Smittesporing

Vi har vore i kontakt med smittesporingsteamet, v/kommuneoverlegen, i Ørsta kommune. Ein person som har trena på ToppTrening er stadfesta smitta med Covid-19. Alle som var å trena i det aktuelle tidsrommet har fått SMS.

Låg terskel

Vi ber alle som har vore på ToppTrening i det aktuelle tidsrommet om å ha svært låg terskel for å teste seg. Teststasjonen i Ørsta er open alle kvardagar. Sjekk Ørsta kommune sine heimesider for meir informasjon om testing og smittesporing.

Aktuelt tidsrom

Det aktuelle tidsrommet er:

  • Fredag 20.august kl 22:55. Alle som var på ToppTrening, som sjekka inn inntil to timar før og etter den registrert smitta var innom, har mottatt SMS.
  • Søndag 22.august kl 21:12. Alle som var innom ToppTrening, som sjekka inn inntil to timar før og etter den registrert smitta var innom, har mottatt SMS.

Personen har ikkje deltatt på gruppetimar, men oppholdt seg i styrkeavdelinga.

Reinhald

Det aktuelle område den smitta var innom er reingjort. ToppTrening har gode reinhaldsrutiner, både hos tilsette og hos kundar. ToppTrening vil fortsette å halde ope mde gjeldande smittevernsrutiner.

Smittevern

Ei påminning om godt smittevern:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Vask hendene før, under og etter trening
  • Hald avstand
  • Vask utstyr etter bruk