Les nyheitsbrevet og få viktig informasjon om året som gjekk, nye investeringar, prisjustering frå 1.januar 2019 og julekalender i desember!
Energi, helse og trivsel i fokus
Les nyheitsbrevet og få viktig informasjon om året som gjekk, nye investeringar, prisjustering frå 1.januar 2019 og julekalender i desember!
ToppTrening står for kvalitet i alle ledd, dette omfattar også treningsutstyret! I samarbeid med ein av verdas største leverandørar av treningsutstyr, Technogym levert av Qicraft Norway AS, får du eit treningssenter fullspekka med det nyast og beste utstyret på marknaden!
Med nytt utstyr blir det enklare å nytte «MyWellness» – appen i treninga. Vi veit at treninga og aktiviteten din ikkje berre skjer på treningssenteret, og med nye funksjonar i utstyret kan du no springe favorittløypa di utandørs inne på våre nye SkillRun møller. Vi er opptatt av heile livsstilen, og med MyWellness-appen kan du registere all aktiviteten din, også det du gjer heime og ute.
På det nye kondisjonsutstyret vil du lett kunne fortsette å sjå favorittserien din på Netflix, eller få videoinstruksjon om korleis du skal utføre treningsøkta di. Vi hjelper deg igong!
Alle dei nye styrkeapparata vil ha fargeskjerm som viser deg korleis du kan stille inn apparatet, og undervegs i treninga får du informasjon om korleis du skal utføre rørsla. Endelig er teknologi enkelt! Skjermane er intuitivt sjølvforklarande, men dersom du ikkje er så kjend med teknologien, så frykt ikkje, vi hjelper alle.
I samband med oppgraderinga av utstyrsparken, må vi halde stengt to dagar i desember. Det er onsdag og torsdag 12 – 13 desember. NB! Med atterhald om endringar frå fraktselskapet! Meir informasjon om dette får du ved å følge oss på facebook.
Nytt utstyr gir også nye moglegheiter. Frå nyttår startar vi difor opp med «bootcamp» timar. Dette er gruppetimar som vil utfordre atleten i deg, og vi ser verkeleg fram til å starte opp med desse timane!
Tysdag 25.september konverterte vi til nytt kundesystem!
Kva må du som kunde gjere?
Vi anbefalar å laste ned ToppTrening – appen! Her får du tilgang til booking-tenester til gruppetimar og personlig trening, samt at du kan administerere medlemskapet ditt. I tillegg får du moglegheita til å opne ytterdøra via appen. For alle som ikkje ynskjer nøkkelkort, er tilgang via appen ein stor fordel.
Dette gjeld også for dei som treng tilgang til ToppTrening utanom bemanna resepsjon. Du kan kjøpe medlemskap i appen, og få tilgang umiddelbart etter at kjøpet er gjennomført. Det gjeld både Drop In og abonnement.
Som kunde på ToppTrening får du moglegheita til å nytte to appar. ToppTrening appen gjeld medlemskapet og kundeforholdet til ToppTrening. MyWellness-appen gjeld treningsaktiviteten, livsstil, treningsprogram, progresjon og utfordringar.
Spør oss gjerne om råd og rettleiing! 🙂
Kva betyr det for deg som kunde?
Nokre av funksjonane du får tilgang til er:
Meir informasjon om kva du treng å gjere for å få tilgang kjem!
No kan alle som går i 10.klasse og oppover melde seg på kurset, og ta «Studio-lappen»! Då kan du trene åleine i styrkeavdelinga i heile opningstida. Kurset er for medlemmar, og er gratis!
Kursdagar og innhald:
Tysdag 4.sept – kl. 15.15- 16.15: Introduksjon til kurset (teori), trening med kroppsvekt (praksis)
Tysdag 11.sept– kl. 15.15- 16.15: Teknikktrening baseøvingar (praksis)
Tysdag 18.sept – kl. 15.15- 16.15: Ernæring og trening (teori), basistrening kjernemuskulatur (praksis)
100% deltaking er naudsynt for å kunne fortsette å trene åleine på ToppTrening.
Kva må du som deltakar gjere?
Møt opp på ToppTrening i god tid til kvar økt. Ver klar i treningskle før start. Vi forventar aktiv deltaking på øktene, både på teori- og praksisdelen.
Kursleiar: Trude Flø Johnsen
Påmelding til post@topptrening.no
ToppTrening har ope heile sommaren, men noko redusert opningstid i resepsjonen.
Ynskjer du sommartrening og abonnement med nøkkelkort kan vi enkelt ordne dette ved at du tek kontakt med oss på epost.
Respsjonen er betjent måndagar og onsdagar kl 17 – 19.
I tillegg er vi tilgjengelig på dagtid, måndag – torsdag mellom kl 9 – 13 frå 1.juli – 20.juli.
Slik får du tilgang i sommar:
Vi har gruppetimar heile sommaren – oversikt finn du her: TIMEPLAN
Ynskjer du å reservere plass på førehand må du laste ned MyWellness-appen! Spør oss gjerne om hjelp til å kome igang 🙂
God sommartrening frå oss på TT!
Hos oss kan du trene i heile sommar! Vi har gruppetimar gjennom heile sommaren, samt utetreningar og sjølvsagt eigentrening i styrkeavdelinga. Hald forma vedlike med gode tilbod:
Tilbodet gjeld frå 10.juni – 10.august 2018
Med nøkkelkortet har du tilgang kl 0600 – 2300 kvar dag.
Kontakt oss på post@topptrening.no og vi lagar alt klart til deg! Då treng du ikkje å kome innom i resepsjonstida, men vi lagar alt klart på førehand, og tek kommunikasjonen på epost.
TOPPtrent til sommaren?
Bli med på årets sommar-utfordring 😀
20 økter på 48 dagar – klarer du det? JA!
Utfordringa finn du i MyWellness-appen. Meld deg på idag og kom i knallform til sommarferien.
Desse øktene er teljande i utfordringa:
Alle gruppetimar – inkludert organiserte utetreningar i TT-sin regi
Alle sykkeltimar
All trening utført på ToppTrening registrert i MyWellness-appen
All trening utført med TGS-nøkkelen
Dobbeløkter (sykkel + mage/rygg) tel som 1 økt.
Her finn du timeplanen for mai – 17.juni. Få også med deg utfordringa vi har i MyWellness-appen! Klarer du 20 økter på 48 dagar? Hugs å reservere gruppetimar, møt opp og kom i TOPPform til sommaren! 🙂
Timeplanen finn du HER