Godt nytt år kjære ToppTrening-medlem!

Vi håpar du er i gang med eit fysisk aktivt nytt år, og at du får nytta deg av ToppTrening sitt tilbod. I denne oppdateringa informerer vi om:

  • Smitteverntiltak
  • Opningstider
  • Gruppetimar og booking
  • Registrering

Smitteverntiltak

Virke har utarbeida ein smitterettleiar som gjeld for treningssenterbransjen. ToppTrening er medlem i Virke, og rettar oss etter denne. Dei viktigaste tiltaka som gjeld for deg som kunde, kan du lese i biletet under. Vil viser også til oppdatert informasjon etter pressekonferansen 3.januar. Dette kan du lese her

Opningstider

Treningstider, det vil seie kva tid du kjem deg inn med nøkkelkort/app, og kva tid treninga skal vere avslutta finn du alltid oppdatert her: https://topptrening.no/opningstider/

Vi har eit godt samarbeid med Fysio1, og dei har treningsgrupper kvar tysdag kl 14-15, og torsdag kl 15-16. Då kan det vere ein del ekstra personar i hovudetasjen. Skal du trene styrke i underetasjen, så går dette heilt fint. Om du har høve til å trene til andre tider enn nemnt ovanfor, set vi pris på det.

Elles ser vi at mange skal trene måndagar, og gjerne i tida mellom 9-12 og 15-19. Unngå gjerne desse tidene dersom du har høve til det. Dette mønsteret går igjen andre dagar, med flest innsjekkingar mellom kl 9-12, og 15 – 1930. Utanom desse tidene er det som oftast romsleg. NB! Dette er ikkje absolutte tal, og endringar kan skje. Kjem du på trening og det er fullt, bed vi deg ta att økta i eit anna tidsrom, eller vente litt til nokon går. Dette er sjeldan eit problem.

Gruppetimar og booking

Vi starta nyåret med litt forvirring rundt gruppetimar! Vi presiserer at vi har ope både for gruppetimar og eigentrening! Les alt om dette her

Bookingreglane for gruppetimar finn du her

Sørg for å lese dei, slik at du veit korleis systemet fungerer. Er du usikker, ta kontakt med oss, så forklarer vi gjerne. Ikkje meld deg på timar du ikkje har intensjon om å kome på, og meld deg av så snart du kan dersom du ser at du ikkje kan møte. Skulle skje noko alvorleg som gjer at du ikkje kan møte, og du ikkje har høve å melde deg av, må du sende epost til ToppTrening, eller ringe, for å varsle.

Vi sender ein del gruppetimar LIVE, via MyWellness-appen. Då kan du delta på gruppetimar, utan å vere på ToppTrening. Du kan trene trygt heime, men likevel saman med oss. Sjekk timeplanen for LIVE sendingar i MyWellnessappen!

Registrering

Eitt av dei viktigaste punkta i smitterettleiaren, er at vi har eit kundesystem som gjer at det er lett å registrere besøket sitt. Det er eit grunnleggande punkt for at vi kan halde ope, at du registrerer deg når du er på trening. Dette skal gjerast via kortlesaren ved den inste ytterdøra, altså rett etter du har tatt av deg ytterskona. Du kan bruke inngangsfunksjonen via ToppTrening – appen, eller registrere nøkkelkortet ditt. Har du gløymt kortet, eller mobilen, må du melde frå til studioverten slik at vi kan registrere besøket manuelt.

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.