Varsel om prisendring frå 1.februar 2021
I tråd med endringane i konsumprisindeksen, basert på utviklinga dei 12 siste månadane, endrer ToppTrening AS prisane på medlemskapa. Vi følger konsumprisindeksen for «Kultur og fritid». Dei siste 12 mnd er denne på 4,6 % (pr. november 2020).
Det er eit stort hopp, og vil utgjere store endringar i prisen for deg som medlem. ToppTrening velger difor å følgje hovudindeksen pr 30.11.2020 og justerer med 1,7 % (runda opp til nærmaste heile krone).
NB: Prisjusteringa vil tre i kraft 6 mnd etter nyteikning av medlemskap. Jamfør kontrakta, punkt 3 (les alle vilkåra her) har du 6 mnd prisgaranti ved inngåelse av nytt medlemskap. Unntak: auka statlege avgifter i denne perioden.
Prisjusteringa vert aktivert 1.februar 2021.
Kva må du som kunde gjere?
- Sørg for at beløpsgrensa på avtalegiroen dekkjer månadsbeløpet.
- Elles treng du ikkje å gjere noko.
