Endringar og nye ansikt på ToppTrening

Det har skjedd mykje på ToppTrening siste månadane, og meir skal skje! Her får du informasjon frå leiinga ved ToppTrening; om nye tilsette og kva roller dei har, kven som blir litt mindre å sjå til, samt at vi jobbar i kulissane med nye ideear!

Takk for innsatsen!

Trude Flø Johnsen har starta i ny jobb hos Avonova Helse. Trude har vore dagleg leiar sidan 2008, og har drifta senteret med ei stødig og visjonær hand.

ToppTrening ønsker å takke for den fantastiske innsatsen som har vore gjort, og som gjer at vi har eit heilt unikt treningssenter, med eit solid verdigrunnlag vi kan vere stolte av.

Trude held fram både som styremedlem i ToppTrening AS, og ho blir å sjå på timeplanen også vidare. Tida var inne for nye utfordringar, og styret støttar avgjerda fullt og heilt. Vi kjenner oss trygge på at driftsgrunnlaget er godt forankra i lokalsamfunnet, og at det vil kome både medlemmar og tilsette til gode. Styret ser fram til nye tankar, idear og samspel for komande driftsår.

Ny dagleg leiar

Vi kan med glede melde at Christer Eikrem tek over som dagleg leiar frå 17.januar 2022. Christer har vore medlem ved ToppTrening og har ei særskild interesse for styrketrening. Han har kjennskap til fleire senter, og veit kva eit medlem setter pris på og har behov for. Christer har ei bachelorgrad i økonomi og adminstrasjon, med spesialisering innan rekneskap. I tillegg har han ei bachelorgrad i Sport management, samt vidareutdanning innan leiing.

Vi er sikre på at Christer er rette personen til å bli med å utvikle oss, samtidig som vi tek med oss verdigrunnlaget vi har bygt opp.

Permisjon

Guro Osborg Kvammen har fødselspermisjon fram til 15.september 2022. Det blir eit stort sakn både for oss og medlemmane! Vi håpar vinteren og sommaren går raskt, slik at vi snart kan ha deg tilbake hos oss. ToppTrening ynskjer familien lykke til i tida som kjem.

Ny studiovert på dagtid

Biletet er lånt frå Volda Handball

Marte Lausund Nordnes skal starte eit 50% vikariat for Guro, og startar rett på nyåret. Vi er veldig glade for at vi har fått med oss nye og dyktige medarbeidarar!

Biletet er lånt frå Volda Handball sine heimesider. Klikk på biletet for meir informasjon!

Marte er 24 å, kjem frå Ålesund, men bor i Hovdebygda. Har bodd i Volda siste 5 åra, og studerer master i samfunnsplanlegging og ledelse ved Høgskulen i Volda. Har frå før ein bachelor i planlegging og administrasjon.

I tillegg til studiane, og kanskje noko av årsaken til at ho hamna i Volda, er interessa for handball. Ho spelar for Volda handball 1.divisjon. Her har ho vore ein del av spelarstallen i 6 sesongar. Vi ser fram til å sjå ho på ToppTrening!

Ny treningsrettleiiar

Maria Todorova er tilsett som ny treningsrettleiiar, og du vil møte ho kvar måndag og torsdag kl 1600 – 1830. I tillegg til desse tidene vil ho jobbe enkelte helgar. trenger du nytt treningsprogram, eller trenger litt hjelp til å kome i gang, er Maria den som kan hjelpe deg. Her kan du sende epost og reservere tid: post@topptrening.no

Maria har hatt ei lang og innhaldsrik karriere i profesjonell volleyball. Ho har turnert verda rundt, og har hausta mykje kunnskap og erfaring. Ho har ein master i idrettslære, samt fleire fag innan lærar-yrket frå Høgskulen i Volda. Saman med familien flytta ho frå Tyrkia til Volda i 2013. Her har dei engasjert seg i KFUM Volleyball i Volda, og er ein del av både spelarstallen og trenar-teament. Frå i haust kan du møte Maria både på Ørsta ungdomsskule, og på ToppTrening.

Året 2022

Det er mykje spennande som skjer på ToppTrening i 2022! Vi tek med oss verdigrunnlaget vi har bygt ToppTrening på, og vil fortsette å strekke oss etter å vere det beste alternativet for deg som ønsker ein trygg stad å trene. Vi har fokus på gode haldningar, helse og trivsel, og med auka overskot og energi som resultat. Vi skal fortsette å satse aktivt på gruppetimar, og vidareutvikle kompetanse, erfaring og engasjement!

I tillegg har vi fleire planar som du som kunde vil kunne nyte godt av! Vi kan ikkje røpe desse planane enno, men vi skal informere deg så snart vi kan avsløre kva vi jobbar med!

Alle tilsette ved ToppTrening håpar at du som medlem vil følge ferda vidare, og bli med i det neste kapittelet i ToppTrening si historie!