Forskriftsending og påske!

Informasjon til medlemmar

Frå natt til torsdag 25.mars og t.o.m. 11.april 2021 er det innført nye nasjonale reglar for smittevern. Dette er ei orientering om reglane som har betydning for deg som medlem ved ToppTrening. Målet med tiltaka er å redusere sjansen for auka smitte i påska.  

  1. Treningssenteret får halde ope for innbyggarar som er bor i kommuna.  

Vi presiserer: 

  • Påskegjestar får ikkje trene, heller ikkje studentar som er heime på påskeferie 
  • Drop – in er ikkje mogleg, heller ikkje kortvarige medlemskap 
  • Du må ha fast bustad i kommuna for å trene hos oss  
  1. Personlig trening og gruppetimar er lov 

Vi presiserer: 

  • Det er krav om 2 meter avstand på alle gruppetimar – dette medfører ingen endring for deltakertalet på gruppetimane, sidan dette er dagens praksis  
  • Kva endringar som er på enkelte gruppetimar, kan du lese under timebeskrivelsen for timen. Det er kun stasjonær trening som er lov, altså ikkje timar med store forflyttingar.  
  • Timar i sykkelsalen går som normalt – syklane står med 2 meter avstand 
  • PT-timar: PT skal bruke munnbind
  1. Førehandsbestilt (booka) individuell trening på treningssenteret er lov 

Vi presiserer: 

  • Dette er eit krav etter forskrifta, og ToppTrening må forholde oss til den. 
  • Du som medlem kan bruke ToppTrening-appen for å booke treningstid. 
  • Treningstida er sett til 90 minutt pr booking 
  • ToppTrening sine tilsette kan booke treningstid for deg dersom du ikkje får det til sjølv.  
  • Hensikta med booking av treningstid er å unngå kø og trengsel. Unngå å trene i tider der du veit det er mykje folk på senteret 
  • Følg merkinga for kor mange som er tillatt i kvart rom – dette er ditt ansvar som medlem 

Med dette som bakgrunn ynskjer vi alle god trening i påska, og hugs; 

  • Hald deg heime om du er sjuk – og test deg 
  • Vask hendene før, under og etter trening 
  • Hald 2 meter avstand  
  • Unngå å bruke garderobene – kom ferdig skifta, og dusj heime om du kan (men garderobene og dusj er opne). 

Vil du ha meir informasjon kan du finne det her:

Nytt kurs med «Utrent til trent på 8 veker!»

Det er vårstemning i lufta, sjølv om vinteren ikkje er heilt klar til å sleppe taket enno. Har du planar om å starte å trene når det vert lysare og mildare dagar? Kjenner du behovet for å bevege deg meir og ta tak i aktivitetsnivået ditt? Grip høvet no! Dette kurset eit perfekt tilbod til deg!

Etter påske

Etter påske startar eit nytt kurs i «Utrent til trent» – programmet for deg som vil kome i form på ein rask, effektiv og sikker måte. Allereie no kan du sikre deg kursplass – og mentalt starte førebuinga.

Startdato for første treningsøkt er torsdag 15.april kl 17.30 og 1830. Kurset går kvar torsdag, og du får oppgåver og treningsøkter du skal gjere mellom kvart kursmøt!

Treng du litt meir informasjon før du tek steget? Sjå neste avsnitt!

Gode erfaringar

Tidligare deltakarar har berre gode erfaringar frå kurset. Les meir om kva opplevingar dei har hatt undervegs, korleis forma har utvikla seg og om du bør prøve kurset du også! Les meir ved å klikke her. Kurset passar både for menn og kvinner – unge og eldre.

Sikre deg kursplass ved å følge lenka her!

Avklaringar og informasjon

Informasjon til medlemmar om smittesituasjonen i Ørsta

ToppTrening ynskjer å kome med informasjon til medlemmane, og prøve å avgrense rykter som har oppstått i samband med eit nytt, postivit Covid-19 tilfelle i Ørsta (28.01.2021)

Det er viktig for oss å poengtere at du som kunde skal vere heilt trygg på vi vil varsle aktuelle kundar, og informere på nettsida, dersom situasjonen skulle tilseie det. Dersom ein person får påvist positiv Covid-19, og har vore på trening hos oss, dei siste 48 timane før positiv test, vil aktuelle kundar og personal verte varsla snarast råd, og via smittesporingsteamet i Ørsta kommune.

