Korona

Oppdatert informasjon 4.mai

Mai månad er såvidt i gang, og her kjem informasjon frå ToppTrening ang. abonnementet ditt: 

  • Alle abonnement vert fryst for mai månad, det vert ikkje trekt noko frå kontoen din 20.mai.
  • Du treng ikkje å gjere noko for at abonnementet ditt skal frysast, vi gjer dette automatisk.

Dersom du ynskjer å nytte online-tilbodet må du:

  • Kjøpe «Online – ein månad» medlemskapet via ToppTrening-appen eller nettsida.
  • Prisen er kr 229,- for mai (medlemskapet gjeld frå 1 – 31.mai)
  • Frist for kjøp av abonnement:  8.mai 2020
  • Du betalar for medlemskapet med bankkortet ditt – vi har trygg internetthandel!
  • Abonnementet gir deg tilgang til «ToppTrening – medlem» gruppa på Facebook
  • Abonnementet gir deg også tilgang til utetreningar dersom vi får starte opp med det!

Vi er klar over at dette alternativet innebærer ein del ekstra «klikk» på telefonen din, men vi håpar at du tek deg tid til det, eller får hjelp til å ordne dette. Akkurat no held vi på å lage eit videoklipp om korleis du gjer dette på telefoenen din.

Slik kjøper du månadskort i ToppTrening appen:

  • Opne ToppTrening-appen
  • Klikk på menyen (tre horisontale strek øvst i venstre hjørne)
  • I menyen finn du «Medlemskap». Trykk på Medlemskap.
  • I neste bilete kan du velgje kva anlegg du vil tilhøyre, ToppTrening er allereie valgt. Klikk på «Neste» nedst i høgre hjørne.
  • I dette biletet får du informasjon om medlemskap for mai. Klikk på «Online- ein månad». Det vil endre farge til grønt. Klikk på «Neste» nedst i høgre hjørne.
  • Personlig info – er informasjon vi har lagra om deg. Her kan du evnt endre dersom vi har feil adresse eller liknande. Scroll deg nedover. Det er valfritt om du vil ha push-varsel, du kan velge å hake av eller ikkje. Klikk «Neste» 
  • «Bekreft» – her skal du bekrefte kjøpet og du får ei oversikt over kva val du har gjort. Scroll deg heilt ned til botnen. Her kan du lese abonnementsvilkåra, og hake av for at desse er lest. Det er ikkje mogleg å betale utan at denne boksa er haka av.
  • Klikk på «Betale»
  • Ei ny side opnar seg, og du må legge inn kortinformasjonen slik som ein gjer ved normal netthandel.
  • Kjøpet må godkjennast med Bank ID

Vi veit enno ikkje kva tid vi får opne dørene, eller kva vilkår vi kan opne under. Treningssenterbransjen er kategoriserte under pragraf 14c. i Covid-19 forskrifta, saman men fornøyelsesparkar og badeanlegg. Det betyr at vi er stengt ved norsk lov. Vi ventar i spenning på kva informasjon som kjem frå regjeringa 7.mai. Då skal tiltaksplanen for gjenopning av Noreg leggast fram.

Vi skal gjere vårt beste med å halde deg informert om kva som skjer med oss og medlemskapet ditt, og nøl ikkje med å ta kontakt!

Med helsing Trude Flø Johnsen, dagleg leiar, ToppTrening AS

Oppdatert informasjon 7.april

No er betalingsfila for april 2020 sendt! Alle som har sendt epost, eller gitt tilbakemelding på andre måtar, om at du vil betale medlemskapet ditt for april vil om kort tid kunne sjå at det dukkar opp eit forfall 20.april i nettbanken.

Utgangspunktet til ToppTrening er at alle kontrakter er fryst frå 1.april. Dette er viktig å understreke! Vi er fortsatt overvelda over kor mange som ynskjer å nytte online tilbodet via Facebook gruppa » ToppTrening medlem», og dermed betalar medlemsavgifta for april. Vi håpar at online-tilbodet både via Facebook og via MyWellness gir deg motivasjon til fortsatt å ha faste treningsavtalar med deg sjølv, og gir deg energi i kvardagen.

Kva skjer vidare?

Vi har mange spørsmål vi ikkje får svar på. Kva tid kan vi opne? Kan vi opne med restriksjonar? Kva med kostnadar og inntekter? Kva med ferien? Sommar og lavsesong? Vi har ikkje så mange svar å kome med, men vi har nokre prinsipp vi jobbar etter:

  • Vi skal gi medlemmane eit tilbod som gir verdi
  • Vi skal kunne sjå kvart enkelt medlem i augene når vi opnar og vite at vi har gjort gode og ærlige val
  • Vi skal halde oss oppdaterte på informasjon og handle deretter
  • Vi skal vere kreative og tenke nytt
  • Vi skal ha kontroll på kostnadar
  • Vi skal vere klar den dagen vi får løyve til opne att

Vi ser fram til at vi får opne dørene på ToppTrening igjen, og håpar at du saknar oss like mykje som vi saknar deg!

