Trene inne? Trene ute? Ja takk, begge deler!

ToppTrening ynskjer velkomen all fysisk aktivitet, ikkje berre inne, men også ute. Difor har vi i år satsa på ei konkurranse som gir poeng både for økter inne på ToppTrening, og ute! Gjennom tenesta «Trimpoeng»-app’en og konkurransen «ToppTrimmaren» kan du samle poeng på korte turar, lange turar og treningsøkter innandørs og utandørs i regi av ToppTrening.

Det er gratis å delta, ope for alle, også dersom ein ikkje er kunde på ToppTrening! Last ned appen, lag deg ein brukar, og kom igang!

Vi trekk premiar – du har vinnarsjangsar uansett om du har få eller mange poeng.

Har du eit turmål som burde vere med i konkurransen? Då kan du foreslå det til oss, slik at vi  kan legge det inn 🙂

Link til konkurransesida finn du HER

Vi ynskjer alle ein topp sommar, med topp aktivitetsnivå for alle! God tur 🙂

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.