Når det gjeld rykta som har oppstått idag, ser vi det som naudsynt kome med faktaopplysningar, for å unngå vidare spreiing av rykter.

  1. Ingen av ToppTrening sine tilsette er i pålagt karantene, heller ikkje sambuarar eller ektefeller.
  2. Vi har ein tilsett, som var nærkontakt til nærkontakt av dei 6 personane som vart sett i karantene tysdag.
  3. Vår tilsett, inkludert sambuar, har testa negativt på Covid-19 test. Testen vart tatt onsdag morgon, og svaret var klart onsdag kveld. Vidare er det avklart av vår tilsett IKKJE er nærkontakt til det nye smittetilfellet som vart stadfesta torsdag.
  4. Vi har i samråd med den tilsette, styret i ToppTrening og leiing, bestemt at vår tilsett har heimekontor torsdag, som eit «føre var» prinsipp. Dette er strengare enn dei anbefalte retningslinjene.

Vi har eit godt samarbeid med smittevernteamet i Ørsta kommune, og vi ynskjer med dette å bidra til fakta, redusert ryktespreiing og frykt.

Hald avstand, vask hendene, og test deg om du har symptom. Hald deg i fysisk aktivitet og ta vare på helsa!

Alt om koronasituasjonen i Ørsta kommune finn du her: https://www.orsta.kommune.no/beredskap/koronaviruset/

Varsel om prisendring

Varsel om prisendring frå 1.februar 2021

I tråd med endringane i konsumprisindeksen, basert på utviklinga dei 12 siste månadane, endrer ToppTrening AS prisane på medlemskapa. Vi følger konsumprisindeksen for «Kultur og fritid». Dei siste 12 mnd er denne på 4,6 % (pr. november 2020).

Det er eit stort hopp, og vil utgjere store endringar i prisen for deg som medlem. ToppTrening velger difor å følgje hovudindeksen pr 30.11.2020 og justerer med 1,7 % (runda opp til nærmaste heile krone).

NB: Prisjusteringa vil tre i kraft 6 mnd etter nyteikning av medlemskap. Jamfør kontrakta, punkt 3 (les alle vilkåra her) har du 6 mnd prisgaranti ved inngåelse av nytt medlemskap. Unntak: auka statlege avgifter i denne perioden.

Prisjusteringa vert aktivert 1.februar 2021.

Kva må du som kunde gjere?

  1. Sørg for at beløpsgrensa på avtalegiroen dekkjer månadsbeløpet.
  2. Elles treng du ikkje å gjere noko.
Gjeldande prisar frå 1.februar 2021

Tren hos oss i sommar!

Legg treniningsøkta til ToppTrening i sommar! Vi har ope med nøkkelkort kvar dag mellom kl 0530 – 2300 – og du kan raskt kjøpe tilgang via appen ToppTrening!

Last ned appen «ToppTrening», logg deg inn og sjekk kva medlemskap vi har. Sommartilbodet er det beste tilbodet akkurat no, og gir deg tilgang til ToppTrening i to veker frå kjøpsdato.

Vi har gruppetimar gjennom heile sommaren; måndag, onsdag og torsdag. Oversikt på gruppetimane finn du også i appen!

God sommartrening hos oss!

Viktig medlemsinformasjon! – oppdatert!

ToppTrening får endelig opne dørene 15.juni (gitt at smittesituasjonen ikkje er særskilt endra frå i dag).

I høve oppstarten har vi viktig informasjon om medlemskapet ditt:

Alle medlemskap vert opna frå 15.juni, og halv medlemsavgift for juni vert belasta 20.juni. Oppdatering 9.juni: Halv medlemsavgift for juni vert ikkje belasta 20.juni! Medlemskapet vert opna, men du blir ikkje belasta. Første betaling av medlemskapet skjer 20.juli, og gjeld juli månad.

