ToppTrening oppgraderer!

ToppTrening står for kvalitet i alle ledd, dette omfattar også treningsutstyret! I samarbeid med ein av verdas største leverandørar av treningsutstyr, Technogym levert av Qicraft Norway AS, får du eit treningssenter fullspekka med det nyast og beste utstyret på marknaden!

Med nytt utstyr blir det enklare å nytte «MyWellness» – appen i treninga. Vi veit at treninga og aktiviteten din ikkje berre skjer på treningssenteret, og med nye funksjonar i utstyret kan du no springe favorittløypa di utandørs inne på våre nye SkillRun møller. Vi er opptatt av heile livsstilen, og med MyWellness-appen kan du registere all aktiviteten din, også det du gjer heime og ute.

På det nye kondisjonsutstyret vil du lett kunne fortsette å sjå favorittserien din på Netflix, eller få videoinstruksjon om korleis du skal utføre treningsøkta di. Vi hjelper deg igong!

Alle dei nye styrkeapparata vil ha fargeskjerm som viser deg korleis du kan stille inn apparatet, og undervegs i treninga får du informasjon om korleis du skal utføre rørsla. Endelig er teknologi enkelt! Skjermane er intuitivt sjølvforklarande, men dersom du ikkje er så kjend med teknologien, så frykt ikkje, vi hjelper alle.

I samband med oppgraderinga av utstyrsparken, må vi halde stengt to dagar i desember. Det er onsdag og torsdag 12 – 13 desember. NB! Med atterhald om endringar frå fraktselskapet! Meir informasjon om dette får du ved å følge oss på facebook.

Nytt utstyr gir også nye moglegheiter. Frå nyttår startar vi difor opp med «bootcamp» timar. Dette er gruppetimar som vil utfordre atleten i deg, og vi ser verkeleg fram til å starte opp med desse timane!

SkillMill – unik mølle utan motor

 

SkillRun – råaste mølla som finnast!
Ta trappa med Climb frå Technogym
Neste økt ventar på deg!
Vi får PeckDeck til bryst!
Tyngre manualar? JA! 34 – 38 kg
CrossCable station – mange moglegheiter
Berøringsskjerm med intuitive forklaringar.

 

 

«Studio-lappen»

No kan alle som går i 10.klasse og oppover melde seg på kurset, og ta «Studio-lappen»! Då kan du trene åleine i styrkeavdelinga i heile opningstida. Kurset er for medlemmar, og er gratis!

Kursdagar og innhald:

Tysdag 4.sept – kl. 15.15- 16.15: Introduksjon til kurset (teori), trening med kroppsvekt (praksis)

Tysdag 11.sept– kl. 15.15- 16.15: Teknikktrening baseøvingar (praksis)

  • Heimeoppgåve til 31.oktober: Ta E-læringskurset i regi av AntiDoping Norge. Sjå instruksar nedom.

Tysdag 18.sept – kl. 15.15- 16.15: Ernæring og trening (teori), basistrening kjernemuskulatur (praksis)

100% deltaking er naudsynt for å kunne fortsette å trene åleine på ToppTrening.

Kva må du som deltakar gjere?

Møt opp på ToppTrening i god tid til kvar økt. Ver klar i treningskle før start. Vi forventar aktiv deltaking på øktene, både på teori- og praksisdelen.

Kursleiar: Trude Flø Johnsen

 

Påmelding til post@topptrening.no

Møt Herman!

Herman Hjertvik er tilsett som ny treningsrettleiar på ToppTrening. Du møter han kvar tysdag og onsdag ettermiddag/kveld. Sikre deg ein time med han snarast – kontakt resepsjonen eller send oss ein epost for å bestille time.

 

Om Herman:

Eg er 20 år gamal og kjem frå Ørsta. Etter tre år på ein av Noregs beste vidaregåande skular innan idrett (Toppvolley Norge i Rogaland) har eg fått tilegna meg mykje kunnskap om det å trene rett og variert. Ikkje berre for å verte betre i volleyball, men korleis trene for å unngå potensielle skadar innan idrett generelt og i samanheng med styrketrening.

