Pressekonferanse 3.januar 2021

Vi vil oppdatere denne artikkelen etterkvart som vi får full oversikt på kva endringane i reglane vil gi av konsekvensar for drifta av ToppTrening.

Oppdatering 4.januar kl 1720 – gruppetimar går som normalt!

Dagen i dag har så langt vore nytta til å innhente meir informasjon, både hos hovudorganisasjonen Virke og smittevernlegen i Ørsta kommune. Med bakgrunn i betre innsikt i regelverket, vurderingar av smittesituasjonen lokalt, omsyn til konkurranse og drift, er det ingen grunn til å avlyse gruppetimane innandørs. Dei nye tilrådingane er nettopp det; – tilrådingar og nasjonale råd. Vi vurderer situasjonen slik, at vi på ingen måte går i mot verken forskrifter eller regelverk, når vi har gruppetimar innandørs. 

Ein viktig merknad: Ei av årsakene til at treningssenterbransjen kan halde ope, er smitterettleiaren utarbeidd av Virke. ToppTrening følger denne, og har gjort tilpassingar lokalt på senteret slik at smittevernet er ivaretatt! 

Andre omsyn: I tillegg til omsynet til smittevern, er vi ein viktig aktør i folkehelsearbeidet. Treningssenteret er for enkelte den einaste arenaen der fysisk aktivitet vert utøva. Vi ønsker å vere ein viktig aktør for folkehelsa vidare. I tillegg til folkehelsa, må vi ta omsyn til drifta og økonomien for verksemda vår. Januar er ein viktig månad for oss, og så lenge smitterettleiaren ligg til grunn, og vi kan ivareta helsa til både tilsette og medlemmar, vil vi halde ope og levere tenestene våre som vi har gjort. 

Dette skriv Virke:

▶ Maks ti personer på innendørs arrangementer. Men dersom man har fastmonterte seter, kan det være 200 personer. – Hva med gruppetrening da; betyr dette maks 10 på gruppetrening? Nei, organisert trening er IKKE å anse som et arrangement og de omfattes derfor ikke av de nye antallsreglene i forskriftens § 13 mv. (Dette sies også da eksplisitt i § 13 bokstav a; men ikke organisert trening).

▶ Alle organiserte fritidsaktiviteter, idrett, kulturarrangementer og religiøse samlinger innendørs anbefales utsatt til etter 18. januar. – Gjelder dette treningsbransjen? Nei, det har ikke kommet noen forskriftsendring på trening/treningssentre. Det er fortsatt kun en anbefaling om at man lokalt stenger trening ved sterk smitteoppblomstring – slik vi nå er blitt vant med fra Oslo og Bergensområdet, samt andres steder lokalt. En slik stenging vil i så fall igjen måtte tas i en lokal forskrift.
Vidare skriv Virke: 

På nasjonalt nivå er det derfor fortsatt § 15 i forskriften som gjelder; § 15b.Krav til smittevernfaglig forsvarlig drift ved andre virksomheter:

Fornøyelsesparker, svømmehaller, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssentre, bingohaller, spillehaller og lignende skal, for å kunne holde åpent, drives smittevernfaglig forsvarlig. Med smittevernfaglig forsvarlig drift menes at virksomheten skal sørge for at besøkende og personell kan holde minst 1 meters avstand til personer som ikke er i samme husstand, at virksomheten har utarbeidet rutiner for god hygiene og godt renhold, og at rutinene blir overholdt. Dvs det er igjen smittevernveilederen vår som er svaret på dette, med mindre man har lokal smitteoppblomstring og kommunen stenger virksomheten helt eller delvis.

Oppdatering 3.januar kl 21:30 – etter kontakt med smittevernlegen i Ørsta kommune, er det beslutta å avlyse alle gruppetimar innendørs frå 4. – 18.januar.

Minner om at du som medlem får gruppetrening rett heim i stova, via MyWellness-appen! Allereie måndag 4.januar kl 10 kan du trene med oss, frå heimen din. Fleire timar kjem til iløpet av morgondagen!

Vi vil kome tilbake med meir informasjon om anna treningsaktivitet, timeplan for livesendingar etc, så snar vi har meir oversikt.

Vi presiserer at treningssenteret er ope for egentrening!

Slik vi tolkar dette umiddelbart, må vi reduserer talet på deltakarar i gruppesalen til 10 personar. Dei timane der det allereie er fullbooka, vil vi sjekke historikken, og fjerne dei som booka plass sist.

Vidare presiserer vi viktigheita av å følge dei gjeldande smittevernreglane, der dei aller viktigaste er:

  • Hald deg heime om du er sjuk, og ta ein koronatest
  • Vask hendene ofte, både når du kjem og før du fer frå trening
  • Hald minst 1 meter avstand til kvarandre.