God påske til alle saman!

Oppdatert informasjon 27.mars

Hei alle saman!

Som du sikkert har fått med deg, er alle treningssentra i Noreg, til liks med enkelte andre bransjar, pålagde å halde stengt til 13.april. Kva som skjer etter påske, veit vi enno ikkje. Vi fyl Helsdirektoratet sine råd og tiltak. Samtidig prøvar vi å utarbeide ein plan for å handtere denne krisa på lengre sikt. Vi håpar sjølvsagt at vi får opne 14.april, men vi tek høgde for vidare stenging.

Vi har fått fleire epostar frå kundar som ønskar å betale medlemskapet sitt i april. Dette set vi enormt stor pris på, og gir oss tru på at det vi har gjort inntil no, er til stor verdi for medlemmane våre. Samtidig er vi opptatt av å levere så godt produkt som mogleg, med dei ressursane vi har.

Du kan fortsatt sende epost om du ynskjer at betalinga for april skal gå som vanlig. Send epost til post@topptrening.no. Frist for frys er onsdag 1.april kl 23.59.

Kva får du som betalande kunde når senteret er stengt?

  • Tilgang til LIVE sendingar online (via Facebook) med gruppeinstruktørane våre.
  • Treningsprogram, treningstips og råd både frå oss og våre samarbeidspartnarar.
  • Tilgang til utfordringar via MyWellness-appen
  • Vi jobbar også med andre tilbod som skal vere ekslusive for dei som betalar medlemskapet sjølv når vi er stengt. Meir om dette kjem før påske.

Hugs å melde deg inn i Facebook-gruppa «ToppTrening medlem» – sjå informasjon under.

Oppdatert informasjon 22.mars

Vi oppmodar alle medlemmar som har facebook, og må melde seg inn i «ToppTrening medlem» gruppa. Gå inn på facebooksida til ToppTrening, og klikk på knappen «Besøk gruppe» under framsidebiletet (gjeld PC/nettleser).

Klikk på den blå knappen med teksten «Besøk gruppe» for å få tilgang til LIVE sendingar av gruppetimar m.m.!

Oppdatert informasjon 18.mars

Kjære kunde ved ToppTrening!

Vi står i ei ukjent og urolig tid, med fleire spørsmål enn svar. ToppTrening har, etter pålegg frå regjeringa, midlertidig stengt frå 12 – 26.mars. Vi veit enno ikkje kva som skjer etter 26.mars, men vi tek høgde for at vi vert pålagde å halde stengt vidare. Vi innrettar oss etter regjeringa sine strenge tiltak, i håp om å redusere smitta.

Kva må du som kunde gjere?

  1. Alle kontrakter vert fryst frå 1.april dersom regjeringa vidarefører tiltaka om å stenge. Du treng ikkje å kontakte oss for å fryse medlemskapet ditt – vi gjer dette automatisk.
  2. Ønsker du å betale medlemskapet ditt, må du sende oss ein epost og gi beskjed om at du fortsatt vil betale for april! Vi jobbar på spreng for å kunne gi deg som fortsatt ønsker å vere medlem, eit godt og innhaldsrikt tilbod.
  3. Alle som er betalande medlemmar får tilgang til eksklusive treningstilbod i ei lukka facebook-gruppe, samt treningsprogram og utfordringar via MyWellness-appen, m.m.
  4. Har du allereie sendt epost om at du fortsatt vil betale, at du vil fryse, eller seie opp, treng du ikkje å gjere dette på nytt.

Vi har håp og tru på at ToppTrening fortsatt skal kunne gi gode treningsopplevingar etter denne stormen. Vi håpar du er med oss gjennom denne tida, og at vi saman kjem styrka ut av krisa.

Vask hendene, hald avstand og lytt til råda frå folkehelseinstituttet.

På snarleg gjensyn,

helsing Trude Flø Johnsen
og heile ToppTrening – teamet

Informasjon 13.mars

Til alle medlemmar:

Vi, og fleire andre, har hamna i ein ukjent og vanskelig situasjon. Vi bed om forståing for at det vanskelig å gi konkrete svar i ein situasjon som til stadigheit endrar seg, og som er så uviss framover.

Regjeringa er klar på at situasjonen vil gi ringverknader for alle, særskild økonomisk, både privat og i næringslivet.

