Studiolappen for 10.klassingar
Tysdag 1.september startar eit nytt kurs for 10.klassingar!
Vil du starte å trene hos oss i haust, må du gå dette kurset.
Her kjem viktig informasjon:
- Alle som deltek må ha gyldig kontrakt før kursstart!
- Kurset er inkludert i medlemskapet!
- Neste kurs er i slutten av januar 2021
Påmelding til post@topptrening.no
Du kan velge mellom 2 typar kontrakter:
- Student – avtalegiro utan bindingstid: ein løpande avtale som vert fornya kvar månad heilt til den vert sagt opp. Betalaren av avtalen må vere over 18 år. Denne avtalen må opprettast i resepsjonen. Du må altså ha med ein av dine føresette når du opprettar avtalen i resepsjonen.
- Ungdomskort 4 mnd eller 12mnd: Her betalar ein for heile treningsperioda på førehand. Det er ikkje automatisk fornying, og ein treng heller ikkje å seie opp medlemskapet. Medlemskapet er gyldig frå kjøpsdatoen og 4 eller 12 månadar fram i tid. Dette medlemskapet kan kjøpast online via app/nettside. Vi anbefalar dette medlemskapet!
Kurset er lagt opp slik:
- Tysdag 1. september kl 1515 – 1700: Introduksjon og informasjon samt praktisk trening – ta med treningskle.
- Tysdag 8.sept kl 1515 – 1700: Løfteteknikk i baseøvingar.
- Tysdag 15.sept kl 1515 – 1700: Ernæring og trening, samt basistrening.
Kurset inneheld også eit E-læringskurs i regi av AntiDoping Norge (Rent senter)
Har du spørsmål, så ta kontakt med oss!
Lesernes kommentarer