TOPPtrent til sommaren?

TOPPtrent til sommaren?

Bli med på årets sommar-utfordring 😀

20 økter på 48 dagar – klarer du det? JA!

Utfordringa finn du i MyWellness-appen. Meld deg på idag og kom i knallform til sommarferien.

Desse øktene er teljande i utfordringa:
Alle gruppetimar – inkludert organiserte utetreningar i TT-sin regi
Alle sykkeltimar
All trening utført på ToppTrening registrert i MyWellness-appen
All trening utført med TGS-nøkkelen

Dobbeløkter (sykkel + mage/rygg) tel som 1 økt. 

Gratis trening i påska!

Heim til påske, eller bor heime og vil bidra med bevegelsespoeng?! No kan du trene gratis ut mars, mot at du donerer MOVES til Let’s Move-kampanjen!

Slik kjem du i gang: 

  1. Send ein epost til post@topptrening.no og sei at du vil nytte deg av gratis trening og donere Moves til kampanjen.
  2. Du får ein invitasjonsepost (sjekk spam-filteret ditt), slik at du kan opprette MyWellness-kontoen din. Straks det er gjort kan du delta på Let’s move-kampanjen. All reservasjon av gruppetimar skjer også via MyWellness-appen.

Dette gir moves som er teljande i kampanjen:

  1. Trening utført på Technogym apparat, der treninga vert direkte loggført. Det betyr at du må sjekke inn på apparatet via appen eller TGS-nøkkelen
  2. Sykkeltimar der du loggar inn på sykkelen
  3. Trening på møller, syklar, ellipsemaskin og wave, der treninga vert registrert via TGS nøkkel
  4. NB! Maks 2000 moves pr. dag pr. deltakar.

Viktig endring

Frå 1.desember 2017 vil vi nytte «MyWelnness» -appen til booking av gruppetimar. For å kome i gang med appen, bør du ta kontakt med ToppTrening. Det kan du gjere via epost, ringe oss eller kome innom i resepsjonstida. Vi kan sende deg ein invitasjonsmelding til «MyWellness» slik at det vert lettare for deg å kome igang.

I appen får du tilgang til reservasjon av gruppetimar, registrering av aktivitet, tilgang til utfordringar, ditt eige treningsprogram og mykje meir. Han er enklare å bruke, lettare å melde av og på timar, samt betre varsling. Spør oss gjerne om å kome igang, vi hjelper deg gjerne.

I heile desember vil vi som «årets julekalender» trekke ein vinnar av dei som har «MyWellness» konto. Følg oss på Facebook og få med deg alle oppdateringar 😀

 

Utfordring!

Vi startar ei utfordring 7.april som varer til over påske! Du kan velge mellom to utfordringar, utifrå ambisjonsnivå. Last ned appen, eller kom i gang med å ta Aspiration Finder for å delta.
Utfrodringar startar fredag 7.april og varer i 14 dagar.

Kva må du gjere?
Registrer din «MyWellness» konto ved å ta «Aspiration Finder» testen, eller last ned «MyWellness»-appen.
Aksepter utfrodringa:
«Kom i gang» – samle 7000 MOVES på 14 dagar
«Ambisiøs» – samle 14000 MOVES på 14 dagar.

Kva vert rekna som MOVES:
All aktivitet du gjer har ein «Moves»-faktor. Enten du har eit aktivitetsband, deltek på gruppetimar, trenar styrke eller går tur m.m., kan du samle MOVES. Det er mange måtar å registrere MOVES på, vi hjelper deg i gang, så spør oss gjerne om råd og rettleiing.

Kva vinn du?
Gleda over å nå eit mål, og verte motivert til å auke aktivitetsnivået ditt! Dette er den første utfordringa vi arrangerer via MyWellness, det ver mykje anna å glede seg til mot våren!

ToppTrimmaren 2016

Trene inne? Trene ute? Ja takk, begge deler!

