Allehelgensdagen er vel gjennomført og november har melda sin ankomst, med krisp og kald luft, og gløtt av sol! Samtidig er det stor aktivitet på ToppTrening – her får du informasjon om kva som skjer framover:

  •  

    Avtale med Møre Folkehøgskule; 17 elevar ved Adventura Body & mind skal delta i organisert- og individuell trening på ToppTrening i november. Gruppesalen vil i perioder vere opptatt; sjekk timeplanen for oppdatert informasjon.

  •  

    Fysio1 har fleire treningsgrupper på gang:

    • I tillegg til samarbeidsprosjektet «Balansegruppa» for eldre, har fysioterapeut Thomas Ose Silseth ei treningsgruppe tysdagar kl 1430 – 1530. Her er nokre ledige plassar!
    •  

      Osteopat og fysioterapeut Erik D. Tønnessen startar styrketreningsgruppe for deg som skal springe fort og hoppe langt. Dette er eit opplegg med styrketrening, hink og hopp, samt forebyggande trening for å unngå hamstringstrekk. Her er deltakarar frå friidrettsgruppa, hanballgruppa vil verte invitert, og det er ope for andre som føler dette kan passe. NB! Påmelding – kontakt oss.

    •  

      Dynamisk tøyning kvar torsdag kl 0830 – 0900 – Dette starta som eit tilbod til dei som jobbar på «huset», men vi vil gjerne ha med fleire, så her er det fritt fram for å møte opp.

  •  

    Workshops – Ingeborg T. Nupen held foredrag onsdag 9.november kl 1930 – 2015 om «Mat for helse – her får du mange praktiske råd. Påmelding via epost til post@topptrening.no

  •  

    ToppTrening sine tilsette skal delta på kurs torsdag 18.november, og resepsjonen vil vere stengt på kveldstid grunna dette. Timeplanen vil også verte endra gruppa kursing, men kurshaldaren vil ha ein eksklusiv gruppetime med ToppTrening-kundane!

  •  

    «Ta med ein ven»-trening laurdag 26.november! Denne laurdagen kan du ta med ein ven på trening, og vi held ope hus med ulike tilbod og gruppetreningar kl 13 – 17. Meir informasjon om oppsettet vil kome. Her vert det gode tilbod på m.a. produktpakkar.

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.