Har du langvarige ryggplager og kjenner at smerteplagene stadig vender tilbake? Kanskje dette er noko for deg:

Ryggskule med Fysio1 og Topp Trening
I oktober og november arrangerer vi ryggskule for personar med langvarige ryggplager. Kurset starter med ein eigen introduksjonsdag Fredag 31.10.14 (kl. 08.00 – 10.00) før ein tek til med eit trenings – og undervisningsopplegg som går over tre veker:

Veke 45
Måndag (03.11.14) kl. 08.00 – 10.00
Fredag (07.11.14) kl. 12.00 – 14.00

Veke 46
Måndag (10.11.14) kl. 08.00 – 10.00
Fredag (14.11.14) kl. 12.00 – 14.00

Veke 47
Måndag (17.11.14) kl. 08.00 – 10.00
Fredag (21.11.14) kl. 12.00 – 14.30

Hjå ryggskulen vil ein kunne lære om funksjonen til ryggen, skadar og smertemekanismer, samt korleis ein kan gjere tiltak for å betre sine smerteplager.

Kursarrangørane er fysioterapeutane Thomas Ose Silseth og Erik Drange Tønnessen (Fysio1) samt personlig trenar Trude Flø Johnsen (Topp Trening).

Alle som melder seg på vil gå gjennom ei førstegangsundersøking hjå ein av fysioterapeutane og ein vil kartlegge om gruppeopplegget passer til vedkomande sitt behov. All gruppetrening kan tilpassast, og vil foregå som stasjonstrening slik at kvar enkelt kan jobbe i sitt eige tempo. Treninga vert rettleia av fysioterapeut.

Treningsopplegget til Ryggskulen:
• Alle får eit individuelt tilpassa treningsopplegg som ein bruker under bolken “Individuell trening i gruppe” der ein får oppfølging av fysioterapeut.
• Gruppetrening (sirkeltrening) funksjonell styrketrening med fysioterapeut
• Kondisjonstrening (sykkel, elipsemaskin, stepmaskin, gange i motbakke), og dette blir eit utgangspunkt for vidare trening i tida etter Ryggskulen.
Alle bolkane vil innehalde ein teoridel i forkant av økta.

Pris: Då dette er første gang vi arrangerer Ryggskulen, vil det være ein introduksjonspris på 2500kr per person og inkluderer førstegangsundersøking, introduksjonsdagen, kursmateriale, eit spesialtilpassa treningsopplegg, samt oppfølging gjennom 6 økter (12 timar).

Har du lyst å melde deg på Ryggskulen, eller berre har spørsmål: 
Kontakt fysioterapeut Thomas Ose Silseth 
Tlf: 980 72 439
E- post: fysio.thomas.o.silseth@gmail.com

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.