I år var det rekordstor deltaking på Norges Idrettshøgskule Fitness Convention, med heile 13 deltakarar frå ToppTrening. Vi vil i dei komande vekene dele nokre av erfaringane vi sit att med etter både foredrag, gruppetimar, og inntrykk. Vi håpar at det vil engasjere og motivere alle kundane våre til meir fysisk aktivitet i kvardagen, med ENERGI  – HELSE & TRIVSEL som stikkord. Instruktørane våre er opptatt av å halde seg oppdaterte for å kunne gi best mogleg råd og rettleiing til alle kundane våre.

Janica Vatne er har skive eit sterkt innlegg om kva ho sit att med etter årets convention:

 

I helga var eg på fitness convention i Oslo. Eg deltok på fem ulike foredrag. Desse heitte:

«Hverdagsaktiviteten», «God kommunikasjon gir god helse», «Når sunnhet blir destruktivt», «Hvordan nå sitt potensial» – Kjetil Andre Aamodt, «Styrketrening og alder». 

Det var spesielt «når sunnhet blir destruktivt» og «styrketrening og alder» som inspirerte meg mest. 

Foredragshaldaren kom i frå ROS – rådgiving for spiseforstyrrelse i Oslo., der ho arbeidde som rådgivar. I tilegg delte ho eigne erfaringar  frå den tida ho sjølv hadde spiseforstyrrelse. 

 Ho nemnde spesielt ortoreksi. Dette må ikkje forvekslast med ei diagnose som til dømes anoreksi eller bulimi. Ortoreksi er heller ein tilstand, eller betegnelse på korleis ein har det og IKKJE ei diagnose. Ein kan ha ortoreksi utan at ein blir sjuk – men går det for lenge kan ein risikere å havne langt «ned i kjellaren».

 Kva tid kan ein vite om nokon du kjenner eller du sjølv er prega av ortoreksi? 

 Ein reknar med at alle veit at det er bra å vere aktiv og ete sunt. I nokon tilfeller kan ein bli avhengig av dette. Så avhengig at ein baserer livet sitt rundt treninga og kosthaldet, og ikkje treninga og kosthaldet rundt livet sitt. Ein set trening og kosthald framfor alt. Ein kan unngå sosiale samankomstar der det vil bli servert kaker eller god mat som ikkje er «godkjent» som sunn mat. Detter er reglar ein lagar seg sjølv i sitt eige hovud. Ein kan droppe venner eller familie fordi ein heller føler at ein må trene. 

 Vi kan teikne ein sirkel som indikerer livet vårt. Denne sirkelen kan vi dele inn i ulike delar der vi putter: venner, familie, skule, arbeid og trening for å nemne nokre. Ein bør ha balanse mellom desse delane. Om trening utgjer ein så stor del at det går utover andre viktige delar i livet kan ein risikere å havne i ei krise. Sei at du skadar deg slik at du ikkje lenger kan trene. Då er det greitt at du har andre delar i livet ditt som du kan lene deg mot og søkje støtte hos. Om du er prega av avhengigheit av å trene og ete sunt, og kjem i ein situasjon der du ikkje kan eller har mogelgheita til å trene (som til dømes sjukdom), er det lett at du føler du mister kontrollen. Livet ditt bli kaotisk og sjølvbiletet ditt blir lågt fordi du ikkje lenger meistrar det du planla eller satte deg som mål. Dette kan i verste tilfelle føre til depresjon. 

 Lærdommen var altså at ein bør trene og ete sunt ikkje fordi at ein må, men fordi at ein kan, og fordi at ein synes det er gøy. Fordi ein ynskjer å ta vare på helsa si og gjere noko godt for seg sjølv. Å gjere noko godt for seg sjølv er ikkje berre å ete sunt og å trene, men også å kvile og det å kunne unne seg å ta fri og ete akkurat det ein har lyst til 🙂 Balanse i livet 🙂 

 Dette ga meg sterkt inntrykk fordi at eg sjølv har kjent på det å vere avhengig av å ete på ein bestemt måte. Eg har også vore avhengig av å gjennomføre dei måla eg har satt meg. Til slutt blir en rett og slett så sliten at ein risikerer at ein endar opp i ingenting til slutt. Så eg er glad for å vere ein del av Topp Trening med sunne verdiar: Energi-helse- trivsel!

 

Med helsing 

Janica

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.