Fredagstimen

Ragnhild er vikar for Kristian førstkomande fredag, og det blir difor ei lita endring på ToppTrening- timen. Det blir kjørt SuperStyrke (styrketrening med BodyPump utstyret) istaden. Skal du både på sykkel og styrke, er det flott om du lagar til pump-utstyret før du går i sykkelsalen. Hugs å stille step-kassa på høgste stillet 🙂 Vel møtt!

Det snør…

Er det verkeleg 1. mai i morgon!? Skulle kanskje ikkje tru det når ein kikar ut vindauget… Synet fristar til innetrening! Har du sett timeplanen for idag? Du kan velgje mellom sykkel, styrke, core stabilitet, aerobic og bungee. Kva vel du idag?!

http://www.topptrening.no/timeplan/

Bookingen er ordna

Bookingsystemet datt ut i går kveld. I dag har vi fått ordna opp i problemet! Vi har endra domeneplassering, og det var under flytting av dette at det oppstod eit lite problem. Bookingen er open igjen, og du kan reservere favoritt-timane dine for dei neste tre dagane 😉