Gruppetrening

Kva timar passar for meg?

Gruppetimar

Kva motiverer deg?! Ta aspirasjonstesten for å finne ut kva gruppetimar som passar deg. Testen kan du ta her.

Når du veit om du er «Fun», «Move», «Shape», «Power»,«Balance» eller «Sport» kan vi tilrettelegge eit treningsprogram som hjelper deg å halde motivasjonen din oppe, og ikkje minst; inspirere deg til ein aktiv kvardag på dine premissar!

Timeplanen er merka med dei ulike «aspirasjonane» slik at du enkelt kan velje dei timane som passar best for deg.

MERK: Utvalet av gruppetimar kan variere frå sesong til sesong.

[toggle title=»SYKKELTIMAR»]

I sykkelsalen satsar vi på å skape ulike opplevingar! Det gjenspeglar seg i timebeskrivingane på timeplanen. Finn ut kva du likar ved prøve dei ulike timane, eller ta aspirasjonstesten på nettsida våra.

Vi har 29 syklar med kombipedal. 26 av syklane er technogym Group Cycle (watt syklar) med individuelle display, der du får informasjon om m.a. distanse, watt, hastigheit og mykje meir. Sykkeltimane vert inndelt etter aspirasjonane, og heiter difor «POWER», «FUN», «SHAPE»  og tilsvarande. Les meir om dette under her. Vidare er timane inndelt i intervall timar (arbeid/pause) og HiiT (High intensity interval training).

Sykkeltimane varer 25, 45 eller 55 min og dette er indikert i namnet på timen.

Sykkel FUN
Gløym at du trenar – ha det gøy! Dette er sykkeltimen med musikkvideoar, høg stemning, og utan fokus på puls og watt-soner. Vi bevegar oss til musikken, brukar heile kroppen, og tida flyg! Ingen prestasjonskrav, berre gøy og uhøgtidleg trening!

Sykkel POWER
Dette er sykkeltimane som har fokus på styrken i beina, kraft og effektivitet. Her brukar vi sonedelt løypeprofil kan vi styre intensiteten på timen. Løypeprofil vil alltid fortelle deg kvar du er og kor hardt du skal jobbe. Du vil sjå forbetreningar frå økt til økt! Med ein watt-test (FTP-test/”Finn ditt sykkelnivå”) vil sjå at du blir sterkare og kjem i betre form, og det gir deg utgangspunkt for å finne rett wattsone.

Sykkel SHAPE
Dette er sykkeltimen for deg som vil ha eit stort energiforbruk, høg intensitet og effektiv tidsbruk. Timen har mindre fokus på watt og kraft, men stort fokus på høg puls og energi! Har du pulsbelte, så ta det gjerne med, men det er ingen krav. Høg trakkfrekvens, og mange vekslingar mellom sittande og ståande, er nøkkelord for SHAPE – timen.

Sykkel BALANCE
På denne sykkeltimen er fokuset å reduserer stress og løyse opp spenningar gjennom å vere i lett aktivitet. Det gjenspeilar seg i eit meir dempa musikkbilete, utan “masing” frå instruktøren, og fokus på å vere tilstades. Det er også forsterka gjennom behagelige videoar. Du styrer intensiteten sjølv, og forlet salen med ei god kjensle i kroppen.

Sykkelklubben
ToppTrening og sykkelklubben har eit langvarig samabeid, der sykkelklubben har eigne treningsøkter innandørst i vintersesongen (oktober – mars). På desse øktene er kundar frå ToppTrening meir enn hjertelig velkomne til å delta. Fokuset er på å bli ein betre syklist, og trene systematisert i i rett watt- og puls-sone. [/toggle]

[toggle title=»Mage og Rygg»]
Mage og rygg 25min MOVE
Tradisjonelle og funksjonelle matteøvingar for mage og rygg, der ein jobbar med eigen kropp som belastning. Eksempel på øvingar er armhevingar, sit ups og rygghev m.m. Vi er så effektive som råd, og jobbar med to og to øvingar om kvarandre. Dette er timen for deg som alltid hoppar over dei siste matteøvingane på styrkeprogrammet ditt, og som ynskjer å trene for å ta vare på kroppen og helsa.

