TT-NYTT!

Les den fantastiske historia til Per Lund, som har gått ned 40 kg ved hjelp av trenings og kosthaldsendringar!

ToppTrening lanserer TT-NYTT der vi delar kundehistorier, informasjon om aktivitetar på senteret, samt tips og råd kring trening. Første utgåve kjem no, og vi har ambisjonar om 3-4 utgåver i året.

Les heile nyheitsbrevet her:

«Studio-lappen»

No kan alle som går i 10.klasse og oppover melde seg på kurset, og ta «Studio-lappen»! Då kan du trene åleine i styrkeavdelinga i heile opningstida. Kurset er for medlemmar, og er gratis!

Kursdagar og innhald:

Tysdag 4.sept – kl. 15.15- 16.15: Introduksjon til kurset (teori), trening med kroppsvekt (praksis)

Tysdag 11.sept– kl. 15.15- 16.15: Teknikktrening baseøvingar (praksis)

  • Heimeoppgåve til 31.oktober: Ta E-læringskurset i regi av AntiDoping Norge. Sjå instruksar nedom.

Tysdag 18.sept – kl. 15.15- 16.15: Ernæring og trening (teori), basistrening kjernemuskulatur (praksis)

100% deltaking er naudsynt for å kunne fortsette å trene åleine på ToppTrening.

Kva må du som deltakar gjere?

Møt opp på ToppTrening i god tid til kvar økt. Ver klar i treningskle før start. Vi forventar aktiv deltaking på øktene, både på teori- og praksisdelen.

Kursleiar: Trude Flø Johnsen

 

Påmelding til post@topptrening.no

Kurs for 10.klassingar!

Kurs for 10.klassingar er for ungdom som går i 10.klasse og ynskjer å trene på ToppTrening. Kurset er gratis, og etter fullført kurs kan ein trene åleine, utan følge, på ToppTrening. Det gjeld både i styrkeavdelinga og på gruppetimar. Ein må ha gyldig kontrakt og nøkkelkort. Personar som er under 18 år må ha ein myndig betalar, som vert registrert i kundesystemet hos oss.

Kurset varer i 3 veker, kvar tysdag frå 23.januar til tysdag 6.februar 2018.  Kurset startar kl 1515, og er ferdig kl 1615. Trude Flø Johnsen er kursleiar og er ansvarlig for øktene. Det blir både teori og praksis.

Kurset for 10.klassingar er to gonger i året – i januar og i september.

Påmelding kan gjerast via facebook ved å sende melding til ToppTrening, eller sende oss ei melding ved å  nytte dette kontaktskjemaet.  

Påmeldingsfrist: onsdag 17.februar

Viktig endring

Frå 1.desember 2017 vil vi nytte «MyWelnness» -appen til booking av gruppetimar. For å kome i gang med appen, bør du ta kontakt med ToppTrening. Det kan du gjere via epost, ringe oss eller kome innom i resepsjonstida. Vi kan sende deg ein invitasjonsmelding til «MyWellness» slik at det vert lettare for deg å kome igang.

I appen får du tilgang til reservasjon av gruppetimar, registrering av aktivitet, tilgang til utfordringar, ditt eige treningsprogram og mykje meir. Han er enklare å bruke, lettare å melde av og på timar, samt betre varsling. Spør oss gjerne om å kome igang, vi hjelper deg gjerne.

I heile desember vil vi som «årets julekalender» trekke ein vinnar av dei som har «MyWellness» konto. Følg oss på Facebook og få med deg alle oppdateringar 😀

 

Kva er dine drivkrefter?

Ved å ta «Aspirasjonstesten» får du eit svar på kva som er dine drivkrefter til trening. Når vi veit noko om det kan vi lettare tilpasse treningsprogram, anbefalingar og treningsmetodar slik at du har større sannsyn for å nå målsettingane dine. Det gir deg ein betre peikepinn på kva gruppetimar som passar til deg, eller kva type trening du bør fokusere på.

Her er ein presentasjon av dei seks hovudtypane av drivkrefter. Det er sjeldan vi er berre ein av desse, gjerne er vi ein kombinasjon av dei ulike. Det gir oss fleksibilitet og større moglegheiter i treninga.

