NIH FitnessConvention 2016 er det største inspirasjonssamlinga for treningssenterbransjen, og er eit årleg arrangement. Her møter ein alt frå nye treningstrendar og show, til gode klassikarar og viktige foredrag. Foredraga vert ofte halde av doktorgradsstipendiatar, professorar, og andre fagpersonar innan tema fysisk aktivitet, helse og trening. ToppTrening har deltatt feire år på rad, som eit ledd i å halde seg fagleg oppdatert, både på teori og i praksis.

Gode gruppetimar

Trude Flø Johnsen frå ToppTrening var invitert til å presentere ein sykkeltime på årets Convention, og hausta mange gode tilbakemeldingar etter gjennomføringa. At eit lite treningssenter i Ørsta vert inviterte til å spre treningsglede på ei nasjonal arena, er ei stor tillitserklæring, og eit teikn på at vi gjer mykje godt på ToppTrening. Vi har eit inderleg ynskje om at alle som deltek på gruppetimar hos oss skal verte sett, møtt og motiverte til å kome igjen. Tilbakemeldingane frå kundane våre er at dei trivast svært godt hos oss, sjølv om vi til stadigheit jobbar med å verte betre.

Meir kvardagsaktivitet!

Dersom ein skal prøve å gi ei kort oppsummering frå alle dei ulike tema som vart presentert på foredraga, er det at sjølv om fleire trenar meir, er vi som befolkning for inaktive. Dei 2-3 timane vi trenar på ettermiddagane gjer ikkje opp for at vi er stillesittande 60% av den tida vi er vakne. Aktivitetsnivået i Noreg er eit av dei dårligaste i Europa, sjølv om skilnadane er store. Ein må likevel ikkje «miste motet», men sjå kva kvar og ein kan gjere for seg sjølv for å vere litt meir i rørsle. «Rørsle» er eit viktig stikkord dersom ein vert skremt av ordet «trening». Å stå framfor kontorpulten, å parkere bilen lengst vekk frå inngangspartiet, gå trappene, leike med borna og sitte mindre, vil påvirke energiforbruket og gjere at aktivitetsnivået aukar og den fysiske helsa vert positivt påverka. Eitt tips kan vere å slå av TVen og logge av telefonen ein time tidlegare enn du gjer på kvelden, og sjå kva som skjer!

 

Frå ToppTrening var det i år 4 deltakarar. Her ser vi Camilla, Trude, Kristian og Else ved standen til QiCraft, som leverer utstyr frå kvalitetsleverandøren Technogym. Dei presenterte også ei verdsnyheit, med ei revolusjonerande ny tredemølle!

NIH_4

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.