Kontantmedlemskap (førehandsbetalte medlemskap som ungdomskort og månedskort), vert aktiverte frå 15.juni. Varigheit på medlemskapet er tilsvarande det ein har betalt for, men ikkje fått nytte grunna stengt senter.

Unntak:

Dersom du av ulike årsaker har fryst medlemskapet ditt, vil medlemskapet framleis vere fryst. Sjølv om vi opnar medlemskapa frå 15.juni. er fryste medlemskap fryste, fram til avtalt sluttdato for frysinga.

Frysing:

Dersom du har ei kontrakt som gir deg høve til å fryse, må du gi tilbakemelding snarast, og seinast, innan 8.juni dersom du vil opprette frys for inneverande månad.

Dersom du vil opprette frys for juli, gjeld normale fristar; innan 1. i den månaden du vil fryse.

Dette gjeld 60+ kontraktene, samt student/ungdom.

Alle medlemmar kan fryse medlemskapet ved langvarig legemeldt sjukdom, svangerskap, eller jobbReiser utombygds med varighet over 1mnd. Kontakt oss om du er usikker på om dette gjeld deg.

Smittevern:

Meir informasjon om smittevern og tiltak vert gjort tilgjengelig på www.topptrening.no seinast onsdag 10.juni. Dette vert annonsert på Facebook og Instagram.

Dette veit vi pr idag:

Det er tre hovudreglar som ligg til grunn for smittevern-rettleiaren for treningssenterbransjen:

  1. Kundar og tilsette som har symptom på covid-19 skal halde seg heime
  2. God hand- og hostehygiene og hyppig reinhald
  3. Halde minst 1 meter avstand og redusert kontakt mellom personer. I tillegg er det krav om 2 meter avstand ved høgintensiv trening, som t.d. sykkeltimar.

Nokre punkt er allereie klare:

  • Bemanna opningstider – det skal alltid vere personell tilgjengelig mtp smittesporing. Det betyr at vi må reduserer opningstidene for at det skal vere økonomisk forsvarlig å drive senteret.
  • Småutstyr kan lånast ut, og reingjerast av personell ved slutten av dagen
  • Hyppig reinhald av kontaktflater
  • Utstyr og apparat skal reingjerast etter bruk, og det skal vere god tilgang til reinhaldsutstyr og desinfisering.
  • Garderober kan vere opne, gitt at ein klarer å halde 1 meter avstand. Vi vurderer denne som vanskelig på ToppTrening, og vil halde garderober og dusj stengt.

Vi kjem med ein detaljert instruks som gjeld for deg som medlem. Denne instruksen er klar seinast onsdag 10.mai. Den vil innehalde informasjon om kva du skal tenke på før du kjem på trening, kva du skal gjere når du kjem, undervegs og etter treningsøkta di.

Til slutt vil vi seie at vi tek smittevernet på alvor, og gjer vårt beste for at det skal vere trygt å trene på ToppTrening. Dersom alle rettar seg etter dei generelle råda frå FHI, har vi stor tru på at det vert mange gode treningsøkter på ToppTrening framover!

Tidligare informasjon finn du ved å klikke her

Korona

Oppdatert informasjon 4.mai

Mai månad er såvidt i gang, og her kjem informasjon frå ToppTrening ang. abonnementet ditt: 

  • Alle abonnement vert fryst for mai månad, det vert ikkje trekt noko frå kontoen din 20.mai.
  • Du treng ikkje å gjere noko for at abonnementet ditt skal frysast, vi gjer dette automatisk.

Dersom du ynskjer å nytte online-tilbodet må du:

  • Kjøpe «Online – ein månad» medlemskapet via ToppTrening-appen eller nettsida.
  • Prisen er kr 229,- for mai (medlemskapet gjeld frå 1 – 31.mai)
  • Frist for kjøp av abonnement:  8.mai 2020
  • Du betalar for medlemskapet med bankkortet ditt – vi har trygg internetthandel!
  • Abonnementet gir deg tilgang til «ToppTrening – medlem» gruppa på Facebook
  • Abonnementet gir deg også tilgang til utetreningar dersom vi får starte opp med det!

Vi er klar over at dette alternativet innebærer ein del ekstra «klikk» på telefonen din, men vi håpar at du tek deg tid til det, eller får hjelp til å ordne dette. Akkurat no held vi på å lage eit videoklipp om korleis du gjer dette på telefoenen din.

