Oppdatert informasjon 4.mai

Mai månad er såvidt i gang, og her kjem informasjon frå ToppTrening ang. abonnementet ditt: 

  • Alle abonnement vert fryst for mai månad, det vert ikkje trekt noko frå kontoen din 20.mai.
  • Du treng ikkje å gjere noko for at abonnementet ditt skal frysast, vi gjer dette automatisk.

Dersom du ynskjer å nytte online-tilbodet må du:

  • Kjøpe «Online – ein månad» medlemskapet via ToppTrening-appen eller nettsida.
  • Prisen er kr 229,- for mai (medlemskapet gjeld frå 1 – 31.mai)
  • Frist for kjøp av abonnement:  8.mai 2020
  • Du betalar for medlemskapet med bankkortet ditt – vi har trygg internetthandel!
  • Abonnementet gir deg tilgang til «ToppTrening – medlem» gruppa på Facebook
  • Abonnementet gir deg også tilgang til utetreningar dersom vi får starte opp med det!

Vi er klar over at dette alternativet innebærer ein del ekstra «klikk» på telefonen din, men vi håpar at du tek deg tid til det, eller får hjelp til å ordne dette. Akkurat no held vi på å lage eit videoklipp om korleis du gjer dette på telefoenen din.

Slik kjøper du månadskort i ToppTrening appen:

  • Opne ToppTrening-appen
  • Klikk på menyen (tre horisontale strek øvst i venstre hjørne)
  • I menyen finn du «Medlemskap». Trykk på Medlemskap.
  • I neste bilete kan du velgje kva anlegg du vil tilhøyre, ToppTrening er allereie valgt. Klikk på «Neste» nedst i høgre hjørne.
  • I dette biletet får du informasjon om medlemskap for mai. Klikk på «Online- ein månad». Det vil endre farge til grønt. Klikk på «Neste» nedst i høgre hjørne.
  • Personlig info – er informasjon vi har lagra om deg. Her kan du evnt endre dersom vi har feil adresse eller liknande. Scroll deg nedover. Det er valfritt om du vil ha push-varsel, du kan velge å hake av eller ikkje. Klikk «Neste» 
  • «Bekreft» – her skal du bekrefte kjøpet og du får ei oversikt over kva val du har gjort. Scroll deg heilt ned til botnen. Her kan du lese abonnementsvilkåra, og hake av for at desse er lest. Det er ikkje mogleg å betale utan at denne boksa er haka av.
  • Klikk på «Betale»
  • Ei ny side opnar seg, og du må legge inn kortinformasjonen slik som ein gjer ved normal netthandel.
  • Kjøpet må godkjennast med Bank ID

Vi veit enno ikkje kva tid vi får opne dørene, eller kva vilkår vi kan opne under. Treningssenterbransjen er kategoriserte under pragraf 14c. i Covid-19 forskrifta, saman men fornøyelsesparkar og badeanlegg. Det betyr at vi er stengt ved norsk lov. Vi ventar i spenning på kva informasjon som kjem frå regjeringa 7.mai. Då skal tiltaksplanen for gjenopning av Noreg leggast fram.

Vi skal gjere vårt beste med å halde deg informert om kva som skjer med oss og medlemskapet ditt, og nøl ikkje med å ta kontakt!

Med helsing Trude Flø Johnsen, dagleg leiar, ToppTrening AS

Oppdatert informasjon 7.april

No er betalingsfila for april 2020 sendt! Alle som har sendt epost, eller gitt tilbakemelding på andre måtar, om at du vil betale medlemskapet ditt for april vil om kort tid kunne sjå at det dukkar opp eit forfall 20.april i nettbanken.

Utgangspunktet til ToppTrening er at alle kontrakter er fryst frå 1.april. Dette er viktig å understreke! Vi er fortsatt overvelda over kor mange som ynskjer å nytte online tilbodet via Facebook gruppa » ToppTrening medlem», og dermed betalar medlemsavgifta for april. Vi håpar at online-tilbodet både via Facebook og via MyWellness gir deg motivasjon til fortsatt å ha faste treningsavtalar med deg sjølv, og gir deg energi i kvardagen.

Kva skjer vidare?

Vi har mange spørsmål vi ikkje får svar på. Kva tid kan vi opne? Kan vi opne med restriksjonar? Kva med kostnadar og inntekter? Kva med ferien? Sommar og lavsesong? Vi har ikkje så mange svar å kome med, men vi har nokre prinsipp vi jobbar etter:

  • Vi skal gi medlemmane eit tilbod som gir verdi
  • Vi skal kunne sjå kvart enkelt medlem i augene når vi opnar og vite at vi har gjort gode og ærlige val
  • Vi skal halde oss oppdaterte på informasjon og handle deretter
  • Vi skal vere kreative og tenke nytt
  • Vi skal ha kontroll på kostnadar
  • Vi skal vere klar den dagen vi får løyve til opne att

Vi ser fram til at vi får opne dørene på ToppTrening igjen, og håpar at du saknar oss like mykje som vi saknar deg!

God påske til alle saman!

Oppdatert informasjon 27.mars

Hei alle saman!

