg på ein bungee-time

Vi er godt i gang med Bungee-timane, og så langt har responsen vore veldig positiv! Knallhard, men effektiv kondisjonstrening, som gir eit fantastisk velbehag etterpå. Denne veka har du sjansen til å prøve bungee tysdag kl 2015 og søndag kl 1130. Har du enno ikkje prøvd, så er det ingenting å vente på, påmelding skjer via bookingsystemet. Vi testar også ut bungee på idrettsungdom denne veka, meir om det seinare.

Klikk her for å gå til booking.

Styrketrening for eldre

Eldre i vinden! Det blir fleire eldre, og vi har ikkje nok sjukeheimsplassar til alle. Bør det ikkje vere ei målsetting at fleire eldre klarer seg sjølv lengre? Vil ikkje det vere godt for sjølvverd og sjølvrealisering? For livsglede og helse? Det er muskelmassen som forsvinn først. Eldre kan trene tung styrketrening på lik linje med yngre, men dei vil ha mykje meir att for det. Så det er berre å kome seg opp av godstolen, ta seg 10 knebøy og løfte handlenetta 10 gonger før ein set dei ned. Styrketrening for eldre er eit middel for å behalde ei god fysisk og psykisk helse!

Klikk her for å lese meir om temaet.