Er du gravid, eller har baby (inntil 1.år) er du velkomen til denne gruppa.

Vi tilpassar nivået til kvar enkelt, men treninga passar best for deg som likar å trene saman med andre.

Oppstart tysdag 1.september kl 1100 – 1155.

Eit døme på ein gruppetime kan sjå slik ut:

Felles oppvarming med enkle trinn til musikk og bruk av step-kasse. Deretter intervallbasert trening med fokus på generell styrketrening og kondisjonstrening. Styrkeøktene vert avslutta med mage-/rygg og bekkenbunnsøvingar. Kvar deltakar arbeider på sin plass/stasjon.

Vi legg opp til at barnet kan vere ein aktiv del av timen, men vi har størst fokus på at mor får bevege seg. Du kan ta med bilstol eller vognbag inn i gruppesalen, eller barnet kan ligge på matter på golvet under timen.



Gratis for deg som er medlem, men krev påmelding.
Ikkje medlem? Vi har pakkepris og drop in!

Påmelding til post@topptrening.no

Ta kontakt om du har spørsmål!

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.