ToppTrening har difor bestemt dette i første omgang:
Medlemsavgifta for mars, med forfall 20.mars, er allereie sendt og må betalast. Dette er leit, sidan vi har stengte lokaler. Vi vil i denne perioden gjere så godt vi kan med å gi treningstips via facebook og instagram.

Frå 1.april frys vi alle medlemskontrakter og har dermed ingen inntekter til å dekke dei faste, løpande kostandene vi har. Dette blir vårt tap, og vi tek tapet så lenge vi kan. Vi har håp om at vi framleis har ein jobb å kome tilbake til etter stengeforbodet, og at vi igjen kan tilby gode treningsopplevingar for alle.

Håper vi sjåast igjen snart, hald dykk friske!

TT-NYTT!

Les den fantastiske historia til Per Lund, som har gått ned 40 kg ved hjelp av trenings og kosthaldsendringar!

ToppTrening lanserer TT-NYTT der vi delar kundehistorier, informasjon om aktivitetar på senteret, samt tips og råd kring trening. Første utgåve kjem no, og vi har ambisjonar om 3-4 utgåver i året.

Les heile nyheitsbrevet her:

ToppTrening oppgraderer!

ToppTrening står for kvalitet i alle ledd, dette omfattar også treningsutstyret! I samarbeid med ein av verdas største leverandørar av treningsutstyr, Technogym levert av Qicraft Norway AS, får du eit treningssenter fullspekka med det nyast og beste utstyret på marknaden!

Med nytt utstyr blir det enklare å nytte «MyWellness» – appen i treninga. Vi veit at treninga og aktiviteten din ikkje berre skjer på treningssenteret, og med nye funksjonar i utstyret kan du no springe favorittløypa di utandørs inne på våre nye SkillRun møller. Vi er opptatt av heile livsstilen, og med MyWellness-appen kan du registere all aktiviteten din, også det du gjer heime og ute.

På det nye kondisjonsutstyret vil du lett kunne fortsette å sjå favorittserien din på Netflix, eller få videoinstruksjon om korleis du skal utføre treningsøkta di. Vi hjelper deg igong!

Alle dei nye styrkeapparata vil ha fargeskjerm som viser deg korleis du kan stille inn apparatet, og undervegs i treninga får du informasjon om korleis du skal utføre rørsla. Endelig er teknologi enkelt! Skjermane er intuitivt sjølvforklarande, men dersom du ikkje er så kjend med teknologien, så frykt ikkje, vi hjelper alle.

I samband med oppgraderinga av utstyrsparken, må vi halde stengt to dagar i desember. Det er onsdag og torsdag 12 – 13 desember. NB! Med atterhald om endringar frå fraktselskapet! Meir informasjon om dette får du ved å følge oss på facebook.

Nytt utstyr gir også nye moglegheiter. Frå nyttår startar vi difor opp med «bootcamp» timar. Dette er gruppetimar som vil utfordre atleten i deg, og vi ser verkeleg fram til å starte opp med desse timane!

SkillMill – unik mølle utan motor

 

SkillRun – råaste mølla som finnast!

Ta trappa med Climb frå Technogym

Neste økt ventar på deg!

Vi får PeckDeck til bryst!

Tyngre manualar? JA! 34 – 38 kg

CrossCable station – mange moglegheiter

Berøringsskjerm med intuitive forklaringar.

 

 

Vi byttar kundesystem!

Kva betyr det for deg som kunde?

  • På konverteringsdagen tysdag 25.september er resepsjonen stengt! Treng du hjelp til ulike tenester bed vi deg ta kontakt måndag 24. eller onsdag 26.september.

Nokre av funksjonane du får tilgang til er:

  • Tilgang til «Min side» og betre oversikt på medlemskapet ditt
    • Inkludert oversikt på besøkslogg
    • Fakturaoversikt
    • Kontrakt
    • Betre administrasjo
  • Nye funksjonar for reservasjon av gruppetimar, samt betra ventelistefunksjon
  • Tilgang til «ToppTrening»-appen
  • Betre oversikt på tenester frå ToppTrening
    • Bestilling/avbestilling av treningsrettleiing
    • Kjøp og bestilling av timar med personleg trenar
    • Kjøp og bestilling av kroppsanalyse

Meir informasjon om kva du treng å gjere for å få tilgang kjem!

Opningstider i sommar

ToppTrening har ope heile sommaren, men noko redusert opningstid i resepsjonen.

Ynskjer du sommartrening og abonnement med nøkkelkort kan vi enkelt ordne dette ved at du tek kontakt med oss på epost.

Respsjonen er betjent måndagar og onsdagar kl 17 – 19.

I tillegg er vi tilgjengelig på dagtid, måndag – torsdag mellom kl 9 – 13 frå 1.juli – 20.juli.

