TT-NYTT!

Les den fantastiske historia til Per Lund, som har gått ned 40 kg ved hjelp av trenings og kosthaldsendringar!

ToppTrening lanserer TT-NYTT der vi delar kundehistorier, informasjon om aktivitetar på senteret, samt tips og råd kring trening. Første utgåve kjem no, og vi har ambisjonar om 3-4 utgåver i året.

Les heile nyheitsbrevet her:

Visste du at…

…ToppTrening har redusert prisen på etableringskostnaden?

…hos oss kan du surfe gratis når du trenar?

…vi har redusert prisen på student- og offshore-avtalen?

…ToppTrening har instruktørar med over 30års erfaring i gruppetrening, fysisk aktivitet og helse?

…vi kan utføre kroppsanalyse med ei vekt som er medisinsk godkjent, og dermed har oppmot 96% nøyaktigheit i høve gullstandarden?

…vi kan vise intenistetsprofilen for sykkeltimane på storskjerm og du får treningsrapport etter økta?

…hos oss kan du få kosthaldsrettleiing?

…vi har ope kvar dag kl 0600 – 2300?

…vi jobbar kontinuerlig for at kundane skal tivast og få best mogleg utbytte av medlemskapet?

…vi tilbyr Personlig Trening med testing, komplett trening- og kosthaldsprogram, og oppfølging?

 

Dettte, og mykje meir kan du få tilgang til som kunde hos ToppTrening 😉

 

Inspirasjon!

Tips til sunne og smakfulle oppskrifter, og inspirasjon til eit meir fargerikt kosthald? Prøv en ny vri på fredagstaco, oppskrifter finn du her.

Det er mange kostholdsråd, og det kan vere lett å verte forvirra. Kva er eigentleg lurast å velge? Vi rådar deg til å gjere ting enkelt for deg sjølv, prøve ut ulike ting, men fokuser på måltidsfrekvens og det å auke inntaket av frukt og grønsaker. Har du frukt og grønsaker til kvart måltid? Kanskje det kan vere ein stad å byrje?

Sommarjobb som Personlig Trenar!

Amir er nyutdanna Personlig trenar, og skal jobbe på ToppTrening i sommar. No har du sjansen til å gjere eit sommarkupp på PT! Kom i ditt livs sommarform med god hjelp frå ein engasjert og livlig Ørsta-gutt.

Vi gir 20% rabatt på 10, 5 eller 1 PT- time med Amir.

Prisdøme: Ved kjøp av 5 timar sparer du kr. 500,- (totalpris kr. 2000,-). Ved kjøp av 10 timar sparer du kr. 900,- (Totalpris kr. 3600,-). Timane må nyttast innan utgangen av august.

Litt om Amir: Han har alltid vore aktiv og drive med kampsport, handball og fotball. Grunna skader måtte idretten leggast på hylla, men interessa for trening gjorde at han har utdanna seg til personlig trenar. Til hausten er det meir utdanning innan helse og trening, og sommaren vert brukt til å hjelpe deg i form 😉

«Mitt mål er å få deg til å kome i gong med trening, lære korleis og kvifor ein gjer ulike øvingar,  og hjelpe deg til å yte det beste du kan! Eg hjelper deg til å få maksimalt utbytte av treninga slik at du når dei måla du har sett deg» – Amir Muric

Sunnare kosthald

5 tips til sunnare kosthald og livsstil:

1. Meir frukt og grønsaker – det gir deg fiber, vitaminar, mineral og antioksidantar, utan at det gir deg mykje kaloriar. Avslutt gjerne treninga med ein fargerik smootie

2. Ta tran, spesielt om du ikkje får i deg fiskemåltid 3 gongar i veka. Då får du i deg livsviktig omega-3, og du sikrar inntak av vitamin D

3. Tenk grovkarbo! Unngå raske karbohydrat som sukra drikker, kaker, godteri og bollar. Ved å få i deg grove karbohydrat held du jamnare blodsukker, unngår søtsug og reduserer risikoen for å overete.

4. Balanse i «kalorirekneskapen» – Ved stabil vekt har ein balanse i inntak av kaloriar og forbruk. Ynskjer ein vektreduksjon, ein enten redusere inntaket (få i seg færre kaloriar) , auke forbruket (meir fysisk aktivitet), eller gjere begge deler.

5. Realistisk målsetting! Skal du igang med endringar, er det viktig med realistiske målsettingar. I tillegg tek det tid å endre vanar! Ein ny livsstil kjem ikkje over natta, men små endringar er lettare å forholde seg til enn store omveltingar. Start med EIN ting, prøv nokre veker, før du gjer fleire endringar.

Kjelde: http://bramat.no/kosthold/livsstil/838-et-sunnere-2013