Dette er gjeldande reglar for treningssenterbransjen:

Vi opnar 15.juni!

Vi har håp om å opne dørene til ToppTrening 15.juni! Dette er datoen vi har fått frå myndigheitene, og vi vonar å opne denne datoen, gitt at det ikkje er stor auke i smitte i befolkninga, og at bransjestandarden for opning er på plass.

Vi ventar nærmare beskjed og informasjon rundt 1.juni, og vi vil, så snart vi har all informasjon tilgjengelig, dele denne med deg.

No jobbar vi for å tilrettelegge ToppTrening utifrå utkastet til bransjestandarden, slik at du skal vere trygg når du kjem til oss. Det handlar om reinhaldsrutiner, opplæring av tilsette, avstand, hygienestasjonar og dokumentasjon på kontaktpunkt.

Medan ToppTrening har vore stengt, har vi jobba med å finne gode, alternative måtar å nå ut til kundane på. Vi har vore svært aktive med livesendingar på facebook, og etterkvart utetreningar. Vi er igang med eit stor prosjekt for å få utrente i form, personlig trening utandørs, og klargjering for opning igjen.

Lokala er vaska ned, noko gjenstår, og vi har jobba med eit betre digitalt tilbod. Det er tatt service på utstyret og nye syklar i sykkelsalen er på plass.

No gler vi oss til å sjå ansikta til alle vi har tenkt på og sakna i denne perioden, og vi håpar at du er klar for oppstarten 15.juni!

Her finn du meir informasjon om kva som har skjedd med medlemskapet ditt under stengeperioden.

TT-NYTT!

Les den fantastiske historia til Per Lund, som har gått ned 40 kg ved hjelp av trenings og kosthaldsendringar!

ToppTrening lanserer TT-NYTT der vi delar kundehistorier, informasjon om aktivitetar på senteret, samt tips og råd kring trening. Første utgåve kjem no, og vi har ambisjonar om 3-4 utgåver i året.

Les heile nyheitsbrevet her:

Endringar i sommarplanen

Grunna ferieavvikling, tilbakemeldingar frå kundane og oppsluttning på enkelte gruppetimar gjer vi nokre justeringar på timeplanen:

Sykkel og mage/rygg tysdagar kl 1830 går siste gong 28.juni. kl 1830.

Tysdag 5. og 12. juli set vi opp Sirkeltrening kl 1900 – 2000 med Ragnhild Garshol – denne er verdt å få med seg!

Torsdagar varierer vi mellom Utetrening og BasisBall Express-timar. Oversikt vert lagt ut på facebook og hengt opp som oppslag på ToppTrening.

Fredagar: Omnia Express kl 1745 går ut.

 

Følg oss gjerne på facebook – der annonserer vi ekstratimar på kort varsel!

 

 

Gratis Workshop!

Vi er opptatt av å dele kunnskap og halde motivasjonen til kundane oppe. I tillegg til gruppetimar på timeplanen har vi difor ulike teoretiske og praktiske «Workshop’s» og foredrag med ulike tema. Vi har eit godt samarbeid med Fysio1, og fysioterapeut og osteopat Erik D. Tønnessen, som har dei fleste workshop’ane.

Dette har du å sjå fram til:

Foredragshaldar: Erik D. Tønnessen – osteopat og fysioterapeut ved Fysio1

Alle foredraga tysdagar er kl 1615 – 1715.

Tysdag 2. februar Forelesing om «Rygg – mytar og fakta om rygg og ryggsmerter»
Tysdag 23. februar Workshop: Dynamisk Tøyning – kva er dynamisk tøyning og korleis bruke det som oppvarming før styrketrening
Tysdag 15.mars Workshop «Den friske og skadede skulder»
Tysdag 5. april Workshop – Slyngetrening, prisnipp og treningsprogram
Tysdag 10.mai Forelesing – Born og trening – kva er vanlege skadar og korleis trening i høve det (slatters m.m.)

Påmelding til: post@topptrening.no eller ta kontakt med resepsjonen.

Pris:

Gratis for TT- kundar.

150kr for andre

Haustferie?

Trene i haustferien? Vi har tilbodet! Tren så mykje du vil i sju dagar for berre kr .300,- Du får tilgang til heile gruppetimetilbodet og tilgang til styrke- og kondisjonsavdelinga frå kl 06-23 kvar dag, også i helgane. Send ein epost til post@topptrening.no eller ring oss på tlf 700 69 433 for å kome i gang! Vi har gratis Wi-Fi!

