Vi har håp om å opne dørene til ToppTrening 15.juni! Dette er datoen vi har fått frå myndigheitene, og vi vonar å opne denne datoen, gitt at det ikkje er stor auke i smitte i befolkninga, og at bransjestandarden for opning er på plass.

Vi ventar nærmare beskjed og informasjon rundt 1.juni, og vi vil, så snart vi har all informasjon tilgjengelig, dele denne med deg.

No jobbar vi for å tilrettelegge ToppTrening utifrå utkastet til bransjestandarden, slik at du skal vere trygg når du kjem til oss. Det handlar om reinhaldsrutiner, opplæring av tilsette, avstand, hygienestasjonar og dokumentasjon på kontaktpunkt.

Medan ToppTrening har vore stengt, har vi jobba med å finne gode, alternative måtar å nå ut til kundane på. Vi har vore svært aktive med livesendingar på facebook, og etterkvart utetreningar. Vi er igang med eit stor prosjekt for å få utrente i form, personlig trening utandørs, og klargjering for opning igjen.

Lokala er vaska ned, noko gjenstår, og vi har jobba med eit betre digitalt tilbod. Det er tatt service på utstyret og nye syklar i sykkelsalen er på plass.

No gler vi oss til å sjå ansikta til alle vi har tenkt på og sakna i denne perioden, og vi håpar at du er klar for oppstarten 15.juni!

Her finn du meir informasjon om kva som har skjedd med medlemskapet ditt under stengeperioden.

Lesernes kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.