Fekk eit spørsmål frå ein kunde idag som eg kunne tenke meg å dele med alle, det er nok fleire som lurer på det same 🙂

1. Når forbrenner ein mest kaloriar; bruke to timar på fjellet, eller «peise på» å bruke berre en? (same distanse).

2. Jogge en halv time eller gå en time?

Svar på begge spørsmåla:

Det har tidlegare vore sagt at det å gå ein distanse, eller jogge ein distanse gir det same kaloriforbruket, fordi det å flytte ei masse, ei distanse, krev like mykje energi. Men det å jogge er tyngre enn å gå, fordi ein flyttar kroppen meir opp og ned (vertikal forflytting i tillegg til fartsretninga), har eit kraftigare avspark og landing, noko som aukar forbruket meir enn om du går same distanse. Så til spørsmålet ditt om kva som gir høgst kaloriforbuk vil det vere den aktiviteten med høgast intensitet, altså det å jogge. Det betyr ikkje at lavintensitet og rolige fjellturar ikkje er positivt! Det er viktig for å forbedre muskelen si evne til å omdanne energi, altså forbrenne kaloriar. Så ja takk, begge deler 🙂 Håper det gav svar på spørsmålet ditt 🙂

Kom gjerne med fleire spørsmål!

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.