Reglar for booking gruppetimar

BOOKING

  1. Reservasjon av gruppetimar er mogleg 4 x 24 timar før gruppetimen startar.
  2. Reservasjon av timar kan gjerast via ToppTrening appen på mobil/nettbrett, eller via PC og www.topptrening.no – klikk deg inn på gruppetimar og logg inn med epost og passord.

Vi oppmodar alle til å melde seg på gruppetimar med intensjon om å møte på timen, og at terskelen for å melde seg av er høg. Unngå å tinge plass for å «sikre deg» plass, for deretter å melde deg av rett før avbestillingsfristen.

AVBESTILLING

  1. Avbestilling av reserverte gruppetimar kan gjerast via same metode, inntil 2 timar før timen startar. Deretter må avbestilling skje via melding til resepsjonen – ring 70069433.

Det er kunden sitt ansvar å sørge for å gi beskjed til ToppTrening. Vi veit at uføresette situasjonar kan oppstå, difor har ein høve til å melde seg av etter avbestillingsfristen. Dette kan gjelde ved ulykker, akutt sjukdom, stengte vegar eller liknande.

VENTELISTE

  1. Det er nummerert plass på venteliste. Dersom nokon avbestiller, vil den som er først på venteliste få plass automatisk. Dette skjer automatisk inntil 2 timar før timen startar. Deretter er det oppmøte i resepsjonen som gjeld. Står du på venteliste, er det den som står på venteliste, og som har møtt opp i resepsjonen som har førsterett.
  2. Får du melding om at du har fått plass på ein gruppetime, gitt at du har stått på venteliste, må du melde deg av dersom du ikkje kan møte. Same avbestillingsreglar gjeld som ovanfor. Du får automatisk plass på gruppetimen inntil 2 timar før timen startar, dersom du står på venteliste og det blir ein ledig plass.
  3. Avbestillingar etter avmeldingsfristen vert handtert slik: ToppTrening tek kontakt med første person på ventelista. Personen vert booka inn på ledig plass eller avmeldt ventelista.
  4. Personar som står på venteliste, og møter i resepsjonen før gruppetimen startar, har prioritet på evnt ledige plassar. Hugs å melde frå til resepsjonen om at du er komen.
  5. NB! Står du på reserveliste, men har ikkje høve til å møte, må du melde deg av.

REGISTRERING AV OPPMØTE/NO SHOW

  1. Alle som skal på gruppetimar må vere innsjekka, dvs. at du må ha registrert nøkkelkortet/inngang via app, innan 5 min før timen startar.
  2. Du «mister» plassen din 5 min før timen startar dersom oppmøtet ikkje er registrert. Personar som står i kø ved resepsjonen får plassane til dei som ikkje møter.
  3. Reserverte timar, utan at personen møter vert registrert som «no show» vert behandla slik:
    – 3 tilfeller av «no show» iløpet av 30 dagar vil automatisk føre til 30 dagar utestengelse av bookingteneste online (via app eller nettside).
    – Dette er ei automatisk teneste og det er difor viktig at du får registrert oppmøtet med nøkkelkortet/app.
    – Er du utestengt frå bookingen, kan du reservere gruppetimar ved personlig oppmøte i resepsjonen.

  4. Du kan reservere gruppetimar online/via app 24 timar i døgnet.