 

Eg ser fram til å ta fatt på ein ny og spanande jobb som treningsrettleiar på Topp Trening og trur det vil gje både meg og forhåpentleg vis alle som nyttar seg av tilbodet, ei god og lærerik erfaring innan trening og fysisk aktivitet.

 

Antidoping seminar 5.april

Tysdag 5.april kl 17-19 arrangerer ToppTrening i samarbeid med Ørsta Idrettslag og politiet i Ørsta eit seminar der antidopingarbeid vert set på agendaen. Vi får besøk av dyktige og engasjerte foredragshaldarar, som har ulike innfallsvinklar på kvifor nokre vel uheldige snarvegar til ein sterkare kropp og betre utsjånad.

Dette er eit foredrag for foreldre, ungdommar, besteforeldre, lærarar, trenarar og alle som har med oppveksande ungdom å gjere.

Therese Fostervold Mathisen: #fitspiration gone wrong!

Ernæringsfysiolog, tidlegare aktiv utøvar i styrkeløft og Atletic Fitness, Ph.d. stipendiat v/Norges Idrettshøgskule – bruk av trening som behandling av spiseforstyrrelser. Therese har dei siste åra halde gripande foredrag på FitnessConvention, der ho mellom anna set store spørsmålsteikn ved instagrambilete som vert lagt ut for å «inspirere andre». Hastag’s som #sommerkroppen  #drømmekroppen #fitspiration med bilete av perfekte kroppar, mageruter, blodårer, salatar og #nopainnogain er meint å inspierere andre til å bevege seg meir, men viser seg å ha heilt motsatt effekt.

Folk flest vert deprimerte og umotiverte og får eit dårligare forhold til eigen kropp ved å følgje desse instagramprofilane. Therese kjem her med eit foredrag som set fokus på problemet, og foreslår eit alternativ til korleis vi skal kommunisere helse og livsstil på ein måte som faktisk motiverer. Therese er fagleg dyktig, engasjerer publikum, og er direkte i bodskapen sin. Dette er heilt klart eit foredrag alle foreldre, lærarar, trenarar, ungdommar og alle som interesserer seg for neste generasjon bør få med seg.

Anti Doping Norge:

Eirin Rise er AntiDoping Norge sin representant og reiser rundt i heile Norge og held foredrag om doping som samfunnsproblem, biverknadar av misbruk, kosttilskudd og trening. Nyare forsking viser at det veks fram ei heilt ny «brukargruppe» innan doping. Tidlegare var anabole steroidar knytta til kroppsbyggermiljøet. No finn ein dette over alt, i alle treningsmiljø og sosiale lag.

Motivasjonen og terskelen for å ta i bruk ulovlege stoff veldig lav, og det er målet om ein betre presentasjon framfor prestasjon som er noko av årsaken. Her får vi fakta om korleis doping er eit problem i Norge, og kva vi kan gjere for å ta eit nydelig standpunkt i kampen mot doping og kroppspress.

Personlig Trening!

Vi er så heldige å ha besøk av Amir Muric fram til påske. Amir er frå Ørsta, men studerer ergonomi ved NTNU i Trondheim. Fram til påske har Amir praksis ved Mork Rehabiliteringssenter, og vil på fridtida tilby personlig trening på ToppTrening. Dirfor køyrer vi no kampanje på PT timar – der du får 30%rabatt på enkelttimar og PT-pakke med 10 PT-timar. Alle timane må gjennomførast før påske.

Har har du verkeleg moglegheita til å få eit godt tilrettelagt program, terpa teknikken, og få den motivasjonen du treng for å kome deg eit steg vidare!

 

Utdanning:

Active Education – Personlig Trenar, kostrettleiar, ernæring, helse og kosthald

NTNU Trondheim – Ergoterapi

Ulsteinvik Vidaregåande – idrett og fotball.

Gratis Personlig Trening!

