Tenkjer du ofte at du «burde»? Burde trene, burde ete sunnare, burde vaska hus, burde ringt mamma, burde vore på besøk, burde, burde, burde…? Byttar du ut «u» i burde med «y» får du bYrde. Byrde = noko som er tungt å bære, ei belastning. Å tenkje at du «burde» vert ofte ei belastning; noko som «heng over» oss, noko vi ikkje er nøgd med og som skapar dårlig samvittigheit.

Kroppen er ein fantastisk organisme, og vi kan påvirke kroppen og korleis vi har det med måten vi tenkjer på. Bevisstgjering rundt tankar og korleis vi snakkar til oss sjølve har stor påverknad. Hugs at du alltid har val, og at når du gjer val og bestem deg for noko, så vert du også kvitt ei byrde. Her er nokre tips til korleis du kan bevisstgjere tankane dine (eg brukar trening som døme):

1. Endre «burde» med «kan» – Eg burde trene – Eg kan trene.

2. Når du kan trene, har du også eit val. Eg kan trene idag, eller du kan velje å ikkje trene. Uansett tek du eit aktivt val, du bestemmer deg for noko, og du har ei bekymring mindre.

3. Prioriteringar! Er du fanga av tidsklemma? Set deg ned, sjå på timeplanen din nokre dagar framover, og tenk etter korleis du vil ha det og korleis du kan unngå «burde». Finn ut kvar du «kan» trene. Planlegg og gjennomfør!

 

Til sjuande og sist handlar det eigentleg om å bevisstgjere korleis ein tenkjer i ulike situasjonar. Er du misnøgd med situasjonen, sjå kva du kan gjere med det, ta eit val, og gjennomfør. Høyrest enkelt ut, men kan vere vanskelig nok!

 

Lykke til! 🙂

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.