Informasjon til medlemmar om smittesituasjonen i Ørsta

ToppTrening ynskjer å kome med informasjon til medlemmane, og prøve å avgrense rykter som har oppstått i samband med eit nytt, postivit Covid-19 tilfelle i Ørsta (28.01.2021)

Det er viktig for oss å poengtere at du som kunde skal vere heilt trygg på vi vil varsle aktuelle kundar, og informere på nettsida, dersom situasjonen skulle tilseie det. Dersom ein person får påvist positiv Covid-19, og har vore på trening hos oss, dei siste 48 timane før positiv test, vil aktuelle kundar og personal verte varsla snarast råd, og via smittesporingsteamet i Ørsta kommune.

Når det gjeld rykta som har oppstått idag, ser vi det som naudsynt kome med faktaopplysningar, for å unngå vidare spreiing av rykter.

  1. Ingen av ToppTrening sine tilsette er i pålagt karantene, heller ikkje sambuarar eller ektefeller.
  2. Vi har ein tilsett, som var nærkontakt til nærkontakt av dei 6 personane som vart sett i karantene tysdag.
  3. Vår tilsett, inkludert sambuar, har testa negativt på Covid-19 test. Testen vart tatt onsdag morgon, og svaret var klart onsdag kveld. Vidare er det avklart av vår tilsett IKKJE er nærkontakt til det nye smittetilfellet som vart stadfesta torsdag.
  4. Vi har i samråd med den tilsette, styret i ToppTrening og leiing, bestemt at vår tilsett har heimekontor torsdag, som eit «føre var» prinsipp. Dette er strengare enn dei anbefalte retningslinjene.

Vi har eit godt samarbeid med smittevernteamet i Ørsta kommune, og vi ynskjer med dette å bidra til fakta, redusert ryktespreiing og frykt.

Hald avstand, vask hendene, og test deg om du har symptom. Hald deg i fysisk aktivitet og ta vare på helsa!

Alt om koronasituasjonen i Ørsta kommune finn du her: https://www.orsta.kommune.no/beredskap/koronaviruset/

Lesernes kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.