Mage og rygg 25min SHAPE
Dette er timen for deg som vil kjenne at det brenn i magemusklane! Høg intensitet og høgt energi nivå i øvingane, og ein instruktør som vil motivere deg til yte maksimalt! Vi brukar matter og små manualar iløpet av denne korte økta som vil gi mage og rygg-timar ein ny dimensjon.[/toggle]

[toggle title=»Step/Styrke SHAPE»]
Dette er timen for deg som vil ha litt av alt, både høg intensitet og puls, samt styrketrening og uttøyning, og som likar å bevege deg til musikk. Kondisjonstrening som foregår på ei stepkasse, som kan stillast i ulike høgder. Timen har ein styrkedel som tek føre seg heile kroppen. Utstyret som vert nytta: step, strikk og manualar. [/toggle]

[toggle title=»Stram opp»]
Ein god «gammaldags» aerobic time med fokus på kondisjons – og styrketrening. Bevegelsane skjer på golvet, med fengjande musikk og ein energisk instruktør. Dette er ein time du verkeleg kjem i form av. [/toggle]

[toggle title=»Sirkeltrening»]
Sirkeltrening MOVE
Sirkeltrening MOVE er timen for deg som vil kome i gang med trening, og som likar å trene saman med andre. Timen startar med lett aerobic, før ein går vidare på god, «gammaldags», stasjonstrening etter intervallprinsippet. Arbeidsperioder på 45 sek og 15 sek pause, der vi jobbar 3 og 3 personar saman med same øving. Instruktøren sørgjer for at du gjer øvingane rett og lagar god stemning i salen!

Sirkeltrening  SHAPE
Sirkeltrening Shape har fokus på eit høgt energiforbruk i løpet av økta! Timen startar med aerobic, før vi lagar til sirkeltrening der du får utfordra både pust, puls og styrken. Arbeidsperioder på 45 sek og 15 sek pause, der vi jobbar 3 og 3 personar saman med same øving. I pausane gjer vi felles øvingar for å løfte intensiteten eit ekstra nivå![/toggle]

[toggle title=»Styrke m/vektstang»]
Styrketrening med vektstang og vektskiver inntil 32 kg, som legg til rette for progresjon i treninga. Utfordrande styrketrening med god rettleiing som sikrar rett utføring og teknikk. [/toggle]

[toggle title=»Styrkemix»]
Styrkemix er ein kort og effektiv styrketime der vi nyttar strikk, matter og manualar. Vi kallar dette “sikringskost”, der vi er gjennom litt av alt og heile kroppen. Har du lite tid, er dette ei effektiv økt.[/toggle]

[toggle title=»OmniaExpress»]
OmniaExpress 30min
OMNIA EXPRESS-timar er korte og effektive styrke og konidsjonstimar, som foregår i styrkeavdelinga, rundt apparataet «OMNIA». OMNIA er latinsk for “alt”, og det er det du får på desse timane – litt av alt!

OMNIA TRAIN – For deg som krever litt ekstra! Her er meir samansette bevegelsar, og avanserte bevegelsesmønster, høg intensitet og høgt energinivå. Arbeidstid: 40/20.

OMNIA MOVE – For deg som ynskjer å kome i gang med trening, for å kome i betre form og forbetre helsa. Arbeidstid: 30/30

OMNIA  PLAY – Dette er den meir “leikne” timen, der vi jobbar to og to, og pushar og heiar kvarandre til mål. På denne timen er målet at du skal gløyme at du trenar og ha det gøy! Arbeidstid: 40/5/40

[/toggle]

[toggle title=»BodyPump«]
POWER – BodyPump er styrketrening med vektstang, vektskiver og eigen kroppsvekt. Her jobbar vi gjennom alle muskelgruppene, melodi for melodi, med eit høgt tal på repetisjonar for å oppnå «pump»-effekten i muskulaturen.