Slik kjøper du månadskort i ToppTrening appen:

  • Opne ToppTrening-appen
  • Klikk på menyen (tre horisontale strek øvst i venstre hjørne)
  • I menyen finn du «Medlemskap». Trykk på Medlemskap.
  • I neste bilete kan du velgje kva anlegg du vil tilhøyre, ToppTrening er allereie valgt. Klikk på «Neste» nedst i høgre hjørne.
  • I dette biletet får du informasjon om medlemskap for mai. Klikk på «Online- ein månad». Det vil endre farge til grønt. Klikk på «Neste» nedst i høgre hjørne.
  • Personlig info – er informasjon vi har lagra om deg. Her kan du evnt endre dersom vi har feil adresse eller liknande. Scroll deg nedover. Det er valfritt om du vil ha push-varsel, du kan velge å hake av eller ikkje. Klikk «Neste» 
  • «Bekreft» – her skal du bekrefte kjøpet og du får ei oversikt over kva val du har gjort. Scroll deg heilt ned til botnen. Her kan du lese abonnementsvilkåra, og hake av for at desse er lest. Det er ikkje mogleg å betale utan at denne boksa er haka av.
  • Klikk på «Betale»
  • Ei ny side opnar seg, og du må legge inn kortinformasjonen slik som ein gjer ved normal netthandel.
  • Kjøpet må godkjennast med Bank ID

Vi veit enno ikkje kva tid vi får opne dørene, eller kva vilkår vi kan opne under. Treningssenterbransjen er kategoriserte under pragraf 14c. i Covid-19 forskrifta, saman men fornøyelsesparkar og badeanlegg. Det betyr at vi er stengt ved norsk lov. Vi ventar i spenning på kva informasjon som kjem frå regjeringa 7.mai. Då skal tiltaksplanen for gjenopning av Noreg leggast fram.

Vi skal gjere vårt beste med å halde deg informert om kva som skjer med oss og medlemskapet ditt, og nøl ikkje med å ta kontakt!

Med helsing Trude Flø Johnsen, dagleg leiar, ToppTrening AS

Oppdatert informasjon 7.april

No er betalingsfila for april 2020 sendt! Alle som har sendt epost, eller gitt tilbakemelding på andre måtar, om at du vil betale medlemskapet ditt for april vil om kort tid kunne sjå at det dukkar opp eit forfall 20.april i nettbanken.

Utgangspunktet til ToppTrening er at alle kontrakter er fryst frå 1.april. Dette er viktig å understreke! Vi er fortsatt overvelda over kor mange som ynskjer å nytte online tilbodet via Facebook gruppa » ToppTrening medlem», og dermed betalar medlemsavgifta for april. Vi håpar at online-tilbodet både via Facebook og via MyWellness gir deg motivasjon til fortsatt å ha faste treningsavtalar med deg sjølv, og gir deg energi i kvardagen.

Kva skjer vidare?

Vi har mange spørsmål vi ikkje får svar på. Kva tid kan vi opne? Kan vi opne med restriksjonar? Kva med kostnadar og inntekter? Kva med ferien? Sommar og lavsesong? Vi har ikkje så mange svar å kome med, men vi har nokre prinsipp vi jobbar etter:

  • Vi skal gi medlemmane eit tilbod som gir verdi
  • Vi skal kunne sjå kvart enkelt medlem i augene når vi opnar og vite at vi har gjort gode og ærlige val
  • Vi skal halde oss oppdaterte på informasjon og handle deretter
  • Vi skal vere kreative og tenke nytt
  • Vi skal ha kontroll på kostnadar
  • Vi skal vere klar den dagen vi får løyve til opne att

Vi ser fram til at vi får opne dørene på ToppTrening igjen, og håpar at du saknar oss like mykje som vi saknar deg!

God påske til alle saman!

Oppdatert informasjon 27.mars

Hei alle saman!

