Smittevernstiltak på ToppTrening – oppdaterte råd og reglar etter pressekonferansen tysdag 7.desember 2021
I perioda 9. desember til 5. januar vert nivået på smitteverntiltak på treningssenter i heile Noreg heva til gult nivå. På ToppTrening betyr det dette:
Registrering/inngang
- Du skal registrere deg i adgangskontrollen ved ytterdøra eller ved «Registrering» når du kjem til senteret
- Ein skal aldri sleppe inn personar utan medlemskap når senteret ikkje har open resepsjon
- Drop – in/gjestetrening er kun tilgjengelig i opningstida for resepsjonen
Gruppetimar
Gruppetimar i gruppesalen:
- 16 deltakarar – alle skal stå på kvite merker i salen. Her er det lagt opp til 2 meter avstand. (Blå merker er til instruktøren)
- Gruppetimar med høg intensitet; minst 2 meter avstand mellom kvar person.
Sykkelsalen
- Syklane vert sett opp med minst 2 meter avstand. La syklane stå på tilviste plassar, ikkje flytt på syklane. Tal på ledige syklar på gruppetimane står opplyst i ToppTrening-appen.
- Viftene i sykkelsalen skal ikkje nyttast
Trening i styrkeavdelinga
- Hald minimum 1 meter avstand til kvarandre, også dei som er i same husstand
- Det er skilleveggar mellom kondisjonsutstyret, så desse kan nyttast som normalt
- Dersom det er ledige flasker på bordet ved inngangen til styrkeavdelinga, så har vi ledig kapasitet
- VIKTIG: Vask flaska du godt før du setter ho tilbake på bordet. Dersom det ikkje er ledige flasker må du vente til andre er ferdige å trene
Vidareføring av andre generelle råd
- Hald deg heime om du er sjuk eller har symptom på forkjøling.
- Vask hendene før og etter trening
- Bruk handduk på apparata og vask av etter deg. Hugs knottar og alt du tek på
- Hald avstand
- Unngå bruk av garderobar – Garderobane er opne, men vi oppmodar til minimalt bruk
Viktige lenker:
- FHI – smittevernråd for befolkninga
- Ørsta kommune – samleside med informasjon om gjeldande tiltak