 

Slik får du tilgang i sommar:

  • Send epost til post@topptrening.no – Vi svarar og innhentar nausynt informasjon for å opprette kontrakta di. Vi avtalar tid for utlevering av nøkkelkortet.
  • DROP IN: Kjenner du nokon som trenar på ToppTrening og du vil vere med på ei treningsøkt? Ingen problem! Hugs berre å VIPPSE oss for besøket. «Drop in» er eit eige val i ToppTrening-VIPPS butikken. Du finn oss i VIPPS ved å søke på «ToppTrening» eller skrive VIPPS nummeret vårt: 128387. Nummeret er godt synleg i resepsjonen.
  • Eller kom innom i resepsjonstida! 🙂

Vi har gruppetimar heile sommaren – oversikt finn du her: TIMEPLAN

Ynskjer du å reservere plass på førehand må du laste ned MyWellness-appen! Spør oss gjerne om hjelp til å kome igang 🙂

 

God sommartrening frå oss på TT!

 

 

Gratis trening i påska!

Heim til påske, eller bor heime og vil bidra med bevegelsespoeng?! No kan du trene gratis ut mars, mot at du donerer MOVES til Let’s Move-kampanjen!

Slik kjem du i gang: 

  1. Send ein epost til post@topptrening.no og sei at du vil nytte deg av gratis trening og donere Moves til kampanjen.
  2. Du får ein invitasjonsepost (sjekk spam-filteret ditt), slik at du kan opprette MyWellness-kontoen din. Straks det er gjort kan du delta på Let’s move-kampanjen. All reservasjon av gruppetimar skjer også via MyWellness-appen.

Dette gir moves som er teljande i kampanjen:

  1. Trening utført på Technogym apparat, der treninga vert direkte loggført. Det betyr at du må sjekke inn på apparatet via appen eller TGS-nøkkelen
  2. Sykkeltimar der du loggar inn på sykkelen
  3. Trening på møller, syklar, ellipsemaskin og wave, der treninga vert registrert via TGS nøkkel
  4. NB! Maks 2000 moves pr. dag pr. deltakar.

Kurs for 10.klassingar!

Kurs for 10.klassingar er for ungdom som går i 10.klasse og ynskjer å trene på ToppTrening. Kurset er gratis, og etter fullført kurs kan ein trene åleine, utan følge, på ToppTrening. Det gjeld både i styrkeavdelinga og på gruppetimar. Ein må ha gyldig kontrakt og nøkkelkort. Personar som er under 18 år må ha ein myndig betalar, som vert registrert i kundesystemet hos oss.

Kurset varer i 3 veker, kvar tysdag frå 23.januar til tysdag 6.februar 2018.  Kurset startar kl 1515, og er ferdig kl 1615. Trude Flø Johnsen er kursleiar og er ansvarlig for øktene. Det blir både teori og praksis.

Kurset for 10.klassingar er to gonger i året – i januar og i september.

Påmelding kan gjerast via facebook ved å sende melding til ToppTrening, eller sende oss ei melding ved å  nytte dette kontaktskjemaet.  

Påmeldingsfrist: onsdag 17.februar

Viktig endring

Frå 1.desember 2017 vil vi nytte «MyWelnness» -appen til booking av gruppetimar. For å kome i gang med appen, bør du ta kontakt med ToppTrening. Det kan du gjere via epost, ringe oss eller kome innom i resepsjonstida. Vi kan sende deg ein invitasjonsmelding til «MyWellness» slik at det vert lettare for deg å kome igang.

I appen får du tilgang til reservasjon av gruppetimar, registrering av aktivitet, tilgang til utfordringar, ditt eige treningsprogram og mykje meir. Han er enklare å bruke, lettare å melde av og på timar, samt betre varsling. Spør oss gjerne om å kome igang, vi hjelper deg gjerne.

I heile desember vil vi som «årets julekalender» trekke ein vinnar av dei som har «MyWellness» konto. Følg oss på Facebook og få med deg alle oppdateringar 😀

 

Hausten!

Augustmånad har meldt seg, og med det trappar vi opp tilbodet på ToppTrening. Timeplanen for hausten er snart klar, men allereie komande veke vil det dukke opp fleire timar på timeplanen. Vi ser fram til ein spennande haust, med mykje aktivitet, nyheiter og inspirerande treningsøkter!

Endring i timeplanen

Frå måndag 19.juni vert det ei justering på timeplanen. Sykkel og mage/rygg kl 1615 går ut. Vi håpar mange finn vegen til sykkeltimen kl 1830. Frå måndag utvidar vi denne timen med mage/rygg kl 1920. Vi håpar for forståing for avgjerda. Trude er tilbake med meir krefter og energi etter sommarferien. God helg!