«Frå utrent til trent på 8 veker»
Har du gått lenge og tenkt at du må ta tak og starte å bevege deg, men veit ikkje heilt korleis du skal kome i gang?

Som deltakar på dette kurset vil vi gi deg ei hjelpande hand til å kome deg opp og ut av sofaen, og kome i gong med fysisk aktivitet!

Som deltakar får du:

  • Testing av fysisk form (første og siste økt).
  • Trene saman med personleg trenar Guro.
  • Tilpassa treningsprogram i 7 veker.
  • Elektronisk registrering av treningsøkter via MyWellness.
  • 3 treningsøkter i veka, der 1 økt er felles saman med gruppa (krev oppmøte i Ørsta og øktene er no flytta inn på ToppTrening).
  • Øktene har fokus på styrke og uthaldenheit.

Kurset skulle starte opp torsdag 15.oktober, men har endra oppstart til torsdag 22.oktober!
(Ved fullbooka kurs, set vi opp fleire grupper!)
Oppmøte ved ToppTrening kl 1900

Pris:
Ikkje medlem 2199,-
Medlem: 30% rabatt (medlemmar må kontakte resepsjonen for å få rabatten!)
Ein fordel med å vere medlem er at du har tilgang til treningssenteret og kan gjere eigentreningane hos oss! Samtidig legg vi opp til at alle øktene kan gjerast utandørs og utan utstyr.

Det er 10 plassar pr. gruppe, og ved å følge lenka kan du sikre deg plass.
Kjøp kursplass her

Kjøp medlemskap her

Eg meldte med på «frå utrent til trent» fordi eg trengte ein kickstart. Vegen over dørstokken er lang for dei fleste, men dette gjor vegen mykje lettare. Eg vil anbefale alle som går og er usikre på om dei skal melde seg på til å gjere det, dei kjem ikkje til å angre.

– Espen Eikebø

For meg har dette kurset vore 100% ein positiv opplevelse. Det tok ikkje lang tid før eg merka at treninga gav effekt. Det har gitt meg overskudd i kvardagen, og no føler eg heller for å ta meg ein joggetur framfor å kvile på sofaen etter jobb. Det følest godt å ikkje lenger bli støl og låk i kroppen av trening, men faktisk kunne jogge lange turar og kjenne at det tilfører energi og overskudd.

– Elisabet Aklestad

Synest opplegget med ei felles trening og resten eigentrening har fungert heilt topp, då eg trivst godt med å vere på tur og trene aleine. Fellestreningane har vore veldig varierte og kjekke, der ein får snakka ilag og bli motiverte av dei andre, med erfaringar og idear. Personleg trenar har vore tilgjengelig og svart på forespørslar på kort tid ved behov.

– Silje Kjellevold

Den positive erfaringa er at det har blitt lettare å bevege seg rundt, spesielt i terrenget. Har i fleire år hatt problem med dette etter ulike skader. Har no fått tilbake motivasjonen for å kome i betre form, og har laga meg gode rutiner rundt trening. Får no dårleg samvittigheit når det går for lang tid mellom kvar trening.

Jan-Idar Øye