Vi lanserer personleg trening UTE i påvente av at ToppTrening kan opne dørene igjen. Du kan no trene ute saman med PT Guro, i grupper inntil 4 personar, eller åleine.

Som medlem får du lanseringstilbod med heile 30% rabatt!
Prisdøme: Er du i ei gruppe på 4 personar, og alle er medlem er prisen 246,- per time. Totalt 1230,- per person.

Er du ikkje medlem på ToppTrening?
Prisdøme: Er du i ei gruppe på 4 personar, og alle er medlem er prisen 360,- per time. Totalt 1800,- per person.
Ta kontakt for fleire prisar.

Er dette av interesse, så ta kontakt med guro@topptrening.no for pris, booking eller spørsmål!

Vi forheld oss til råd og retningslinjer som er gitt med tanke på smittevern, vi held difor god avstand.

Om Guro

Generell treningsbakgrunn:
Var tidlegare aktiv alpinist, og har spelt fotball på Ørsta damelag.
Trivast godt med styrketrening på treningssenter, og har dei siste åra også jobba som instruktør på ToppTrening.

Det å hjelpe andre til å oppnå meistring innan trening og fysisk aktivitet er noko Guro brenn for. Gjennom erfaringane som treningsrettleiiar har ho lært mykje om andre folk sine utfordringar og kor viktig det er å møte personar der dei er. Dette er noko ho tek med meg vidare både som menneske og personleg trenar.

Sidan 2017 har Guro jobba på ToppTrening som instruktør, resepsjonsansvarleg, treningsrettleiiar og no startar ho som personleg trenar.

Utdanning:
– Bachelor idrett ved Høgskulen i Volda
– Norsk Årsstudium ved Høgskulen i Volda
– PPU ved Høgskulen på Vestlandet

Kontakt direkte: guro@topptrening.no

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.