Trygg trening på ToppTrening!

Oppdatert informasjon om gjeldande smittevernsreglar ved ToppTrening. Dette innlegget bygger vidare på innlegget som du finner her «Klikk her»

Forskrift og lovverket

Jamfør Covid-19 forskrifta paragraf 14, er det krav om smittevernsforsvarlig drift for å halde ope. Dette betyr krav om 1 meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at vi har gode rutiner for hygiene, reinhald og lufting. ToppTrening nyttar bransjestandarden for smittervernforsvarlig drift som rettleiiar for våre interne rutiner.

Gruppetimar

I perioden 15.des – 12.januar er det ikkje gruppetimar innandørs i regi av ToppTrening.

MyWellness – Video

Som medlem har du tilgang til appen «MyWellness». I denne appen finner du over 100 økter med instruktør, og innan ulike type treningsøkter, som du kan bruke.

Vi har også økter med eigne instruktørar, og du kan trene saman med både Trude og Ragnhild.

Sjekk ut «Video» øktene i appen

I appen kan du velge ulike treningsøkter, med ulik varighet, intensitet og type trening.

Eit strålande alternativ til heimetrening!

LIVE – timar

Vi har moglegheit til å køyre virtuelle gruppetimar, der du kan delta på timar via telefon/nettbrett/tv, med våre instruktørar. Vi setter opp ein eigen timeplan på dette. Følg med i MyWellness-appen og sosiale media!

Oppmoding

Vi er heilt avhengige av at alle medlemmar følger dei enkle råda, og hjelper oss ved å følge informasjonen på oppslaga på ToppTrening.

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald minst 1 meter avstand – 2 meter ved høg intensitet
  • Vaske hendene ofte
  • Vask og rydd etter deg