Som du sikkert har fått med deg, er alle treningssentra i Noreg, til liks med enkelte andre bransjar, pålagde å halde stengt til 13.april. Kva som skjer etter påske, veit vi enno ikkje. Vi fyl Helsdirektoratet sine råd og tiltak. Samtidig prøvar vi å utarbeide ein plan for å handtere denne krisa på lengre sikt. Vi håpar sjølvsagt at vi får opne 14.april, men vi tek høgde for vidare stenging.

Vi har fått fleire epostar frå kundar som ønskar å betale medlemskapet sitt i april. Dette set vi enormt stor pris på, og gir oss tru på at det vi har gjort inntil no, er til stor verdi for medlemmane våre. Samtidig er vi opptatt av å levere så godt produkt som mogleg, med dei ressursane vi har.

Du kan fortsatt sende epost om du ynskjer at betalinga for april skal gå som vanlig. Send epost til post@topptrening.no. Frist for frys er onsdag 1.april kl 23.59.

Kva får du som betalande kunde når senteret er stengt?

  • Tilgang til LIVE sendingar online (via Facebook) med gruppeinstruktørane våre.
  • Treningsprogram, treningstips og råd både frå oss og våre samarbeidspartnarar.
  • Tilgang til utfordringar via MyWellness-appen
  • Vi jobbar også med andre tilbod som skal vere ekslusive for dei som betalar medlemskapet sjølv når vi er stengt. Meir om dette kjem før påske.

Hugs å melde deg inn i Facebook-gruppa «ToppTrening medlem» – sjå informasjon under.

Oppdatert informasjon 22.mars

Vi oppmodar alle medlemmar som har facebook, og må melde seg inn i «ToppTrening medlem» gruppa. Gå inn på facebooksida til ToppTrening, og klikk på knappen «Besøk gruppe» under framsidebiletet (gjeld PC/nettleser).

Klikk på den blå knappen med teksten «Besøk gruppe» for å få tilgang til LIVE sendingar av gruppetimar m.m.!

Oppdatert informasjon 18.mars

Kjære kunde ved ToppTrening!

Vi står i ei ukjent og urolig tid, med fleire spørsmål enn svar. ToppTrening har, etter pålegg frå regjeringa, midlertidig stengt frå 12 – 26.mars. Vi veit enno ikkje kva som skjer etter 26.mars, men vi tek høgde for at vi vert pålagde å halde stengt vidare. Vi innrettar oss etter regjeringa sine strenge tiltak, i håp om å redusere smitta.

Kva må du som kunde gjere?

  1. Alle kontrakter vert fryst frå 1.april dersom regjeringa vidarefører tiltaka om å stenge. Du treng ikkje å kontakte oss for å fryse medlemskapet ditt – vi gjer dette automatisk.
  2. Ønsker du å betale medlemskapet ditt, må du sende oss ein epost og gi beskjed om at du fortsatt vil betale for april! Vi jobbar på spreng for å kunne gi deg som fortsatt ønsker å vere medlem, eit godt og innhaldsrikt tilbod.
  3. Alle som er betalande medlemmar får tilgang til eksklusive treningstilbod i ei lukka facebook-gruppe, samt treningsprogram og utfordringar via MyWellness-appen, m.m.
  4. Har du allereie sendt epost om at du fortsatt vil betale, at du vil fryse, eller seie opp, treng du ikkje å gjere dette på nytt.

Vi har håp og tru på at ToppTrening fortsatt skal kunne gi gode treningsopplevingar etter denne stormen. Vi håpar du er med oss gjennom denne tida, og at vi saman kjem styrka ut av krisa.

Vask hendene, hald avstand og lytt til råda frå folkehelseinstituttet.

På snarleg gjensyn,

helsing Trude Flø Johnsen
og heile ToppTrening – teamet

Informasjon 13.mars

Til alle medlemmar:

Vi, og fleire andre, har hamna i ein ukjent og vanskelig situasjon. Vi bed om forståing for at det vanskelig å gi konkrete svar i ein situasjon som til stadigheit endrar seg, og som er så uviss framover.

Regjeringa er klar på at situasjonen vil gi ringverknader for alle, særskild økonomisk, både privat og i næringslivet.

ToppTrening har difor bestemt dette i første omgang:
Medlemsavgifta for mars, med forfall 20.mars, er allereie sendt og må betalast. Dette er leit, sidan vi har stengte lokaler. Vi vil i denne perioden gjere så godt vi kan med å gi treningstips via facebook og instagram.

Frå 1.april frys vi alle medlemskontrakter og har dermed ingen inntekter til å dekke dei faste, løpande kostandene vi har. Dette blir vårt tap, og vi tek tapet så lenge vi kan. Vi har håp om at vi framleis har ein jobb å kome tilbake til etter stengeforbodet, og at vi igjen kan tilby gode treningsopplevingar for alle.

Håper vi sjåast igjen snart, hald dykk friske!

Lesernes kommentarer

  1. Eg ønsker å betale for april. Dokke gjer en kjempejobb, og eg ønsker å gå på Topp Treni ng når verden er normal igjen! Take care.

  2. Mitt abonnement skal halde fram! Berre å trekkje meg for april også!!! Vil ha det flotte senteret og dei supre folka å kome tilbake til når dette er over! ❤️

  3. Eg ønsker å betale for april,vil behalde dokke. Stå på,he trena ilag med dokke idag😊💪

  4. Hei😀 Eg vil gjerne betale for april også. Håper denne uvirkelege tida snart er over, og vi kan få trene igjen😀👍

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.