ToppTrening AS blir Family Sports Club! 

ToppTrening AS har valgt å gå inn i eit samarbeid med Family Sports Club AS! Dette er ein del av ToppTrening sin framtidsretta strategi for å sikre god og forsvarlig drift av treningssenteret. Vi vil framleis styre oss sjølve og vere ansvarlege for eiga drift, men vi styrkar samarbeidet på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Dette trur vi vert eit stort løft for treningssenteret; for deg som medlem, for drifta, og for dei tilsette. 

Kvifor gjer vi dette? 

Sentralt i avgjersla står muligheita for å samarbeide tettare med FSC Volda. Dette er noko vi ser fram til å kunne gjere no når vi er under same «paraply». Utveksling og utvikling av kompetanse, vidareutvikling av treningstilbodet, organisasjonsutvikling og tettare lokalt samarbeid vil gi deg som kunde eit enda betre og breiare tilbod.  

For leiinga i ToppTrening AS kjennest dette ut som eit stort steg inn i framtida. Vi har hatt nokre tøffe år med pandemien, og vi har vore gjennom ein overgangsfase på den administrative sida. Det vart difor naturlig for oss å tenke nytt no.  

Verdigrunnlaget

Det er viktig for oss å framleis vere eit sjølvstendig senter, der vi tek vare på verdiane og kulturen til ToppTrening. Vi er stolte over medlemmane våre, haldningane, alle tilsette og betydinga ToppTrening har i lokalsamfunnet. Dette vil vi ta med oss vidare. Våre tre gunnverdiar «Energi – helse -trivsel» vil framleis vere styrande for vala vi tek.   

Til saman trur vi dette skapar grunnlaget for det som til slutt er det aller viktigste for ToppTrening: at tilbodet til medlemmane vert så bra som mulig. Alle endringane vi gjer – store og små – er heimla i denne tanken. 

Kva vil det seie for meg som er medlem? 

Det vi trur og håper er at dette er positivt for deg som medlem. Gjennom samarbeidet vårt med Volda, vil du få fleire val og større tilgang til eit utvida treningstilbod. Det er mykje spennande som skjer i Volda (.. og Ørsta), med eit større fagmiljø gjennom AFPT utdanning ved Høgskulen i Volda, Volda Performance og padelbaner, og eit allereie godt etablert treningssenter i FSC Volda.  

Samtidig vil du kjenne igjen ToppTrening slik vi er og har vore. Når alt kjem til alt er vi stort sett dei same folka, i dei same lokala, med same uttalte rettesnor: Helse og trivsel i fokus. 

Det er enno mykje som er uavklart. Det gjeld mellom anna kva som skjer med abonnementa, prislister, gruppetimetilbod, medlemskort med meir. Vi skal halde dykk oppdaterte med informasjon, slik at alle spørsmål du måtte ha får eit svar.  

Lenker