Smittevern per 7.des 2021

Smittevernstiltak på ToppTrening – oppdaterte råd og reglar etter pressekonferansen tysdag 7.desember 2021

I perioda 9. desember til 5. januar vert nivået på smitteverntiltak på treningssenter i heile Noreg heva til gult nivå. På ToppTrening betyr det dette:

Registrering/inngang

  • Du skal registrere deg i adgangskontrollen ved ytterdøra eller ved «Registrering» når du kjem til senteret
  • Ein skal aldri sleppe inn personar utan medlemskap når senteret ikkje har open resepsjon
  • Drop – in/gjestetrening er kun tilgjengelig i opningstida for resepsjonen

Gruppetimar

Gruppetimar i gruppesalen:

  • 16 deltakarar – alle skal stå på kvite merker i salen. Her er det lagt opp til 2 meter avstand. (Blå merker er til instruktøren)
  • Gruppetimar med høg intensitet; minst 2 meter avstand mellom kvar person.

Sykkelsalen

  • Syklane vert sett opp med minst 2 meter avstand. La syklane stå på tilviste plassar, ikkje flytt på syklane. Tal på ledige syklar på gruppetimane står opplyst i ToppTrening-appen.
  • Viftene i sykkelsalen skal ikkje nyttast

Trening i styrkeavdelinga

  • Hald minimum 1 meter avstand til kvarandre, også dei som er i same husstand
  • Det er skilleveggar mellom kondisjonsutstyret, så desse kan nyttast som normalt
  • Dersom det er ledige flasker på bordet ved inngangen til styrkeavdelinga, så har vi ledig kapasitet
  • VIKTIG: Vask flaska du godt før du setter ho tilbake på bordet. Dersom det ikkje er ledige flasker må du vente til andre er ferdige å trene

Vidareføring av andre generelle råd

  • Hald deg heime om du er sjuk eller har symptom på forkjøling.
  • Vask hendene før og etter trening
  • Bruk handduk på apparata og vask av etter deg. Hugs knottar og alt du tek på
  • Hald avstand
  • Unngå bruk av garderobar – Garderobane er opne, men vi oppmodar til minimalt bruk

Viktige lenker: