Ei lita påminning til alle kundar om å hugse å registrere/lese av nøkkelkortet ved kvart besøk! Slik kan du gjere det:

 

1. For gruppetimar skal du bruke bookinstasjonen ved resepsjonen. Her får du ut kvittering og billett til timen, og instruktøren samlar inn lappane.

2. Ved eigentrening i styrkeavdelinga registrerer du kortet ditt i lesaren på resepsjonsdisken. Det er nok å gjere dette ein gong når du kjem (du treng ikkje å lese kortet når du går).

3. Har du brukt nøkkelkortet for å opne ytterdøra (når resepsjonen er stengt) skal du likevel nytte kortlesaren som forklart i punkt 1 og 2.

 

Kvifor registrere nøkkelkortet?

– Besøkskontroll – nøkkelkortet viser at du har gyldig kontrakt

– Besøksstatistikk for deg og for ToppTrening; du får full oversikt på alle besøk og registreringar med nøkkelkortet via «Min side»

 

Takk for at du nyttar deg av treningssenteret våra!

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.