Tysdag 5.april kl 17-19 arrangerer ToppTrening i samarbeid med Ørsta Idrettslag og politiet i Ørsta eit seminar der antidopingarbeid vert set på agendaen. Vi får besøk av dyktige og engasjerte foredragshaldarar, som har ulike innfallsvinklar på kvifor nokre vel uheldige snarvegar til ein sterkare kropp og betre utsjånad.

Dette er eit foredrag for foreldre, ungdommar, besteforeldre, lærarar, trenarar og alle som har med oppveksande ungdom å gjere.

Therese Fostervold Mathisen: #fitspiration gone wrong!

Ernæringsfysiolog, tidlegare aktiv utøvar i styrkeløft og Atletic Fitness, Ph.d. stipendiat v/Norges Idrettshøgskule – bruk av trening som behandling av spiseforstyrrelser. Therese har dei siste åra halde gripande foredrag på FitnessConvention, der ho mellom anna set store spørsmålsteikn ved instagrambilete som vert lagt ut for å «inspirere andre». Hastag’s som #sommerkroppen  #drømmekroppen #fitspiration med bilete av perfekte kroppar, mageruter, blodårer, salatar og #nopainnogain er meint å inspierere andre til å bevege seg meir, men viser seg å ha heilt motsatt effekt.

Folk flest vert deprimerte og umotiverte og får eit dårligare forhold til eigen kropp ved å følgje desse instagramprofilane. Therese kjem her med eit foredrag som set fokus på problemet, og foreslår eit alternativ til korleis vi skal kommunisere helse og livsstil på ein måte som faktisk motiverer. Therese er fagleg dyktig, engasjerer publikum, og er direkte i bodskapen sin. Dette er heilt klart eit foredrag alle foreldre, lærarar, trenarar, ungdommar og alle som interesserer seg for neste generasjon bør få med seg.

Anti Doping Norge:

Eirin Rise er AntiDoping Norge sin representant og reiser rundt i heile Norge og held foredrag om doping som samfunnsproblem, biverknadar av misbruk, kosttilskudd og trening. Nyare forsking viser at det veks fram ei heilt ny «brukargruppe» innan doping. Tidlegare var anabole steroidar knytta til kroppsbyggermiljøet. No finn ein dette over alt, i alle treningsmiljø og sosiale lag.

Motivasjonen og terskelen for å ta i bruk ulovlege stoff veldig lav, og det er målet om ein betre presentasjon framfor prestasjon som er noko av årsaken. Her får vi fakta om korleis doping er eit problem i Norge, og kva vi kan gjere for å ta eit nydelig standpunkt i kampen mot doping og kroppspress.

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.