Som du sikkert har fått med deg, er alle treningssentra i Noreg, til liks med enkelte andre bransjar, pålagde å halde stengt til 13.april. Kva som skjer etter påske, veit vi enno ikkje. Vi fyl Helsdirektoratet sine råd og tiltak. Samtidig prøvar vi å utarbeide ein plan for å handtere denne krisa på lengre sikt. Vi håpar sjølvsagt at vi får opne 14.april, men vi tek høgde for vidare stenging.

Vi har fått fleire epostar frå kundar som ønskar å betale medlemskapet sitt i april. Dette set vi enormt stor pris på, og gir oss tru på at det vi har gjort inntil no, er til stor verdi for medlemmane våre. Samtidig er vi opptatt av å levere så godt produkt som mogleg, med dei ressursane vi har.

Du kan fortsatt sende epost om du ynskjer at betalinga for april skal gå som vanlig. Send epost til post@topptrening.no. Frist for frys er onsdag 1.april kl 23.59.

Kva får du som betalande kunde når senteret er stengt?

  • Tilgang til LIVE sendingar online (via Facebook) med gruppeinstruktørane våre.
  • Treningsprogram, treningstips og råd både frå oss og våre samarbeidspartnarar.
  • Tilgang til utfordringar via MyWellness-appen
  • Vi jobbar også med andre tilbod som skal vere ekslusive for dei som betalar medlemskapet sjølv når vi er stengt. Meir om dette kjem før påske.

Hugs å melde deg inn i Facebook-gruppa «ToppTrening medlem» – sjå informasjon under.

Oppdatert informasjon 22.mars

Vi oppmodar alle medlemmar som har facebook, og må melde seg inn i «ToppTrening medlem» gruppa. Gå inn på facebooksida til ToppTrening, og klikk på knappen «Besøk gruppe» under framsidebiletet (gjeld PC/nettleser).

Klikk på den blå knappen med teksten «Besøk gruppe» for å få tilgang til LIVE sendingar av gruppetimar m.m.!

Oppdatert informasjon 18.mars

Kjære kunde ved ToppTrening!

Vi står i ei ukjent og urolig tid, med fleire spørsmål enn svar. ToppTrening har, etter pålegg frå regjeringa, midlertidig stengt frå 12 – 26.mars. Vi veit enno ikkje kva som skjer etter 26.mars, men vi tek høgde for at vi vert pålagde å halde stengt vidare. Vi innrettar oss etter regjeringa sine strenge tiltak, i håp om å redusere smitta.

Kva må du som kunde gjere?

  1. Alle kontrakter vert fryst frå 1.april dersom regjeringa vidarefører tiltaka om å stenge. Du treng ikkje å kontakte oss for å fryse medlemskapet ditt – vi gjer dette automatisk.
  2. Ønsker du å betale medlemskapet ditt, må du sende oss ein epost og gi beskjed om at du fortsatt vil betale for april! Vi jobbar på spreng for å kunne gi deg som fortsatt ønsker å vere medlem, eit godt og innhaldsrikt tilbod.
  3. Alle som er betalande medlemmar får tilgang til eksklusive treningstilbod i ei lukka facebook-gruppe, samt treningsprogram og utfordringar via MyWellness-appen, m.m.
  4. Har du allereie sendt epost om at du fortsatt vil betale, at du vil fryse, eller seie opp, treng du ikkje å gjere dette på nytt.

Vi har håp og tru på at ToppTrening fortsatt skal kunne gi gode treningsopplevingar etter denne stormen. Vi håpar du er med oss gjennom denne tida, og at vi saman kjem styrka ut av krisa.

Vask hendene, hald avstand og lytt til råda frå folkehelseinstituttet.

På snarleg gjensyn,

helsing Trude Flø Johnsen
og heile ToppTrening – teamet

Informasjon 13.mars

Til alle medlemmar:

Vi, og fleire andre, har hamna i ein ukjent og vanskelig situasjon. Vi bed om forståing for at det vanskelig å gi konkrete svar i ein situasjon som til stadigheit endrar seg, og som er så uviss framover.

Regjeringa er klar på at situasjonen vil gi ringverknader for alle, særskild økonomisk, både privat og i næringslivet.