Les Mills
Det globale gruppetreningskonseptet Les Mills har sitt opphav fra Auckland, New Zealand. Dei tilbyr varierte gruppetimar. Målet til Les Mills er å bidra til betre folkehelse gjennom funksjonell trening, som gjer dei fysiske utfordringane i kvardagen lettare. Slik er dei med på å bekjempe inaktivitet og overvektsproblematikk i heile verda. Som dei sjølv seier: «Our mission is to create a fitter planet, one workout at a time!»[/toggle]

[toggle title=»BodyStep«]
Ein energirik steptime med enkle og kjekke kombinasjoner på, over og rundt step´en til god «syng med» musikk. Step´en kan justerast i høgda. Energiforbruket er på topp med 3 pulstoppar og styrketrening i midten og til slutt. Dette er timen for deg som alltid er først ut på dansegolvet og blir der heile kvelden!

Les Mills
Det globale gruppetreningskonseptet Les Mills har sitt opphav fra Auckland, New Zealand. Dei tilbyr varierte gruppetimar. Målet til Les Mills er å bidra til betre folkehelse gjennom funksjonell trening, som gjer dei fysiske utfordringane i kvardagen lettare. Slik er dei med på å bekjempe inaktivitet og overvektsproblematikk i heile verda. Som dei sjølv seier: «Our mission is to create a fitter planet, one workout at a time!» [/toggle]

[toggle title=»BodyBalance«]
BALANCE- BodyBalance er eit konsept frå LesMills. Her får du yoga, tai-chi og pilates-inspirerte øvingar sett i system. Med BodyBalance får du ein smidigare og sterkare kropp, indre ro og harmoni.

Les Mills
Det globale gruppetreningskonseptet Les Mills har sitt opphav fra Auckland, New Zealand. Dei tilbyr varierte gruppetimar. Målet til Les Mills er å bidra til betre folkehelse gjennom funksjonell trening, som gjer dei fysiske utfordringane i kvardagen lettare. Slik er dei med på å bekjempe inaktivitet og overvektsproblematikk i heile verda. Som dei sjølv seier: «Our mission is to create a fitter planet, one workout at a time!» [/toggle]

[toggle title=»Sprek mamma»]
Kom i form etter svangerskapet med “sprek mamma” -timane. Her kan ta med babyen på trening, enten i vogn, eller bilstol og vi tilpassar øktene utifrå dette. Stor variajson på timane, med utgangspunkt i at mor skal trene, og at barnet er med. Gratis for medlemmar, pakkepris/drop in for deg som ikkje er medlem.[/toggle]

[toggle title=»Kundens time»]
Ein gruppetime av og for kundar ved ToppTrening. Timen starta som eit initiativ frå nokre ivrige kundar som ville ha gruppetimar laurdags morgon. Dei tok saken i eigne hender og resultatet er “Kundens time”! Her er det variert innhald, godt humør og mykje god trening! Likar du sirkeltreningar, likar du denne økta, garantert! [/toggle]

[toggle title=»Balansegruppe»]
Balansegruppe er eit samarbeid mellom Fysio1 og ToppTrening. Instruktørar er fysioterapeut Erik D. Tonnessen og Thomas Ose Silseth, samt Trude Flø Johnsen (personlig trenar). Her er plass til 10-14 deltakarar. Deltakerne går 2 og 2 saman, der den eine trenar/jobbar medan den andre har pause/fungerer som støtte for den andre. Postane skal innehalde balansetrening i ståande posisjon på ustabilt underlag, balansetrening utan bruk av syn, balansetrening ved forflytting og styrke. Påmelding for kvar sesong. Kursavgift. [/toggle]