Gruppetrening ved ToppTrening for januar 2022

ENDELIG! Etter pressesendinga torsdag 13.januar 2022, er det klart at vi kan starte med gruppetimar igjen!

Endelig gruppetrening igjen!

Endelig kan vi starte gruppetreningsåret 2022. Vi har gleda oss til å kunne starte med gode treningsrutinar, i fellesskap, og godt innafor bransjestandaden for smittevernforsvarlig drift. Vi har gjort nokre endringar på timeplanen frå i haust, både for å imøtekome medlemmane sine ønsker, men også å gjere oss best nytte av dei ressursane vi har tilgjengelig. Nokre timar startar allereie til helga, andre vil kome til utover januar månad.

Oversikt på reglar og forskrifter

Er du usikker på kva reglar som gjeld for treningssenterbransjen, kan du lese alt om dette på den norske regjeringa sine heimesider. Her er lenke til informasjon rundt siste pressesendinga: regjeringen.no

Timeplanen er tilgjengelig

Timeplanen for perioden januar – mai 2022! Hugs at du finn alle gruppetimane både på heimesida til ToppTrening KLIKK HER

… eller i ToppTrening-appen. Her kan du reservere plass på timen, og melde deg av. Hugs å lese bookingreglane! Dei finner du HER (klikk på info-ikonet om bookinginformasjon)

I appen/nettsida kan du også lese meir om gruppetimane. Spør oss gjerne om råd til kva time som kan passe for deg.

Trening med Mywellness – app!

Er du fanga av tidsklemma, eller ikkje kjenner deg heilt klar for å dele treningsopplevingar med fleire, eller rett og slett trivast med å trene heime, på jobb eller på hytta? Hugs at du alltid har tilgjengelig treningsøkter i appen «MyWellness». Har du ikkje aktivert kontoen din enno, oppmodar vi alle om å gjere det. Hugs å nytte same e-postadresse som den du har registrert medlemskapet ditt på ToppTrening med.

I Mywellness-appen kan du velge varighet, type og intensitet på treninga!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.