Vi har idag gått over til ei sky-løysing for kundesystemet til ToppTrening. Dette er eit ledd i å sikre stabil drift og driftssystem, og forenkle ein del kundeprosessar.

I samband med dette har vi bytta «hosting» leverandør. Du som kunde kan difor oppleve å måtte logge inn på nytt i ToppTrening-appen. Om du får beskjed om «Server lost» eller appen ikkje fungerer slik som normalt må du restarte appen, og opne den på nytt.

Vi vil oppmode alle som nyttar ToppTrening – appen om å sørge for at automatiske oppdateringar er slått på, slik alle funksjonar er operative til ei kvar tid. Det er også lurt å stenge appen heilt, eller avslutte den, for å restarte og hente siste informasjon.

Har du spørsmål? Send e-post til post@topptrening.no eller ring oss på tlf 700 69433 i resepsjonstida.

____________________________________

15.des. kl 22:03 – Oppdatering om inngangsfunksjonen i appen ToppTrening. Vi har fått tilbakemeldingar frå enkelte kundar om at ToppTrening appen ikkje har fungert i ettermiddag. Dette gjeld Huawei og Samsung – telefonar. Problemet er meldt inn til vår systemleverandør BRP Systems, med høg prioritet. Vi oppdaterer saka når vi veit meir.

16.des kl 07:29 – Problemet vedvarer for Android-telefonar. Send epost til post@topptrening.no om det gjeld booking/avbooking av gruppetimar, så kan vi ordne dette for den enkelte. Vi håpar at problemet er ordna iløpet av dagen!

Vidare oppdateringar i eigen post!

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.