Årets NIH Fitness Convention 2015 gjekk av stabelen i helga, og 13 tilsette frå ToppTrening deltok. Arrangementet på Idrettshøgskulen er den største møteplassen i treningssenterbransjen, der ein får fagleg påfyll, både i teori og praksis. No ventar nok ei spennande treningsveke på ToppTrening. Ein litt sliten gjeng, men mest motiverte og inspirerte for å kunne gi og dele mest mogleg av kunnskapen vidare til alle dei verdsette kundane våre. Vi ynskjer deg og alle andre ei TOPP treningsveke 🙂