Søndag var Trude i Stryn i regi av BasisBall for å kurse nye og lovande instruktørar! Trude har nyleg blitt ein del av BasisBall-teamet, og dette vert ein styrke for ToppTrening framover. BasisBall er eit norskutvikla konsept, der «trent for å trene» står som ein grunnpillar. BasisBall er for alle; alle folk, alle aldrar, det skapar meistring og treningsglede. I BasisBall får ein utfordra heile kroppen, ein har henta mykje inspirasjon frå idretten. I timane får du utfordra styrke og kondisjon, i tillegg til mobilitet, stabilitet, koordinasjon (auge/hand) og hurtigheit. Dette er funksjonell trening som har stor overføringsverdi til kvardagen og til andre treningsformer. Det er pr. d.d. tre ulike konsept innan BasisBall; BasisBall Raw, BasisBall 4×4 og BasisBall CenterCore.

I november i år vert det arrangert FitnessConvention i regi av Norges Idrettshøgskule, der BasisBall skal presentere eit nytt konsept. BasisBall RIT (rope intervall training). Trude skal vere med på denne presentasjonen 🙂  Alle kundar på ToppTrening får høve til å vere nokre av dei første i landet som får prøve den nye timen, samt at ToppTrening vil vere eit senter som er viktig for tilbakemeldingar og vidare utvikling av konseptet. Kundane sine tilbakemeldingar og meiningar er viktige!

Har du enno ikkje prøvd BasisBall så håper vi du fekk litt inspirasjon til å bli med no 😉

Er du usikker på kva som passar deg? Spør oss om råd 😉

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.