ToppTrening har ope heile sommaren, men noko redusert opningstid i resepsjonen.
Ynskjer du sommartrening og abonnement med nøkkelkort kan vi enkelt ordne dette ved at du tek kontakt med oss på epost.
Respsjonen er betjent måndagar og onsdagar kl 17 – 19.
I tillegg er vi tilgjengelig på dagtid, måndag – torsdag mellom kl 9 – 13 frå 1.juli – 20.juli.
Slik får du tilgang i sommar:
- Send epost til post@topptrening.no – Vi svarar og innhentar nausynt informasjon for å opprette kontrakta di. Vi avtalar tid for utlevering av nøkkelkortet.
- DROP IN: Kjenner du nokon som trenar på ToppTrening og du vil vere med på ei treningsøkt? Ingen problem! Hugs berre å VIPPSE oss for besøket. «Drop in» er eit eige val i ToppTrening-VIPPS butikken. Du finn oss i VIPPS ved å søke på «ToppTrening» eller skrive VIPPS nummeret vårt: 128387. Nummeret er godt synleg i resepsjonen.
- Eller kom innom i resepsjonstida! 🙂
Vi har gruppetimar heile sommaren – oversikt finn du her: TIMEPLAN
Ynskjer du å reservere plass på førehand må du laste ned MyWellness-appen! Spør oss gjerne om hjelp til å kome igang 🙂
God sommartrening frå oss på TT!