Gratulerer!

Søndag var Trude i Stryn i regi av BasisBall for å kurse nye og lovande instruktørar! Trude har nyleg blitt ein del av BasisBall-teamet, og dette vert ein styrke for ToppTrening framover. BasisBall er eit norskutvikla konsept, der «trent for å trene» står som ein grunnpillar. BasisBall er for alle; alle folk, alle aldrar, det skapar meistring og treningsglede. I BasisBall får ein utfordra heile kroppen, ein har henta mykje inspirasjon frå idretten. I timane får du utfordra styrke og kondisjon, i tillegg til mobilitet, stabilitet, koordinasjon (auge/hand) og hurtigheit. Dette er funksjonell trening som har stor overføringsverdi til kvardagen og til andre treningsformer. Det er pr. d.d. tre ulike konsept innan BasisBall; BasisBall Raw, BasisBall 4×4 og BasisBall CenterCore.

I november i år vert det arrangert FitnessConvention i regi av Norges Idrettshøgskule, der BasisBall skal presentere eit nytt konsept. BasisBall RIT (rope intervall training). Trude skal vere med på denne presentasjonen 🙂  Alle kundar på ToppTrening får høve til å vere nokre av dei første i landet som får prøve den nye timen, samt at ToppTrening vil vere eit senter som er viktig for tilbakemeldingar og vidare utvikling av konseptet. Kundane sine tilbakemeldingar og meiningar er viktige!

Har du enno ikkje prøvd BasisBall så håper vi du fekk litt inspirasjon til å bli med no 😉

Er du usikker på kva som passar deg? Spør oss om råd 😉

Mor & barn

Gruppetrening for mor og barn med fokus på kondisjon og styrke. Timen er oppbygd med oppvarming (ca. 10 min enkel aerobic), 4×4 intervall med bruk av ulike hjelpemiddel (Bosu/step etc. Ingen koordinasjonskrevjande kombinasjonar), generell og spesifikk styrke for rygg, mage og bekkenbunn. Uttøying/avspenning til slutt. Timen varer 45min.

Kven kan delta?
«I følge the American College of Obstetricians and Gynecologists, er det individuelt når man kan gjenoppta trening. Ett kriterium er selvsagt at det må være fysisk og medisinsk trygt. Når dette tidspunktet inntreffer, varierer. Noen klarer å trene litt bare noen dager etter en fødsel, mens andre trenger flere uker på å komme seg. Har du gjennomgått en komplisert fødsel, eller keisersnitt, kan det gå mer enn seks uker før du kan gjenoppta treningen» www.nhi.no

Vi legg opp til at barnet kan vere ein aktiv del av timen, men vi har størst fokus på at mor får bevege seg. Det er mulig å ta med bilstol eller vogn inn i gruppesalen, eller barnet kan ligge på matter på golvet under timen.

Pris:
Gratis for kundar ved TT (gjeld avtalegiro-kundar), men vi krev påmelding for å vite om det er grunnlag for å køyre timen.
12 økter (21.januar – 8.april) kr. 1440,-
Drop in: 150,-
Det må vere 10 påmelde før oppstart.
NB! Kontinuerlig opptak. Ta kontakt for pristilbod.

Instruktør: Helse- og treningsterapeut/PT Trude Flø Johnsen

Påmelding:  e-post til trude@topptrening.no. Du kan også ringe Trude på mob. 97628062.

Nokre tips:
* bruk ein god sports-BH/SportsTopp, som gir godt hold og støtte
* ta med drikkeflaske, ein liten handduk og gode innesko til mor
* ta med eit liggeteppet til barnet
* det kan vere golvkaldt, så kle barnet i varme kle

Slyngetrening

Nettstedet trening.no har ein god artikkel om slyngetrening. Øvingane er også vist i videoen. Øvingane passar best for vidarekomne, men det kan vere greit å ha noko å strekkje seg etter også..? 🙂 ToppTrening har kjøpt inn Jungle Sports slyngene, og dei vert montert i styrkeavdelinga om kort tid 🙂

 

http://www.trening.no/treningstips/12750.o2.html

Meld deg på ein bungee-time

Vi er godt i gang med Bungee-timane, og så langt har responsen vore veldig positiv! Knallhard, men effektiv kondisjonstrening, som gir eit fantastisk velbehag etterpå. Denne veka har du sjansen til å prøve bungee tysdag kl 2015 og søndag kl 1130. Har du enno ikkje prøvd, så er det ingenting å vente på, påmelding skjer via bookingsystemet. Vi testar også ut bungee på idrettsungdom denne veka, meir om det seinare.

Klikk her for å gå til booking.