Oppdatert 15.10.2020

Dette er smittevernreglane som gjeld for ToppTrening. Vi bed at du som medlem sett deg godt inn i retningslinjene, og spør oss om noko er usikkert. Reglane er basert på godkjendt smittervernrettleiar frå Virke.

  1. Er du sjuk, eller har symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime.
  2. Du skal alltid registrere deg før du går inn i lokalet. Bruk nøkkelkort eller ToppTrening-appen!
  3. Vask hendene ofte.
    • Vask hendene når du kjem på ToppTrening, og når du er ferdig.
    • Desinfeksjon er tilgjengeleg i heile lokalet.
    • Vi rådar til ikkje å nytte treningshanskar, slik at handvask er lettare å utføre.
    • Vi rådar til vask/desinfeksjon av mobilen og drikkeflaska før/etter trening
  4. God hostehygiene.
    • Host eller nys i olbogen eller i eit papir. Kast papiret.
    • Vask hendene.
  5. Bruk handduk på matter og apparat.
  6. Vask etter deg – alltid.
    • Bruk klut og sprayflaske. Kluten kan brukast gjennom heile treningsøkta.
    •  Vask alt utstyr du brukar.
  7. Hald 1 meter avstand til kvarandre, 2 meter ved høg intensitet.
    • Vis omsyn, hald avstand.
    • Unngå trengsel.
  8. Garderobane er opne. Hald éin meter avstand til andre. Vi oppmodar til å kome ferdig skifta i treningskle.
    • Bytt til reine innesko ved resepsjonen.
    • Toaletta er tilgjengelege – hugs god handhygiene.
    • Treningsbagen din skal alltid ligge i garderoba eller i bilen!

Reinhald

Som vi nemner i smittevernreglane skal alle ha handduk, og alle skal vaske apparat og utstyr etter bruk.

ToppTrening har alltid hatt stort fokus på reinhald, men har intensivert reinhaldet. Vi vaskar lokala og utstyret dagleg. Kontaktpunkt vert vaska hyppig i løpet av dagen. Småutstyret med harde overflater er tilgjengeleg i gruppesalane og kan vaskast og hengast på plass etter bruk. Alt utstyr med «mjuke» overflater må hentast i resepsjonen, samt leverast tilbake i kasse merka «urein».

Det er montert fleire papirdispensarar og automatiske såpedispensarar, samt at handdesinfeksjon er i lokala.

På sprayflaskene er det antibakteriell såpe. Personalet vaskar med virusdrepande såpe.


Smittevern

10.06.2020

  1. Er du sjuk, eller har symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime.
  2. Vask hendene ofte.
    • Vask hendene når du kjem på ToppTrening, og når du er ferdig.
    • Desinfeksjon er tilgjengeleg i heile lokalet
    • Vi rådar til ikkje å nytte treningshanskar, slik at handvask er lettare å utføre
    • Vi rådar til vask/desinfeksjon av mobilen og drikkeflaska før/etter trening
  3. God hostehygiene.
    • Host eller nys i olbogen eller i eit papir. Kast papiret.
    • Vask hendene
  4. Bruk handduk på matter og apparat.
  5. Vask etter deg – alltid.
    • Spray på eit papir, og tørk av kontaktflater og skjerm.
    • Vask også manualar, småutstyr og matter
  6. Hald 1 meter avstand til kvarandre, 2 meter ved høg intensitet
    • Vis omsyn, hald avstand
    • Unngå trengsel
  7. Garderobane er opne. Maks 2 i herre og 3 i damegarderoba i gongen. Vi oppmodar likevel til å kome ferdig skifta i treningskle
    • Bytt til reine innesko ved resepsjonen
    • Toaletta er tilgjengelege – hugs god handhygiene

Dette er smittevernreglane som gjeld for ToppTrening. Vi bed at du som medlem setter deg godt inn i retningslinjene, og spør oss om noko er usikkert. Reglane er baserte på den førebelse «smittevernveilederen for treningsvirksomheter.» Denne er pr. 10.juni 2020 ikkje endelig godkjent av helsedirektoratet. Dersom det kjem store endringar til den endelige utgåva, vil vi oppdatere våre reglar og informere om dette.

Opningstider

Grunna kontroll og oversikt mtp smittesporing skal treningssenteret vere bemanna i opningstida. Det betyr at vi skal ha personell tilstades i heile opningstida. For at det skal vere mogleg å gjennomføre økonomisk, må vi reduserere opningstidene for ei periode. Merk at endringar kan skje på kort varsel, både utvida og reduserte opningstider. Dette er avhengig av fleire faktorar som m.a. sjukdom, etterspørsel og økonomi.

Dette er opningstidene frå 15.juni 2020 og gjeld for veke 25 (15.-21.juni). Opningstider for veke 26 og vidare, kjem uti veka.

Måndag08 – 21
Tysdag08 – 20
Onsdag08 – 21
Torsdag08 – 20
Fredag08 – 18
Laurdag/søndag (nøkkelkort)0530 – 2300

Hugs å registrere kortet ditt (kort eller app) når du kjem på trening – dette er viktig for god smittesporing, og er eit krav. Har du ikkje med nøkkelkortet ditt eller appen, må du melde ifrå til studioverten, slik at besøket vert registrert.

Du må booke plass på gruppetimar. Talet på plassar er redusert for å ivareta smittevernet. Vi vil fortsette med livesendingar, samt utetreningar i størst mogleg grad.

Du treng ikkje å booke plass for å trene i styrkeavdelinga. Det skal vere trygt å trene hos oss, og vi oppmodar alle til å halde 1 til 2 meter avstand. Studiovertane er tilstades og vil halde orden, du kan også spørre etter informasjon hos oss.

Reinhald

Som vi nemner i smittevernreglane skal alle ha handduk, og alle skal vaske apparat og utstyr etter bruk.

ToppTrening har alltid hatt stort fokus på reinhald, men har intensivert reinhaldet. Vi vaskar lokala og utstyret dagleg. Kontaktpunkt vert vaska hyppig iløpet av dagen. For å kunne ha god oversikt, er ein del små-utstyr fjerna, og du må kontakte studioverten for å låne utstyret.

Det er montert fleire papirdispensarar og automatiske såpedispensarar, samt at handdesinfeksjon er tilgjengelig i lokala.

På sprayflaskene er det antibakteriell såpe. Personalet vaskar med virusdrepande såpe.

Første treningsøkt

Det kan for enkelte vere lenge sidan siste treningsøkta, og ein ivrar etter å kome i gang igjen! Bruk dei første to – tre øktene på å kome igang igjen; reduser treningstida og belastninga i høve det du gjorde sist du var på ToppTrening. Då gir du deg sjølv ein betre, meir motiverande og forebyggande start på ein innhaldsrik treningssommar!

Vi gledar oss enormt til å sjå deg igjen!

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.