No tilbyr vi to gratis PT- timar til alle kundar som kjøper medlemskap i oktober! Kom godt i gong med treninga, under kyndig rettleiing, og med ein personlig trenar som er engasjert målsettingane dine. Ein avtale med ein personlig trenar senkar terskelen og «dørstokkmila» og gir deg eit puff igang. Bestill time HER

Trening med PT kan gjerast desse tidene (oversikt på kva som er ledig får du i resepsjonen)
* tysdagar kl 08-09 og 13-16
* onsdagar kl 15-1630 og kl 1845 – 1945
* torsdagar kl 08-10 og 14-16
* fredagar kl 09-11 og 14-16

Haustferie?

Trene i haustferien? Vi har tilbodet! Tren så mykje du vil i sju dagar for berre kr .300,- Du får tilgang til heile gruppetimetilbodet og tilgang til styrke- og kondisjonsavdelinga frå kl 06-23 kvar dag, også i helgane. Send ein epost til post@topptrening.no eller ring oss på tlf 700 69 433 for å kome i gang! Vi har gratis Wi-Fi!

Inspirasjon?

Treng du eit lite «dytt» for å kome igang med treninga? Eit inspirerande og motiverande treningsprogram samt med ein liten prat med ein treningsrettleiar kan vere nok. Måndagar kl 1430 – 1600 og kl 18-19, torsdagar kl 18-19 og 2030 – 2130, fredagar kl 1430 – 1530 møter du Ingeborg på ToppTrening. For å vere heilt sikker på at Ingeborg er ledig bør du bestille ein avtale. Det er gratis for kundar, og gjerast lett ved å sende ei melding HER Ingeborg er viser deg gjerne øvingar eller tips til variasjon 🙂

 

Sprek mamma

Sprek Mamma er «Mor & barn»-timen i ny innpakking!
Treningstrendane endrar seg, og vi har gitt mor&barn timen eit lite løft med tråd i tiden. I tillegg er Ingeborg med som instruktør, slik at Trude og Ingeborg deler på timen.

Sprek mamma er ein gruppetime der barnet er aktivt med i økta, og målet er både å skape god relasjon til barnet, men mest av alt å styrke muskulatur og kondisjon etter fødsel. Difor er det stort fokus på øvingar der barnet trygt kan vere med, og samtidig at mor får utfordra kroppen.

Innhald: oppvarming, kondisjon og styrke, bekkenbunnstrening, mage/rygg og uttøying. Timen varer ca. 45- 50 min.

Kven kan delta?
«I følge the American College of Obstetricians and Gynecologists, er det individuelt når man kan gjenoppta trening. Ett kriterium er selvsagt at det må være fysisk og medisinsk trygt. Når dette tidspunktet inntreffer, varierer. Noen klarer å trene litt bare noen dager etter en fødsel, mens andre trenger flere uker på å komme seg. Har du gjennomgått en komplisert fødsel, eller keisersnitt, kan det gå mer enn seks uker før du kan gjenoppta treningen» www.nhi.no

Det er i stor grad individuell vurdering om du kan delta, men er du usikker, så sprø lege eller fysioterapeut. Vi kan også vere behjelpelig med svar. Ta med bilstol eller vogn inn i gruppesalen, eller barnet kan ligge på matter på golvet under timen.

Pris:
Gratis for kundar ved TT (gjeld avtalegiro-kundar), men vi må ha påmelding for å vite om det er grunnlag for å køyre timen.

15 økter (1.sept – 8.des) kr. 1800,-
Drop in: 150,-

Instruktør: Helse- og treningsterapeut/PT Trude Flø Johnsen (ansvarlig) og kosthold-/treningsrettleiar Ingeborg Tusvik Nupen

Påmelding: Send epost til post@topptrening.no eller bruk kontaktskjema på nettsida.

Nokre tips:
* ta med drikkeflaske, ein liten handduk og gode innesko til mor
* ta med eit liggeteppet til barnet
* bruk ein god sports-BH, som gir god støtte
* det kan vere litt golvkaldt, så kle barnet i ullkle

Ekstratime!

Nyt du sumaren og ferietid? Kva passar vel betre enn ei supereffektiv og kort økt i desse dagar? Laurdag 25.juli  kl 1030 køyrer Trude OMNIA Express 30min.  Ein kort, intensiv og effektiv time som utfordrar deg på fleire område – styrke, kondisjon, stabilitet, mobilitet og intensitet! Du kan lese meir om timen på timeplanen.