 

 

Utfordring!

Vi startar ei utfordring 7.april som varer til over påske! Du kan velge mellom to utfordringar, utifrå ambisjonsnivå. Last ned appen, eller kom i gang med å ta Aspiration Finder for å delta.
Utfrodringar startar fredag 7.april og varer i 14 dagar.

Kva må du gjere?
Registrer din «MyWellness» konto ved å ta «Aspiration Finder» testen, eller last ned «MyWellness»-appen.
Aksepter utfrodringa:
«Kom i gang» – samle 7000 MOVES på 14 dagar
«Ambisiøs» – samle 14000 MOVES på 14 dagar.

Kva vert rekna som MOVES:
All aktivitet du gjer har ein «Moves»-faktor. Enten du har eit aktivitetsband, deltek på gruppetimar, trenar styrke eller går tur m.m., kan du samle MOVES. Det er mange måtar å registrere MOVES på, vi hjelper deg i gang, så spør oss gjerne om råd og rettleiing.

Kva vinn du?
Gleda over å nå eit mål, og verte motivert til å auke aktivitetsnivået ditt! Dette er den første utfordringa vi arrangerer via MyWellness, det ver mykje anna å glede seg til mot våren!

Det skjer på ToppTrening!

Allehelgensdagen er vel gjennomført og november har melda sin ankomst, med krisp og kald luft, og gløtt av sol! Samtidig er det stor aktivitet på ToppTrening – her får du informasjon om kva som skjer framover:

  •  

    Avtale med Møre Folkehøgskule; 17 elevar ved Adventura Body & mind skal delta i organisert- og individuell trening på ToppTrening i november. Gruppesalen vil i perioder vere opptatt; sjekk timeplanen for oppdatert informasjon.

  •  

    Fysio1 har fleire treningsgrupper på gang:

    • I tillegg til samarbeidsprosjektet «Balansegruppa» for eldre, har fysioterapeut Thomas Ose Silseth ei treningsgruppe tysdagar kl 1430 – 1530. Her er nokre ledige plassar!
    •  

      Osteopat og fysioterapeut Erik D. Tønnessen startar styrketreningsgruppe for deg som skal springe fort og hoppe langt. Dette er eit opplegg med styrketrening, hink og hopp, samt forebyggande trening for å unngå hamstringstrekk. Her er deltakarar frå friidrettsgruppa, hanballgruppa vil verte invitert, og det er ope for andre som føler dette kan passe. NB! Påmelding – kontakt oss.

    •  

      Dynamisk tøyning kvar torsdag kl 0830 – 0900 – Dette starta som eit tilbod til dei som jobbar på «huset», men vi vil gjerne ha med fleire, så her er det fritt fram for å møte opp.

  •  

    Workshops – Ingeborg T. Nupen held foredrag onsdag 9.november kl 1930 – 2015 om «Mat for helse – her får du mange praktiske råd. Påmelding via epost til post@topptrening.no

  •  

    ToppTrening sine tilsette skal delta på kurs torsdag 18.november, og resepsjonen vil vere stengt på kveldstid grunna dette. Timeplanen vil også verte endra gruppa kursing, men kurshaldaren vil ha ein eksklusiv gruppetime med ToppTrening-kundane!

  •  

    «Ta med ein ven»-trening laurdag 26.november! Denne laurdagen kan du ta med ein ven på trening, og vi held ope hus med ulike tilbod og gruppetreningar kl 13 – 17. Meir informasjon om oppsettet vil kome. Her vert det gode tilbod på m.a. produktpakkar.

Damenes aften

G-sport inviterer til «Damenes aften» førstkomande torsdag kl 18 – 21. Då er det 20% avslag på heile butikken! Kl 1900 skal Trude ha eit 20min foredrag med temaet «I morgon, i morgon, men ikkje idag – bli kvitt dørstokkmila!»

Ta med nøkkelkortet ditt (bevis på medlemskap på ToppTrening) og ta turen innom for ein trivelig handlekveld 🙂