Amir er nyutdanna Personlig trenar, og skal jobbe på ToppTrening i sommar. No har du sjansen til å gjere eit sommarkupp på PT! Kom i ditt livs sommarform med god hjelp frå ein engasjert og livlig Ørsta-gutt.

Vi gir 20% rabatt på 10, 5 eller 1 PT- time med Amir.

Prisdøme: Ved kjøp av 5 timar sparer du kr. 500,- (totalpris kr. 2000,-). Ved kjøp av 10 timar sparer du kr. 900,- (Totalpris kr. 3600,-). Timane må nyttast innan utgangen av august.

Litt om Amir: Han har alltid vore aktiv og drive med kampsport, handball og fotball. Grunna skader måtte idretten leggast på hylla, men interessa for trening gjorde at han har utdanna seg til personlig trenar. Til hausten er det meir utdanning innan helse og trening, og sommaren vert brukt til å hjelpe deg i form 😉

«Mitt mål er å få deg til å kome i gong med trening, lære korleis og kvifor ein gjer ulike øvingar,  og hjelpe deg til å yte det beste du kan! Eg hjelper deg til å få maksimalt utbytte av treninga slik at du når dei måla du har sett deg» – Amir Muric

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.