Tysdag 3.september startar eit nytt kurs for 10.klassingar som skal starte å trene på ToppTrening no i haust. Er du ein av dei som ynskjer å delta? Her kjem viktig informasjon:

  • Alle som deltek på kurset må ha gyldig kontrakt før kursstart!
  • Ynskjer du å trene på ToppTrening i haust, og startar i 10.klasse, må du gå kurset som startar 3.september for å kunne trene hos oss i haust
  • Neste kurs er i slutten av januar 2020
  • Kurset er inkludert i medlemskapet!
  • Påmelding kan sendast til post@topptrening.no

Du kan velge mellom 2 typar kontrakter:

  • Student – avtalegiro utan bindingstid: ein løpande avtale som vert fornya kvar månad heilt til den vert sagt opp. Betalaren av avtalen må vere over 18 år. Denne avtalen må opprettast i resepsjonen. Du må altså ha med ein av dine føresette når du opprettar avtalen i resepsjonen.
  • Ungdomskort 4 mnd eller 12mnd: Her betalar ein for heile treningsperioda på førehand. Det er ikkje automatisk fornying, og ein treng heller ikkje å seie opp medlemskapet. Medlemskapet er gyldig frå kjøpsdatoen og 4 eller 12 månadar fram i tid. Dette medlemskapet kan kjøpast online via app/nettside. Vi anbefalar dette medlemskapet!

Kurset er lagt opp slik:

  • Tysdag 3. september kl 1515 – 1700: Introduksjon og informasjon samt praktisk trening – ta med treningskle
  • Tysdag 10.sept kl 1515 – 1700: Løfteteknikk i baseøvingar
  • Tysdag 17.sept kl 1515 – 1700: Ernæring og trening, samt basistrening

Kurset inneheld også eit E-læringskurs i regi av AntiDoping Norge (Rent senter)

Noko meir du lurer på! Kontakt oss!

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.