ToppTrening ynskjer velkomen all fysisk aktivitet, ikkje berre inne, men også ute. Difor har vi i år satsa på ei konkurranse som gir poeng både for økter inne på ToppTrening, og ute! Gjennom tenesta «Trimpoeng»-app’en og konkurransen «ToppTrimmaren» kan du samle poeng på korte turar, lange turar og treningsøkter innandørs og utandørs i regi av ToppTrening.

Det er gratis å delta, ope for alle, også dersom ein ikkje er kunde på ToppTrening! Last ned appen, lag deg ein brukar, og kom igang!

Vi trekk premiar – du har vinnarsjangsar uansett om du har få eller mange poeng.

Har du eit turmål som burde vere med i konkurransen? Då kan du foreslå det til oss, slik at vi  kan legge det inn 🙂

Link til konkurransesida finn du HER

Vi ynskjer alle ein topp sommar, med topp aktivitetsnivå for alle! God tur 🙂

Utetrening

Er du ein av dei som kjenner at det fristar å trene meir ute no når våren er her? Vi er også frista, og kjem til å starte med utetreningar i form av intervalltrening og anna trening utandørs i løpet av april. Følg med oss på facebook og oppslag i resepsjonen, meir informasjon kjem.

 

Psssst – vi skal også sørge for å halde motivasjonen ved like, og du kan samle poeng på treningar du gjer i sommar – meir informasjon snart 😉

Gruppetreningsbonanza!

Laurdag 16.januar inviterer vi til open dag og gratis trening kl 11 – 15. Vi køyrer gruppetimar heile dagen, frå kl 11 og utover. her får du smakebitar på ulike økter, frå sykkel til BasisBall, Tabata og Yoga. Informasjon om dagen finn du på facebooksida våra, i tillegg vert alle timane lagt ut i bookingen, og du kan melde deg på via «Min side». Er du ikkje kunde og vil reservere plass? Frå onsdag opnar vi for «Drop In» reservasjon, ring oss på tlf 700 69 433 og sikre deg plass 🙂

Kl 13 -14 er det gratis kroppsanalyse! Første til mølla- prinsippet 🙂

Quiz og konkurransar gjennom dagen, flotte premiar!

 

Velkomen til open dag på ToppTrening!

Fri etablering til 16.januar

Godt nyttår alle saman! Vi startar det nye året med knalltilbud! Dei 20 første kundane får med ei gratisveke du kan gi til ein ven, i tillegg er du med i trekning av ein ToppTrening-bag, t-skjorte, nøkkelring og 2 valgfrie YT-produkt! Tilbodet varer til laurdag 16.januar og vi spanderer også etableringskostaden til alle nye kundar! (Du sparer 399.-)

Kontakt oss HER for å kome igang!

Visste du at…

…ToppTrening har redusert prisen på etableringskostnaden?

…hos oss kan du surfe gratis når du trenar?

…vi har redusert prisen på student- og offshore-avtalen?

…ToppTrening har instruktørar med over 30års erfaring i gruppetrening, fysisk aktivitet og helse?

…vi kan utføre kroppsanalyse med ei vekt som er medisinsk godkjent, og dermed har oppmot 96% nøyaktigheit i høve gullstandarden?

…vi kan vise intenistetsprofilen for sykkeltimane på storskjerm og du får treningsrapport etter økta?

…hos oss kan du få kosthaldsrettleiing?

…vi har ope kvar dag kl 0600 – 2300?

…vi jobbar kontinuerlig for at kundane skal tivast og få best mogleg utbytte av medlemskapet?

…vi tilbyr Personlig Trening med testing, komplett trening- og kosthaldsprogram, og oppfølging?

 

Dettte, og mykje meir kan du få tilgang til som kunde hos ToppTrening 😉

 

Utetreninga vert flytta inn

Usikre vêrhøve gjer at vi flyttar den planlagde utetreninga inn førstkomande onsdag kl 1930. Vi set opp sykkel kl 1930 og NYHEIT førpremiere på OMNIA sirkeltrening i styrkeavdelinga 🙂 Timen er fortsatt open for alle, men vi må ha påmelding. Ring oss på tlf 70069433 eller sende post til post@topptrening.no og sikre deg plass!