ToppTrening har difor bestemt dette i første omgang:
Medlemsavgifta for mars, med forfall 20.mars, er allereie sendt og må betalast. Dette er leit, sidan vi har stengte lokaler. Vi vil i denne perioden gjere så godt vi kan med å gi treningstips via facebook og instagram.

Frå 1.april frys vi alle medlemskontrakter og har dermed ingen inntekter til å dekke dei faste, løpande kostandene vi har. Dette blir vårt tap, og vi tek tapet så lenge vi kan. Vi har håp om at vi framleis har ein jobb å kome tilbake til etter stengeforbodet, og at vi igjen kan tilby gode treningsopplevingar for alle.

Håper vi sjåast igjen snart, hald dykk friske!

TT-NYTT!

Les den fantastiske historia til Per Lund, som har gått ned 40 kg ved hjelp av trenings og kosthaldsendringar!

ToppTrening lanserer TT-NYTT der vi delar kundehistorier, informasjon om aktivitetar på senteret, samt tips og råd kring trening. Første utgåve kjem no, og vi har ambisjonar om 3-4 utgåver i året.

Les heile nyheitsbrevet her:

ToppTrening oppgraderer!

ToppTrening står for kvalitet i alle ledd, dette omfattar også treningsutstyret! I samarbeid med ein av verdas største leverandørar av treningsutstyr, Technogym levert av Qicraft Norway AS, får du eit treningssenter fullspekka med det nyast og beste utstyret på marknaden!

Med nytt utstyr blir det enklare å nytte «MyWellness» – appen i treninga. Vi veit at treninga og aktiviteten din ikkje berre skjer på treningssenteret, og med nye funksjonar i utstyret kan du no springe favorittløypa di utandørs inne på våre nye SkillRun møller. Vi er opptatt av heile livsstilen, og med MyWellness-appen kan du registere all aktiviteten din, også det du gjer heime og ute.

På det nye kondisjonsutstyret vil du lett kunne fortsette å sjå favorittserien din på Netflix, eller få videoinstruksjon om korleis du skal utføre treningsøkta di. Vi hjelper deg igong!

Alle dei nye styrkeapparata vil ha fargeskjerm som viser deg korleis du kan stille inn apparatet, og undervegs i treninga får du informasjon om korleis du skal utføre rørsla. Endelig er teknologi enkelt! Skjermane er intuitivt sjølvforklarande, men dersom du ikkje er så kjend med teknologien, så frykt ikkje, vi hjelper alle.

I samband med oppgraderinga av utstyrsparken, må vi halde stengt to dagar i desember. Det er onsdag og torsdag 12 – 13 desember. NB! Med atterhald om endringar frå fraktselskapet! Meir informasjon om dette får du ved å følge oss på facebook.

Nytt utstyr gir også nye moglegheiter. Frå nyttår startar vi difor opp med «bootcamp» timar. Dette er gruppetimar som vil utfordre atleten i deg, og vi ser verkeleg fram til å starte opp med desse timane!

SkillMill – unik mølle utan motor

 

SkillRun – råaste mølla som finnast!

Ta trappa med Climb frå Technogym

Neste økt ventar på deg!

Vi får PeckDeck til bryst!

Tyngre manualar? JA! 34 – 38 kg

CrossCable station – mange moglegheiter

Berøringsskjerm med intuitive forklaringar.

 

 

Vi byttar kundesystem!

Kva betyr det for deg som kunde?

  • På konverteringsdagen tysdag 25.september er resepsjonen stengt! Treng du hjelp til ulike tenester bed vi deg ta kontakt måndag 24. eller onsdag 26.september.

Nokre av funksjonane du får tilgang til er:

  • Tilgang til «Min side» og betre oversikt på medlemskapet ditt
    • Inkludert oversikt på besøkslogg
    • Fakturaoversikt
    • Kontrakt
    • Betre administrasjo
  • Nye funksjonar for reservasjon av gruppetimar, samt betra ventelistefunksjon
  • Tilgang til «ToppTrening»-appen
  • Betre oversikt på tenester frå ToppTrening
    • Bestilling/avbestilling av treningsrettleiing
    • Kjøp og bestilling av timar med personleg trenar
    • Kjøp og bestilling av kroppsanalyse

Meir informasjon om kva du treng å gjere for å få tilgang kjem!